Prop. 93 S (2011–2012)

Pansra køyrety til Hæren

Til innhaldsliste

6 Sak til informasjon

6.1 Etablering av Forsvaret sitt operative hovudkvarter på Reitan

Ved handsaminga av Innst. S nr. 318 (2007-2008), jf. St.prp. nr. 48 (2007-2008), vedtok Stortinget å leggje ned Forsvaret sitt fellesoperative hovudkvarter (FOHK) på Jåtta og Landsdelskommando Nord-Noreg (LDKN) på Reitan og etablere Forsvaret sitt operative hovudkvarter (FOH) på Reitan. I St.prp. nr. 48 (2007-2008) vart det gjort greie for dei økonomiske konsekvensane av tiltaket, inkludert det samla investeringsbehovet knytt til etableringa av FOH. Investeringsbehovet vart anslått til ca. 452 mill. 2008-kroner. Samlinga til eitt hovudkvarter på Reitan vart berekna til å gje ei årleg driftsmessig innsparing på ca. 91 mill. 2008-kroner. Tiltaket hadde ei berekna positiv noverdi på 526 mill. kroner i eit 20-årsperspektiv. Etter Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 370 (2008-2009), jf. St.prp. nr. 70 (2008-2009), vart investeringsbehovet auka til ca. 485 mill. 2009-kroner. FOH vart offisielt opna 21. august 2009.

Tiltaket omfattar etablering av kommandoplass, infrastruktur, forlegning for mannskap og befal, bustadar og anskaffing av inventar og kommando-, kontroll- og informasjonssystem. Etableringa av FOH er i all hovudsak ferdigstilt. Det står att enkelte mindre investeringar, men desse er ikkje avgjerande for verksemda ved FOH. Etableringa er venta gjennomført innanfor godkjent kostnadsramme, basert på investeringsbehovet som vart lagt til grunn for vedtaket, justert for årleg prisendring og tillegg for avsetting til usikkerheit. Når det gjeld driftsinnsparingane som følgjer av nedlegginga av FOHK og LDKN og opprettinga av FOH, er desse føresett å kome hovudsakeleg i 2013 og utover. Forsvaret sine rapporteringar indikerer at arbeidet med å oppnå desse innsparingane er i god rute.

I brev til Stortingets president av 14. september 2009 vart det informert om at det er fremja behov for å gjennomføre moglege framtidige sikringstiltak av anlegget på Reitan. Det er lagt til grunn at kostnader knytte til gjennomføring av sikringstiltak i stor grad også ville kome til dersom det hadde vorte vidareført ei løysing med delt verksemd mellom Jåtta og Reitan. Tiltaka vart i 2009 omtalt til å ha ei planramme på 129 mill. kroner. Forsvarsdepartementet har innanfor eigne fullmakter godkjent gjennomføring av dei høgast prioriterte sikringstiltaka av anlegget innanfor ei kostnadsramme på 83 mill. kroner.