Prop. 1 S (2019–2020)

FOR BUDSJETTÅRET 2020 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 2
Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla

Kap. 0001 Tilskot til Svalbard kyrkje

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70

Tilskot til Svalbard kyrkje

5 350

5 500

5 500

Sum kap. 0001

5 350

5 500

5 500

Den norske kyrkja er eit sjølvstendig rettssubjekt som Svalbard kyrkje er ein del av. Løyvinga til Svalbard kyrkje er eit øyremerkt tilskot som vert overført til Den norske kyrkja ved Kyrkjemøtet.

Kyrkja si særlege stilling på Svalbard, under dette kyrkja si rolle i den offentlege beredskapen, er mellom anna bakgrunnen for at løyvinga vert vidareført som ei særskild løyving over svalbardbudsjettet og ikkje inngår i rammetilskotet frå Barne- og familiedepartementet til Den norske kyrkja.

Forslag til løyving skal mellom anna dekke husleige for kyrkja, lønnsutgifter, vikarutgifter, varer og tenester som kyrkja står for i arbeidet sitt, drift av tenestebil, snøskuter og leige av helikopter.

Statsbygg har forvaltingsansvaret for kyrkjebygget. Drifts- og vedlikehaldsutgiftene for kyrkjebygget blir dekte på kap. 2445 Statsbygg. Ein viser elles til dei målformuleringane som er sette for løyvingane til Den norske kyrkja i Prop. 1 S (2019–2020) frå Barne- og familiedepartementet.

Kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

177 190

165 000

160 016

Sum kap. 0003

177 190

165 000

160 016

Lokalstyret får tilskot til drift via denne ramme løyvinga frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Lokalstyret har ansvar for forvaltinga av nærmare definerte saksområde innanfor Longyearbyen arealplanområde, jf. Svalbardlova § 33 og forskrift til svalbardmiljølova. Oppgåvene er på fleire felt tilsvarande dei oppgåvene ein kommune på fastlandet har. Lokalstyret har i tillegg eit lovpålagt ansvar for infrastruktur i Longyearbyen som ikkje er tillagt staten eller andre, dette gjeld mellom anna energiforsyning. Lokalstyret har derimot ingen oppgåver eller utgifter til eldreomsorg sidan Longyearbyen ikkje er eit livsløpssamfunn. Longyearbyen lokalstyre har heller ikkje ansvar for eller utgifter til andre helse- og omsorgstenester.

Lokalstyret er planmynde i Longyearbyen arealplanområde. Revidert arealplan blei vedteken av Longyearbyen lokalstyre 13. februar 2017.

Lokalstyret har ei generell beredskapsplikt, jf. sivilbeskyttelseslova §§ 14, 15 og 29 som gjeld på Svalbard jf. forskrift om sivilbeskyttelseslovens anvendelse på Svalbard og om beredskapsplikt for Longyearbyen lokalstyre. Formålet med ei generell beredskapsplikt er at kommunar, og lokalstyret, skal sjå arbeidet med tryggleik i samanheng og planleggje ut frå dette. Forskrifta pålegg lokalstyret sjølv å ta ansvar for eit systematisk, kontinuerleg og kvalitetsvist godt arbeid med samfunns tryggleik og beredskap, og vurdere behovet for eventuelle særskilte førebuingar.

Tilstanden ved kolkraftverket i Longyearbyen er prega av slitasje ved at kraftverket har vore i dagleg drift frå 1983. Lokalstyret melder om høge utgifter til vedlikehald for kraftverket framover, og utfordringar med å skaffe reservedelar.

Reservekraftanlegget skal hjelpe til med å forsyna Longyearbyen med elektrisitet ved feil eller utfall i kolkraftverket. I samband med utfall av spisslaststasjonen ved kraftverket har det vore nødvendig å køyre reservekraftanlegget som spisslast. Med spisslast meiner ein at toppane i bruken av elektrisitet som ikkje blir dekt av kraftverket, blir dekt inn med straum frå reservekraftanlegget. Som ein konsekvens av større behov for spisslast har reservekraftanlegget gått langt meir enn ein har venta. Forsyningstryggleiken for energi i Longyearbyen er ikkje tilfredsstillande, og det er nødvendig med større kapasitet for reservekraft innan kort tid. Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2018–2019) Svalbardbudsjettet å løyve 19 mill. kroner til Longyearbyen lokalstyre som statleg tilskot for delvis å finansiere bygginga av eit nytt reservekraftverk i Longyearbyen. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 11 S (2018–2019).

