Prop. 93 S (2011–2012)

Pansra køyrety til Hæren

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

I det grunnleggjande konseptet for Hæren er det lagt vekt på mekanisert infanteri. Avdelingar i Hæren vert lettare utstyrt ved mellom anna å satse på nye stridskøyrety utrusta med moderne sensorar og IKT-løysingar. Med grunnlag i desse beskrivingane vart det etablert to prosjekt for å modernisere og byggje om dei eksisterande pansra stridskøyretya av typen CV-90, og å framskaffe ein moderne stridsoppklaringskapasitet til Hæren sine manøverbataljonar. Dei to prosjekta vart gjeve namna Middelstungt, einskapleg panserkøyrety og Pansra stridsoppklaringssystem.

Stortinget vart informert om framdrifta i desse prosjekta i mellom anna St.prp. nr. 70 (2008-2009) og Prop. 1 S (2010-2011). Eit sentralt moment var den tilnærma eineleverandørsituasjonen som Forsvaret står i, og at ein ut frå omsynet til Staten sine kommersielle interesser fyrst ville gjennomføre kontraktsforhandlingar, for deretter å leggje fram eit forslag til Stortinget om godkjenning av omfang og kostnadsramme etter at forhandlingane var avslutta.

Det er gjennomførd ekstern kvalitetssikring av prosjekta i tråd med Finansdepartementet sine retningsliner for store, statlege investeringar. Eitt av tiltaka som vart tilrådd frå ekstern kvalitetssikrar er å slå saman dei to prosjekta for å lette arbeidet med oppfylging og kontroll av investeringa. Forsvarsdepartementet har fylgt tilrådinga og difor slått saman dei to prosjekta til eitt.