Prop. 101 S (2021–2022)

Revidert finansieringsopplegg for Askøypakken i Vestland

Til innhaldsliste

5 Finansieringsopplegg

Finansieringa av Askøypakken for perioden 2014–2028 var basert på fylkeskommunale midlar og bompengar innanfor ei økonomisk ramme på totalt 1 330 mill. 2013-kr. Av dette var bompengebidraget føresett å utgjere 1 120 mill. kr.

Det er til saman nytta 990 mill. 2022-kr til investeringar ved utgangen av 2021. Fylkeskommunen har bidratt med 338 mill. kr inkl. kompensasjon for meirverdiavgift (mva.), og bompengebidraget er til no 652 mill. kr.

Det står att 1 013 mill. 2022-kr, der 805 mill. kr er bompengebidrag og 208 mill. kr er fylkeskommunale midlar inkl. mva-kompensasjon. Av desse er 85 mill. kr reine fylkeskommunale midlar.

I det reviderte finansieringsopplegget for Askøypakken er det lagt til grunn etablering av ein ny bomstasjon frå 2023 og forlenging av den samla bompengeinnkrevjinga i fem år til 2033. Det er berekna at det vil gi eit bompengebidrag på 489 mill. kr. Det er også lagt til grunn ytterlegare om lag 159 mill. kr i mva-kompensasjon. Saman med midlane som står att frå tidlegare gir dette ei total ramme til vegprosjekt i perioden 2022–2033 på 1 661 mill. 2022-kr. Av dette utgjer bompengebidraget 1 294 mill. kr.

Tabell 5.1 viser prosjekta som inngår i forlenga Askøypakke og kostnader for fullføring i perioden 2022–2028. Det er gjort ei oppdatering av kostnadsanslaga sommaren 2021 for dei resterande prosjekta i pakken. Prosjekta er i prioritert rekkjefølgje. I tråd med Prop. 197 S (2012–2013) skal fylkeskommunen sin eigendel i utgangspunktet vere øyremerkt finansiering av kollektivtiltak. Difor inngår ikkje kollektivtiltak i prioriteringsrekkjefølgja.

Finansieringsplanen for forlenga Askøypakke for perioden 2022–2033 er vist i tabell 5.2.

Terskelverdien for å gjennomføre ekstern kvalitetssikring (KS2) av bompengepakkar og enkelttiltak er 1 mrd. kr. Forlenginga av Askøypakken inneber innkrevjing i ytterlegare fem år og etablering av ein ny bomstasjon. Saman med auka tilbakeføring av mva-kompensasjon vil desse endringane gi eit bidrag til finansieringsplanen på om lag 648 mill. kr. Alle prosjekta har også kostnadsanslag under terskelverdien. Det er derfor ikkje gjennomført KS2.

Tabell 5.1 Utbyggingskostnader for forlenga Askøypakke i perioden 2022–2028 i mill. 2022-kr

Prioritet

Prosjekt

2022

2023

2024

2025

2026

2027

2028

2022–2028

Prosjekt som er starta opp

Fv. 563 Strømsnes–Hop

3

3

Fv. 5248 Skiftesvik–Marikoven

78

53

131

Fv. 562 Lavik–Haugland

105

150

139

94

488

Prosjekt som ikkje er starta opp

1

Fv. 5246 Slettebrekka–Hetlevik

43

107

107

51

308

2

Fv. 562 Fromreide–Kjerrgarden

32

75

86

61

60

314

3

Fv. 562 Fauskanger

11

21

53

47

132

Ramme til kollektivtiltak

5

11

21

80

86

53

28

284

Tilrettelegge for bomstasjon

1

1

Sum

191

258

299

367

244

167

135

1 661

Tabell 5.2 Finansieringsplan for forlenga Askøypakke i mill. 2022-kr

Fylkeskommunale midlar

85

Kompensasjon for meirverdiavgift

282

Bompengebidrag

1 294

Sum

1 661