Det er estimert at kostnadene med å byggje eit nytt reservekraftverk i Longyearbyen vil vere på totalt 55,5 mill. kroner. Regjeringa legg opp til at staten finansierer halvparten av kostnadene til eit nytt reservekraftverk. Løyvinga blir foreslått redusert med 10,25 mill. kroner til 8,75 mill. kroner for å dekke delar av kostnadene for 2020.

I samband med Prop 85 S (2017–2018) om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet for 2018 vart det løyvd 53 mill. kroner til andre bustadtiltak i Longyearbyen. 27 mill. kroner av midlane blei plasserte på svalbardbudsjettet kap. 0003, jf. Prop. 28 S (2018–2019) tilskot til Longyearbyen lokalstyre. Midlane vart øyremerkte til å dekke Longyearbyen lokalstyre sine utgifter til infrastruktur i bustadfeltet Gruvedalen (20 mill. kroner) og til riving av bustader i bustadfeltet Lia (7 mill. kroner). Jf. omtale under kap. 0007 blei 26 mill. kroner av løyvinga til «andre bustad tiltak» overført frå 2018 til 2019. 6 mill. kroner av dei overførte midla er tildelt Longyearbyen lokalstyre, til riving av bustader i bustadfelt Lia.

Etter forskrift 5. april 2000 nr. 347 om overskotsutdeling frå Nordpolet AS, skal nettooverskotet frå sal av alkoholhaldig drikk frå Nordpolet overførast til Longyearbyen lokalstyre, som fordeler midlane til velferdsformål. Lokalstyret fordelte i 2018 overskotet for 2017 som utgjorde 7,2 mill. kroner. Longyearbyen lokalstyre rapporterer til Sysselmannen om bruken av midlane. Overskotet inngår ikkje som ein del av statsbudsjettet.

Kap. 0004 Tilskot til Svalbard museum

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70

Tilskot til Svalbard museum

12 520

12 900

13 312

Sum kap. 0004

12 520

12 900

13 312

Løyvinga skal gå til dekning av husleige og andre bygningsmessige kostnader for Svalbard museum i Svalbard forskingspark. I tillegg til denne løyvinga vert det òg tildelt midlar til Svalbard museum på Kulturdepartementets kap. 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket.

Kap. 0005 Sysselmannen (jf. kap. 3005)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

67 376

70 400

71 817

Sum kap. 0005

67 376

70 400

71 817

Sysselmannen på Svalbard hadde 44 tilsette ved utgangen av 2018. I instruks for Sysselmannen på Svalbard fastsett av Justis- og beredskapsdepartementet 9. april 2019, blei føresegnene om åremål endra. Ordinær åremålsperiode for både sjølve sysselmannsembetet og andre stillingar hos Sysselmannen er no tre år, med høve til å søke om å forlenge med tre år. Total åremålsperiode er maksimalt seks år.

Løyvinga på kap. 0005 Sysselmannen skal dekke utgifter til løn og drift av sysselmannskontoret, under dette husleige, utgifter til vedlikehald og fornying av utstyrsparken, mellom anna terrenggåande beltevogner, småbåtar, snøskuterar og utstyr for oljevernberedskap.

Sysselmannen disponerer store utstyrs- og transportressursar som nemnd over. Dette er nødvendig for å kontrollere og halde oppsyn med den store øygruppa. Saman med helikopter og skip er utstyrsparken òg nødvendig for redningsberedskapen på Svalbard.

