Prop. 5 L (2010–2011)

Endringar i einingsregisterlova og føretaksregisterlova

Til innhaldsliste

6 Merknader til dei enkelte føresegnene

Til einingsregisterlova § 8 nytt første ledd:

Føresegna utvidar personkretsen som kan signere meldingar til Einingsregisteret til å gjelde styret og den med signaturrett. Endringa blir foreslått for å få betre samsvar med føretaksregisterlova og selskapsretten elles. Utvidinga gjeld både for elektroniske meldingar og for meldingar som blir sende inn på papir.

Til einingsregisterlova § 8 nytt sjuande ledd:

Føresegna inneheld ein generell heimel til å gjere unntak frå underskriftskrava i første ledd ved innsending av elektroniske meldingar. Føresegna utvidar dagens forskriftsheimel til å gjere unntak for alle elektroniske meldingar.

Til einingsregisterlova § 14 første ledd bokstav b:

Endringa inneber ei utviding av kven som skal vere meldepliktig, til å gjelde kvart enkelt styremedlem, i tråd med endringa i einingsregisterlova § 8 nytt første ledd. Endringa er grunngitt i at styremedlemmene har oversikt over sentral informasjon i verksemda, og at det vil bli større samsvar med meldeplikta etter føretaksregisterlova. Utvidinga gjeld både for elektroniske meldingar og for meldingar som blir sende inn på papir.

Til føretaksregisterlova § 4-3 andre ledd:

Føresegna inneheld ein generell heimel til å gjere unntak frå underskriftskrava i første ledd når ein sender inn elektroniske meldingar. Reglane for underskrift på elektroniske meldingar til Føretaksregisteret blir regulerte nærmare i forskrifta.