Prop. 101 S (2021–2022)

Revidert finansieringsopplegg for Askøypakken i Vestland

Til innhaldsliste

6 Bompengeopplegg

Det vert lagt opp til ei vidareføring av dagens bompengeinnkrevjing i dei fire eksisterande bomstasjonane. Vidare er det lagt opp til så snart som mogleg å sette opp ein femte bomstasjon på fv. 216 på Kleppevegen ved rundkøyringa ved Vatnavatnet ved Kleppestø, og stenge den kommunale vegen Skarholmvegen for gjennomkøyring i retning Kleppestø, jf. figur 2.1.

Det reviderte bompengeopplegget vil gje ei jamnare fordeling av bompengebyrden på Askøy, sidan bompengefrie moglegheiter til å køyre frå Askøy vest til kommunesentrumet Kleppestø fell vekk. Med dette vil befolkninga på Askøy vest måtte passere ein bomstasjon for å køyre til kommunesentrumet, slik befolkninga i andre delar av Askøy må i dag. Fleire av dei påbegynte og planlagde prosjekta i Askøypakken er på Askøy vest. Forlenga Askøypakke vil betre ivareta nytteprinsippet om at dei som har nytte av prosjekta skal vere med å betale, og at dei som betalar, skal ha nytte av prosjekta.

Det var per 31. desember 2021 ingen opparbeida gjeld for bompengeprosjektet Askøypakken. Det er lagt til grunn dagens andel nullutsleppskøyretøy på 29 pst. Med desse føresetnadene og at alle prosjekta skal verte realiserte innan 2028, viser berekningane at innkrevjinga må forlengast ut 2033 med ein gjennomsnittstakst (gjennomsnittleg inntekt per passering) på 14,86 kr i 2022-prisnivå. Dette er førebels rekna å gi følgjande grunntakstar i 2022-prisnivå:

  • Takstgruppe 1: 34 kr

  • Takstgruppe 2: 68 kr

Samanlikna med dagens takstnivå utgjer dette ein auke på 4 kr for takstgruppe 1 og 18 kr for takstgruppe 2. Gjennomsnittstakst er no 12,72 kr.

Det er lagt til grunn at køyretøy i takstgruppe 2 (køyretøy med tillate totalvekt over 3 500 kg med unntak av køyretøy i køyretøygruppe M1) skal betale det dobbelte av taksten for køyretøy i takstgruppe 1 (køyretøy med tillate totalvekt til og med 3 500 kg og køyretøy i køyretøygruppe M1) i alle fem bomstasjonane.

Det er vidare lagt til grunn 20 pst. rabatt for køyretøy i takstgruppe 1 med gyldig avtale og elektronisk brikke. Køyretøy i takstgruppe 2 får ikkje rabatt. I tråd med gjeldande nasjonalt regelverk er det lagt til grunn at nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 skal betale 50 pst. av taksten for konvensjonelle køyretøy etter brikkerabatt, medan nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 2 får 100 pst. rabatt.

Det er lagt til grunn at dagens rabattordningar blir vidareført. Dette gjeld timesregel, og eit passeringstak på 30 passeringar per kalendermånad for køyretøy både i takstgruppe 1 og 2. Fritaksordningane følgjer til kvar tid gjeldande takstretningslinjer.

Andre føresetnader for bompengeopplegget

I tråd med rutinar for handtering av uvisse i bompengeproposisjonar, jf. Prop. 1 S (2016–2017), kan ein styre takstane i bompengepakkar etter vedteken gjennomsnittstakst. Det bidrar til å sikre inntektene i pakken. Det skal leggjast fram sak for garantist for tilslutnad av slike justeringar, før bompengeselskapet søkjer takstmyndigheit om takstvedtak. Elles skal gjennomsnittstakst justerast i samsvar med prisutviklinga.

Følgjande basisføresetnader er elles lagt til grunn for bompengeopplegget:

  • Lånerente: 5,5 pst. frå 2022 og dei første 10 åra, og deretter 6,5 pst.

  • Innskotsrente: 1,5 pst. frå 2022 og dei første 10 åra, deretter 2,5 pst.

  • Årlege innkrevjingskostnader: 8 mill. 2022-kr, totalt 95 mill. kr over 12 år.

  • Årleg prisstigning: 2,0 pst.

Basert på føresetnadene er brutto bompengeinntekter i perioden 2022–2033 rekna til om lag 1 522 mill. 2022-kr. Det er lagt til grunn at 1 294 mill. kr vil gå til veginvesteringar, medrekna 1 mill. kr til tilrettelegging av ny bomstasjon. Vidare er det rekna at det vil tilkomme bompengeselskapet 133 mill. kr i finansieringskostnader knytt til lånegjeld og 95 mill. kr i driftskostnader, medrekna 1,9 mill. kr til etablering av bompengeselskapets vegkantutstyr.

Ny bomstasjon og stenging av veg står for 151 mill. kr av bompengeinntektene. Etablering og drift av denne bomstasjonen er separat rekna til 7 mill. kr. Nettobidraget frå ny bomstasjon og stenging av veg er dermed 144 mill. kr.