Prop. 101 S (2021–2022)

Revidert finansieringsopplegg for Askøypakken i Vestland

Til innhaldsliste

9 Samferdselsdepartementet si vurdering

Samferdselsdepartementet viser til at Askøypakken har bidrege til ein vesentleg betre vegstandard, med betre framkome og trafikktryggleik på Askøy. Samtidig står det att fleire prosjekt som ikkje lar seg finansiere innanfor den opphavlege økonomiske ramma for pakken.

Det er lokalpolitisk semje om endringar i bompengeopplegget med etablering av ein femte bomstasjon og forlenga innkrevjing i fem år frå 2028. Vestland fylkeskommune har vedteke å stille garanti for bompengelånet. Samferdselsdepartementet gir difor tilslutnad til føreslått bompengeopplegg med innkrevjing ut året 2033 for å fullføre prosjekta i pakken, og meiner som lokale styresmakter at nytteprinsippet blir betre vareteke med ein ny bomstasjon.

Samferdselsdepartementet fastsette nye retningslinjer for bompengefinansierte bypakkar i 2019 og 2020, der det mellom anna er lagt til grunn at det ikkje lenger vil vere aktuelt å leggje fram reviderte pakkar for Stortinget utelukkande for å dekkje inn kostnadsauke i enkeltprosjekt eller inntektssvikt som følgje av lågare trafikk. Når departementet no likevel legg fram forslag om revidert finansieringsopplegg for Askøypakken, er det lagt avgjerande vekt på at det blei fatta lokale vedtak om forlenging før dei nye retningslinjene kom, og at desse føringane derfor ikkje skal ha tilbakeverkande kraft.

I retningslinjene er det også stilt krav om 20 pst. eigendel for investeringar i fylkeskommunale og kommunale prosjekt som ikkje har vore lagt fram for Stortinget som ein del av bypakkar tidligare. Revideringa av Askøypakken er ikkje omfatta av dette kravet sidan prosjektporteføljen er den same som i Prop. 197 S (2012–2013).

Samferdselsdepartementet legg til grunn at dei lokale styresmaktene følgjer retningslinjene for bompengefinansierte bypakkar i den vidare styringa av Askøypakken. Dette inneber at prosjekta skal gjennomførast innanfor den fastsette økonomiske ramma. Ein eventuell kostnadsauke og/eller inntektssvikt i bompengepakken skal handterast gjennom porteføljestyring, og ikkje gjennom auka takstar og/eller forlenga innkrevjingsperiode. Takstane kan justerast slik at gjennomsnittstaksten blir oppretthalden.

Utlegga til garantisten kan følgjeleg ikkje dekkast gjennom ein auke i gjennomsnittstaksten eller ei forlenging av bompengeperioden. Departementet understrekar difor at det vil vere behov for ei stram styring av porteføljen for å unngå at den fylkeskommunale garantien blir utløyst.

Samferdselsdepartementet viser til at prosjekta som ikkje er starta opp, framgår i prioritert rekkjefølgje, og legg til grunn at dersom kostnadene blir høgare eller inntektene lågare enn føresett, vil eit eller fleire av prosjekta ikkje bli bygd og/eller bli skalert ned. Om alle prosjekta vert finansierte før utløpet av bompengeperioden, vil innkrevjinga bli avslutta.

Departementet føreset at garantien blir godkjend av Kommunal- og distriktsdepartementet.