Prop. 6 L (2011–2012)

Endringar i lov om folkebibliotek

Til innhaldsliste

5 Departementets vurdering

Departementet legg til grunn at det er ønskjeleg med ei fagleg styrking og konsolidering av statlege bibliotekoppgåver. Departementet meiner at den beste løysinga for biblioteksektoren er at Nasjonalbiblioteket får ansvaret for dei fleste bibliotekoppgåvene som ABM-utvikling har hatt ansvaret for, med unnatak av arbeidet med konsortieavtalar m.m. Ei slik endring vil klargjere ansvar og roller på statleg nivå. Dei materielle sidene av forslaget er vurderte i Meld. St. 20 (2009-2010), som vart behandla i Stortinget 2. desember 2010.

Nasjonalbiblioteket har fått nye forvaltningsoppgåver av ein annan art enn den oppgåveporteføljen institusjonen til no har hatt ansvaret for. Nasjonalbiblioteket vil både ha eit utviklingsansvar og koordineringsansvar for heile sektoren. Etter at bibliotekoppgåvene vart overførte til Nasjonalbiblioteket 1. juli 2010, har det vore gjennomført ein prosess som har resultert i eit mandat som også omfattar dei nye funksjonane.

Departementet ønskjer ikkje å omtale i lovteksten kva for institusjon som skal ta hand om statlege bibliotekoppgåver. Dette gir større fleksibilitet. Det er heller ikkje lenger vanleg at statlege, rådgjevande organ for departementa har heimel i lov.

Departementet kjem i denne samanhengen ikkje nærmare inn på dei tilliggjande problemstillingane som vart reiste i ein del høyringsfråsegner frå instansar på universitets- og høgskulesektoren, jf. pkt. 3.