Ved alvorlege hendingar må system for å halde oppe grunnleggjande funksjonsevne i samfunnet vere solid. Det er vidare viktig å vere godt øvd og førebudd på å handtere situasjonar som kan oppstå. Å styrkje samhandlinga i beredskap og krisehandtering er eit viktig verkemiddel for å redusere sårbarheita i samfunnet. Øvingar er sentralt i dette arbeidet.

Sysselmannen samverkar med alle aktørane på ulike nivå og på ulike arenaer gjennom møteverksemd, samarbeid i enkeltsaker, føredrag, trening og øvingar og behandling av hendingar. I 2018 koordinerte lokal redningssentral (LRS Svalbard) 49 redningsoppdrag mot 78 i 2017. I 2018 var det m.a. store redningsoperasjonar knytt til ein hurtigbåt som kolliderte med kaia i Barentsburg i juli, og då eit fiskefartøy gjekk på grunn ved Hinlopen i desember. Auke i tilreisande turistar og auka aktivitet i havområda rundt Svalbard har tidlegare medverka til auke i talet på redningsoppdrag. No ser ein mellom anna auka fiskeriaktivitet i område som ligg lenger nord, jf. tabell under. Ein må vente at talet på redningsaksjonar kan stige igjen i framtida.

Figur 6.1 Fiskefartøy – seglingar i farvatna ved Svalbard, nord av 79º

Figur 6.1 Fiskefartøy – seglingar i farvatna ved Svalbard, nord av 79º

Kjelde:  Kystverket/Fiskeridirektoratet

Sjå elles pkt. 1.3.1 for utfyllande informasjon om Sysselmannen.

Kap. 3005 Sysselmannen (jf. kap. 0005)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Diverse inntekter

1 160

300

500

02

Refusjonar m.v.

4 138

3 000

3 000

16

Refusjon av foreldrepengar

0

0

0

18

Refusjon av sjukepengar

0

0

0

Sum kap. 3005

5 299

3 300

3 500

Kapitlet korresponderer med kap. 0005 Sysselmannen. Inntektene på post 01 omfattar bøter, gebyr, inndragingar og inntekter ved auksjonar, sal av isbjørnskinn og reinsdyrkjøt. Bøter blir kravde inn av Statens Innkrevjingssentral og inntektsførte under Sysselmannen. Sysselmannen tek imot diverse refusjonar og får midlar stilte til disposisjon ved posteringsfullmakter. Meirinntekta på post 02 Refusjonar i 2018 skuldast i hovudsak at kostnader i samanheng med helikopter ulukka ved Heerodden 2017 er belasta ordninga for søk etter truleg omkommen, administrert av Nordland politidistrikt i 2018.

Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0005 post 01 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3005, post 02, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

207 408

205 000

214 100

Sum kap. 0006

207 408

205 000

214 100

Kapitlet dekkar stasjonering og drift av to tenestehelikopter, utgifter til leige og drift av tenestefartøy og kjøp og drift av køyretøy (bandvogn, bilar, snøskuterar mv.) til vakt, beredskap og redning. Avstandane på Svalbard er store. Det er ikkje vegsamband eller offentlege kommunikasjonsmiddel for intern transport mellom samfunna og elles på øygruppa. For å kunne utøve det oppsynet som er nødvendig for å handheve norsk suverenitet, er Sysselmannen heilt avhengig av både helikopter og skip. Desse transportmidla og bandvogn, bilar og snøskuterar er òg nødvendige for ei effektiv politi- og redningsteneste, og for ambulanse- og sjuketransport, også utanfor Svalbard sitt territorialfarvatn. Transportmidla blir dessutan nytta til naturoppsyn og førebyggjande arbeid mot miljøkriminalitet. Utan desse ressursane vil det ikkje vere mogleg å føre eit effektivt tilsyn med verneområde, kulturminne, jakt, ferdsel og turisme òg i dei fjerne delane av øygruppa.

