Prop. 102 L (2022–2023)

Endringar i postloven (heimel for innhenting av opplysningar som er omfatta av teieplikt i Folkeregisteret)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Den foreslåtte endringa kjem som følge av at leveringspliktig tilbydar av posttenester etter postloven har behov for informasjon frå Folkeregisteret om klientadresser i den lovpålagte drifta av eit adresseregister. Ei klientadresse er ei adresse som røper eit klientforhold som må reknast som personleg, og opplysningar om slike adresser er omfatta av teieplikt.

Forslaget har ikkje vore på høyring. Etter departementet si vurdering får etableringa av lovheimelen berre verknad for Posten Norge AS (Posten), som er utpeika som leveringspliktig tilbydar, og for Skatteetaten. For personar som har klientadresser, har departementet vurdert det slik at endringa er til fordel for dei, då det sikrar at deira adresser vert skjerma i Posten sitt adresseregister i tråd med teieplikta i postloven. Høyring må difor kunne reknast som «åpenbart unødvendig» i denne saka, jf. utgreiingsinstruksen punkt 3-3 andre ledd, tredje strekpunkt.