Prop. 93 S (2011–2012)

Pansra køyrety til Hæren

Til innhaldsliste

3 Pansra køyrety til Hæren

3.1 Innleiing

Hæren utgjer den mobile delen av landforsvaret; organisert, utrusta og trena for å løyse oppgåver i Noreg, men òg for bidrag til internasjonale operasjonar. Ein skal streve etter å nytte Hæren sine avdelingar ute slik dei er organisert og utrusta heime.

Dei mekaniserte manøverbataljonane skal vidareutviklas og styrkjast, éin i Troms og éin i Østerdal garnison. Bataljonane skal løyse oppdrag aleine, som kjernen i ei bataljonsstridsgruppe satt opp med ressursar frå øvrige kommando- og kontrollavdelingar, taktiske støtte- og logistikkavdelingar i brigaden, eller som manøverbataljonar i ein brigadeoperasjon. Dei mekaniserte bataljonane er robuste og har god tilgjengelegheit for bruk i alle typar militære operasjonar, men er primært organisert og utrusta for høgintensive kampoperasjonar nasjonalt. Ved etablering av to likeverdige og tilgjengelege mekaniserte bataljonar dannar desse kjernen i kvar si bataljonsstridsgruppe. Ei slik vidareutvikling vil auke tilgjengelegheiten av Hæren og dermed auke Forsvaret si evne til å bidra med brigadekapasitetar.

For å kunne klare å vidareutvikle og styrkje dei mekaniserte manøverbataljonane som nemnd over, er mellom anna nytt og oppgradert materiell ein vesentleg føresetnad. Framskaffinga av dei pansra køyretya som denne proposisjonen gjeld bidreg difor betydeleg i dette, og utfyllar og kompletterar eksisterande manglar.

Med dei nye og oppgraderte CV-90-køyretya på plass vil Hæren vere enda betre utrusta til å løyse sine oppgåver.

3.2 Føremålet med prosjektet

Målsettinga med prosjektet er å fornye Hæren sine manøverbataljonar ved å tilføre auka kapasitetar og dekkje opp for eksisterande manglar av middelstunge panservogner og oppklaringskøyrety. Prosjektet skal difor framskaffe stormpanservogner og variantar av støttevogner til Hæren.

Vognene vert baserte på ein kombinasjon av nye CV-90-skrog, oppgraderte og ombygde CV-90-skrog (det vil seie dei eksisterande) og oppgraderte kanontårn. Vidare vert oppklaringskøyretya òg basert på pansra køyrety av typen CV-90, samt kjøp av ulike sensorar for innsamling av informasjon.

3.3 Nærare om prosjektet

Hæren sine eksisterande 103 stk. stormpanservogner av typen CV-90 vart kjøpt inn frå midten av 1990-talet. Vogntypen har gjennom fleire år vore ei driftssikker og effektiv vogn for Hæren, men er no moden for oppgradering, inkludert auka mine- og ballistisk vern, digitalisering og nettverksintegrering. Samstundes er det, mellom anna av logistikkmessige omsyn, eit behov for å standardisere eit einskapleg, middelstungt panserkøyrety som kan dekkje flest mogleg funksjonar for denne typen panserkøyrety i kamp- og støtterolla.

Prosjektet går ut på å gjenbruke og oppgradere eksisterande stormpanservogner, vidare å framskaffe stridsleiingspanservogner, stormingeniørpanservogner og ei multirollevogn. Prosjektet skal levere 74 stormpanservogner, 15 stridsleiingsvogner, 16 stormingeniørvogner og 16 multirollevogner. Multirollevognene kan fylle fleire funksjonar, til dømes som bombekastar- eller logistikkvogn.

Når det gjeld oppklaring har Hæren i dag ein avgrensa kapasitet for å drive taktisk og teknisk stridsoppklaring (aktivitetar for å skaffe informasjon om ein motstandar og lendet lokalt). Kavalerieskadronane i manøverbataljonane treng difor ein moderne stridsoppklaringskapasitet. Dette inneber køyrety med tilstrekkelig mine- og ballistisk vern, mobilitet og eldkraft. Eldkraft er viktig for også å kunne operere i kamprolla om det vert naudsynt.

Det er eit behov for å framskaffe 21 oppklaringskøyrety. Framskaffingane i denne delen av prosjektet vil verte gjennomførde med ombygging av pansra køyrety av typen CV-90. Det skal i tillegg framskaffast mellom anna små ubemanna luftfarty, fjernstyrde våpenstasjonar og kommunikasjonssystem.

3.4 Framskaffingsstrategi

Hovuddelen av prosjektet er ei levering av ombygde vogner av typen CV-90. Dette er vogner som opphavleg er levert – etter konkurranse – frå ein svensk leverandør (BAE Systems Hägglunds (BSH)). Det vart tidleg i planfasen av prosjektet klårt at det ville vere lite formålstenleg å gjennomføre prosjektet anna enn som ein direkte framskaffing frå BSH, då gjenbruk av eksisterande materiell vart vurdert som det mest økonomiske alternativet kontra framskaffing av heilt nytt materiell. Det vart avgjort at prosjektet fyrst skulle gjennomføre kontraktsforhandlingar med leverandøren, for deretter å leggje fram eit forslag til Stortinget om godkjenning av omfang og kostnadsramme.

Forhandlingane med BSH er no avslutta. Resultatet frå forhandlingane ligg til grunn for den føreslegne kostnadsramma.

Dei andre delane av materiellframskaffinga, til dømes luftfarkostar, kommunikasjonssystem, våpenstasjonar, sensorar mv. er planlagd gjennomførd med konkurranse mellom ulike leverandørar.

3.5 Gjenkjøp/industrisamarbeid

Hovuddelen av materiellet vil verte framskaffa frå utanlandske leverandørar. I tråd med Forsvarsdepartementet sine retningsliner for industrielt samarbeid ved kjøp frå utanlandske leverandørar er det òg for dette prosjektet kravd gjenkjøp/industrisamarbeid for 100 % av verdien av kontrakten.

For Forsvarsdepartementet har det vidare vore viktig at norsk industri har ein betydeleg rolle i prosjektet på dei områda der norsk industri har størst kompetanse og moglegheit for etterfølgjande eksport.

På område som sensorar, kommunikasjon-, kommando- og kontrollsystem er det planlagd at prosjektet sine leveransar i hovudsak skal bestå av materiell frå norske leverandørar.