Tenestefartøyet til Sysselmannen, M/S «Polarsyssel» er ein sentral ressurs i rednings- og beredskapssamanheng mellom anna ved fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp, personskadar m.v. I tillegg er det heilt avgjerande i dei årlege inspeksjonane av Svalbard og generelt i Sysselmannens utøving av mynde på Svalbard. M/S «Polarsyssel» har helikopterdekk som er stort nok for Sysselmannens helikopter. Det er særs viktig at helikopter og fartøy kan samverke på ein god måte.

Sysselmannen disponerer to Super Puma-helikopter med avansert utstyr. Helikoptra blir nytta til søk og redning på Svalbard og i nærliggjande område. Kvart helikopter kan plukke opp inntil 18 personar i naud innanfor ein radius på 120 nautiske mil. Utrykkingstida er to timar. Sysselmannen har utløyst opsjonen på leige av helikoptra for ytterlegare to år. I sommarhalvåret opererer òg Lufttransport AS og andre helikopter for ulike oppdragsgivarar på Svalbard.

Sysselmannen utførde 715 politioppdrag i 2018, og var til stades i felt med «Polarsyssel», eigne patruljar med småbåt og snøskuter og fire feltlag sette saman av personell med politifagleg og naturfagleg bakgrunn. Eit av feltlaga har hatt vinterteneste med snøskuter, og dei tre andre har vore baserte på båt om sommaren. Sommarsesongen 2018 kontrollerte Sysselmannen 152 kommersielle båtar og 33 private båtar, med eit totalt passasjertal på om lag 6 900. I vintersesongen blei det kontrollert 774 snøskuterførarar i 113 organiserte skuterfølgje og 159 personar i 26 skigrupper/ekspedisjonar.

Auka aktivitet, i farvatna rundt Svalbard og i nordområda generelt, har følgjer for sjøtryggleiken på Svalbard. Det var ein nedgang i talet på redningsoppdrag koordinert av LRS Svalbard frå 2017 til 2018. Auken i turismen, fiskeria og generelt meir aktivitet i farvatna rundt Svalbard inneber likevel at risikoen for ulykker og andre hendingar aukar. Ein må vente at talet på redningsaksjoner kan stige.

Figur 6.2 Fiskefartøy – seglingar i farvatna ved Svalbard

Figur 6.2 Fiskefartøy – seglingar i farvatna ved Svalbard

Kjelde:  Kystverket/Fiskeridirektoratet

Vekst i cruisetrafikken og annan skipstrafikk gir større behov for inspeksjon, redningsberedskap og oppsyn. I 2018 hadde «Polarsyssel» 210 aktive seglingsdøgn samanlikna med 204 i 2017.

I samband med revidert nasjonalbudsjett 2018 (Prop. 114 S (2018–2019) om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet) vart perioden Sysselmannen disponerer fartøyet utvida frå ni til ti månader i 2019. Løyvinga på posten blei auka med 6 mill. kroner.

Forlengd seglingsesong har styrkt kapasiteten til Sysselmannen til å drive myndeutøving på øygruppa og medverka til ytterlegare styrking av beredskapen.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga på posten med 5 mill. kroner. Auken skal gå til å gjere utvidinga av seglingssesongen frå ni til ti månader i året permanent.

Kap. 3006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 0006)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Leigeinntekter

0

0

0

02

Refusjonar

661

0

0

Sum kap. 3006

661

0

0

Kapitlet korresponderer med kap. 0006 og viser venta inntekter og refusjonar ved utleige av dei transportmidla Sysselmannen disponerer. Etter avtale med leverandørar av transporttenester skal Sysselmannen ha inntektene/refusjonane dersom desse transportmidla vert nytta av andre.

For å skilje mellom inntekter og refusjonar er det ein post 01 Leigeinntekter og ein post 02 Refusjonar på kap. 3006. Inntektene er frå utleige til privat verksemd, mens refusjonar gjeld utleige til andre statlege institusjonar. Det er foreslått å budsjettere med 0 i inntekter på post 01 Leigeinntekter. Det er vidare foreslått å løyve 0 kroner på post 02 Refusjonar, då desse varierer frå år til år og det er vanskeleg å gi eit presist overslag. Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0006, post 01 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3006, post 02, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0007 Tilfeldige utgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

30

Skred- og bustadtiltak, kan overførast

0

45 000

61 150

70

Diverse tilskot

1 046

1 100

1 100

Sum kap. 0007

1 046

46 100

62 250

Løyvinga på post 70 skal mellom anna nyttast til kjøp av tenester frå Telenor for å sikre teletenester på Svalbard.

