Prop. 101 S (2021–2022)

Revidert finansieringsopplegg for Askøypakken i Vestland

Til innhaldsliste

Forslag
til vedtak om revidert finansieringsopplegg for Askøypakken i Vestland

  1. Stortinget sluttar seg til delvis bompengefinansiering av Askøypakken i Vestland.

  2. Stortinget samtykker til at bompengeselskap Ferde AS får løyve til å krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av Askøypakken. Vilkåra for finansieringa går fram av denne proposisjonen.

  3. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskap Ferde AS om delfinansiering av Askøypakken. Avtalen gir bompengeselskapet rett til å krevje inn bompengar innanfor dei vilkåra denne proposisjonen set.