I samband med revidert nasjonalbudsjett 2018 vart løyvinga på kap. 480 post 50 Tilskot auka med 53 mill. kroner. 26 mill. kroner av løyvinga blei plassert på svalbardbudsjettets kap. 0007 post 30 Skred- og bustadtiltak. Heile løyvinga blei overført til 2019. I 2019 er 20 mill. kroner av løyvinga brukt til å kjøpe ut private bustadeigarar i bustadfeltet Gruvedalen. 6 mill. kroner blei overførte til Longyearbyen lokalstyre i 2019 for å rive bustader i bustadfeltet Gruvedalen, jf. omtale i kap. 0003. Midlane til utkjøp og rivning vil bli rekneskapsførte for 2019.

I svalbardbudsjettet for 2019 vart det løyvd 45 mill. kroner til sikringstiltak i Longyearbyen over kap. 0007, post 30 Skred- og bustadtiltak. Arbeidet med skredsikring inneber m.a. prosjektering og grunnundersøkingar. Nye klimaframskrivingar medfører utfordringar innan geoteknikk, fundamentering og bygging av fysiske tiltak i område med permafrost. NVE får gjennomført supplerande grunnundersøkingar og temperaturmålingar for å kunne ta endeleg stilling til prosjektet. Framdrifta er førebels vurdert å bli forseinka med eitt år samanlikna med opphaveleg plan. Det ligg an til at arbeidet med Sukkertoppen held fram og vert avslutta i 2021. Det ligg òg an til at delar av løyvinga for 2019 ikkje vil bli brukt opp. Regjeringa vil kome tilbake til dette i samband med ny saldering av budsjettet for 2019.

På grunn av ovannemnde forseinking blei løyvinga på kap. 0007, post 30 gitt stikkordet «kan overførast» i samband med revidert nasjonalbudsjett 2019.

Regjeringa foreslår å løyve 61,2 mill. kroner til skredtiltak i Longyearbyen i 2020 på kap. 0007 post 30. Løyvinga vil kunne nyttast av NVE gjennom ei belastningsfullmakt. Regjeringa foreslår òg for 2020 å gi kap. 0007, post 30 stikkordet «kan overførast».

Kap. 0009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

2 437

2 100

2 142

Sum kap. 0009

2 437

2 100

2 142

Løyvinga går til utgiftene Sysselmannen har til konkrete kulturminnetiltak. Midlane skal nyttast til oppfølging av Kulturminneplan for Svalbard 2013–2023, under dette arkeologiske registreringar og undersøkingar i felt, og registreringar, bygningsvedlikehald, avdekking av nedbrytingsmekanismar for å utvikle metodar for istandsetjing og vedlikehald og haldningsskapande informasjonsarbeid, mellom anna gjennom ein serie med informasjonshefte.

Løn til tilsette hos Sysselmannen på kulturminnefeltet blir løyvd på kap. 0005 på Svalbardbudsjettet.

Kap. 3009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 0009)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Diverse inntekter

500

0

0

Sum kap. 3009

500

0

0

Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0009 post 01 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3009, post 01, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0011 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

1 894

1 900

1 938

Sum kap. 0011

1 894

1 900

1 938

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard er underlagd Nærings- og fiskeridepartementet. Direktoratet har eige kontor, ei bergmeisterstilling og ei stilling tilknytt Svalbard. For 2020 vil direktoratet prioritere saksbehandling og tilsyn. Direktoratet vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne vare på.

Kap. 0017 Norsk Polarinstitutt – refusjon

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

50

Refusjon

3 600

3 700

3 811

Sum kap. 0017

3 600

3 700

3 811

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i arktiske strøk. Norsk Polar institutt er fagleg rådgivar for den sentrale forvaltninga, miljødirektorata og Sysselmannen i polarspørsmål og har permanent nærvær i Longyearbyen og Ny-Ålesund.

Refusjonen til Norsk Polarinstitutt over svalbardbudsjettet skal gi delvis dekning for oppgåver instituttet utfører på Svalbard for andre enn miljøforvaltinga. Dette omfattar topografisk kartlegging, forvaltningsrådgiving overfor Sysselmannen og miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Sjå elles Klima- og miljødepartementet sitt kap. 1471 for hovudløyvinga til Norsk Polarinstitutt.

Noreg sitt nye isgåande forskingsfartøy «Kronprins Haakon» vart overteke frå verftet og sett i operativ drift i 2018. Eigarskapen til båten skal overførast til Norsk Polarinstitutt. Hav forskingsinstituttet skal ha ansvar for den daglege drifta. Fartøyet vil ha heimehamn i Tromsø. Finansiering og bruk av fartøyet er fordelt mellom Universitetet i Tromsø, Norsk Polarinstitutt og Havforskingsinstituttet. Fartøyet har isbrytarklasse og skal dekke både eksisterande og nye behov for nærvær, overvaking og datainnsamling i islagde og opne farvatn til alle årstider.

Kap. 0018 Navigasjonsinnretningar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Drift og vedlikehald

6 500

5 640

5 752

30

Nyanlegg og større vedlikehald, aerolykter og maritime fyr

0

560

858

Sum kap. 0018

6 500

6 200

6 610

Kystverket held ved like og gjer nødvendige utskiftingar av navigasjonsinnretningar i farvatna ved Svalbard. Innretningane er etablerte for sjøtrafikk.

Løyvinga dekker m.a. utgifter til løn, maskiner og helikopter i samband med vedlikehald og utskift ingar av navigasjonsinnretningar i farvatna ved Svalbard. Innretningane er etablerte for sjøtrafikk. Norsk Polarinstitutt utfører tenesta på oppdrag frå Kystverket, og gjennomføringa skjer i kombinasjon med instituttet si ekspedisjonsverksemd på Svalbard så langt det er praktisk mogeleg.

Løyvinga er foreslått auka med 0,4 mill. kroner med bakgrunn i auka trafikk og ønskje om lyssetting av objekt på utpeikte posisjonar.

Kap. 0019 Meteorologisk institutt – husleige Bjørnøya og Hopen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

7 504

7 700

7 455

Sum kap. 0019

7 504

7 700

7 455

Løyvinga dekker Meteorologisk institutt sine utgifter til husleige for bygningane på Bjørnøya og Hopen. Driftskostnadene utanom husleige for dei meteorologiske stasjonane er frå 1. januar 2018 finansierte over budsjettet til Klima- og miljødepartementet kap. 1412, post 50.

Kap. 0020 Statsbygg Svalbard (jf. kap. 3020)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

2 131

2 150

2 193

Sum kap. 0020

2 131

2 150

2 193

Statsbygg Svalbard har m.a. ansvar for forvalting av ein bustadpool i Longyearbyen som leiger ut bustader til offentlege tilsette. I tillegg har Statsbygg Svalbard ansvar for ei rekkje bygg og utbyggingar på Svalbard.

Statsbygg er underlagd Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Statsbygg har eit eige kontor på Svalbard, som blir finansiert over svalbardbudsjettet. Løyvinga skal dekke lønns- og driftsmidlar for Statsbygg sitt kontor i Longyearbyen.

Oversikt over utgifter og inntekter som gjeld bygg og bustader på Svalbard, går fram av vedlegg 1 og 2.

Kap. 0022 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 3022)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Driftsutgifter

3 965

5 037

5 189

Sum kap. 0022

3 965

5 037

5 189

Skattekontoret Svalbard har ansvar for å fastsetje skatt etter svalbardskattelova, administrere register over befolkninga på Svalbard, refundere til fastbuande innbetalt avgift til Svalbards miljøvernfond, og rekne ut kolavgift.

Det gjeld særskilte skattereglar for Svalbard. Skatteetaten, som er underlagd Finansdepartementet, har eit eige skattekontor på Svalbard. Drifta av skattekontoret er finansiert over Svalbardbudsjettet.

Svalbardbudsjettet skal dekke lønns- og driftsmidlar for skattekontoret i Longyearbyen. Budsjettløyvinga skal òg dekke utgifter til skatteklagenemnda for Svalbard, og utgifter til fagleg og administrativ bistand og oppfølging frå Skatteetaten. Mål- og resultatstyring av skattekontoret skjer innanfor det som til ei kvar tid er fastsett for skattemyndigheitene.

Auken frå 2018 til 2019 skuldast den nye stillinga som vart tildelt kontoret for å sikre gode tenester og resultat i saksbehandlinga, mellom anna å gjere skattekontoret i betre stand til å oppdatere folkeregisteret.

Kap. 3022 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 0022)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

01

Diverse inntekter

310

330

330

Sum kap. 3022

310

330

330

Skattekontoret på Svalbard har ei avtale med Sysselmannen på Svalbard om å administrere refusjonar av miljøavgift på flybillettar frå Svalbard miljøvernfond. Inntekta er avtalt refusjon frå Svalbards miljøvernfond for arbeidet skattekontoret utfører med rekneskapen for fondet. Det er foreslått at Finansdepartementet i 2020 kan overskride løyvinga på kap. 0022, post 01, mot tilsvarande inntekter ut over vedteke budsjett på kap. 3022, post 01.

Kap. 3030 Skattar og avgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70

Skattar m.m.

172 623

167 800

175 000

71

Utførselsavgift

153

700

700

72

Utmålsgebyr, årsavgift

995

1 073

995

Sum kap. 3030

173 771

169 573

176 695

Post 70 Skattar m.m.

Post 70 gir eit anslag over forventa skatteinntekter frå Svalbard for 2020. Anslaget er basert på innbetalte skattar i skatterekneskapen for 2018 og forventa fastsetting for inntektsåret 2019.

Prognosen for 2020 er på om lag same nivå som dei to siste åra, så langt det ikkje skjer vesentlege endringar knytte til større enkelthendingar.

Post 71 Utførselsavgift

Utførselsavgift blir kravd inn i medhald av lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kol, jordoljer og andre mineral og bergarter som blir førte ut frå Svalbard. Inntektene frå utførselsavgifta er avhengig av utskipa kvantum kol og kolprisen på verdsmarknaden. Det har vore store endringar i produksjonsvolum dei seinare åra. I åra etter 2017 ser det no ut til at produksjonen har stabilisert seg og er venta å liggje på om lag same nivå i åra som kjem. Kolprisen kan samstundes endre seg fort, og anslaga er usikre.

Av ulike grunnar er ikkje heile utførselsavgifta innbetalt i 2018, slik at delar av fastsett avgift er innbetalt i 2019.

Post 72 Utmålsgebyr, årsavgift

Utmål er eit avgrensa område der innehavaren av utmålet for ein gitt periode har einerett til å utnytte geologiske ressursar. Inntekta under denne posten kjem frå avgift ved krav om og vidare føring av utmål som er nedfelte i Bergverksordninga. Årsavgifta for å vidareføre eit utmål er 6 000 kroner. For utmål i freda område er avgifta 1 500 kroner i året pr. utmål.

I 2018 blei det ikkje tildelt nye utmål. Ved inngangen til 2019 var det 370 gyldige utmål på Svalbard, av desse er 209 avgiftspliktige. 14 utmål tildelt i 2017 blei endelege i mai 2018.

Kap. 3035 Tilskot frå statsbudsjettet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

70

Tilskot

340 829

360 484

375 808

Sum kap. 3035

340 829

360 484

375 808

Inntektskapitlet svarer til tilskotet som er foreslått løyvd på Justis- og beredskapsdepartementets budsjett kap. 480 svalbardbudsjettet post 50 Tilskot. Løyvinga skal dekke underskotet på svalbardbudsjettet.

Til forsida