Prop. 102 L (2022–2023)

Endringar i postloven (heimel for innhenting av opplysningar som er omfatta av teieplikt i Folkeregisteret)

Til innhaldsliste

6 Merknad til lovforslaget

Til postloven § 37 a

Forslaget til ny § 37 a i postloven opnar for at opplysningar som er «nødvendige» for utføring av lovpålagte oppgåver Posten har som leveringspliktig tilbydar, kan innhentast frå Folkeregisteret utan hinder av teieplikt. Kravet om at opplysningane må vere «nødvendige» for utføring av lovpålagte oppgåver, medfører at den leveringspliktige tilbydaren ikkje har heimel til å innhente opplysningar utover dette behovet.

Eit døme på «nødvendige» opplysningar er opplysningar om personar si registrerte adresse i Folkeregisteret som røper klientforhold. Desse opplysningane er det naudsynt for den leveringspliktige tilbydaren å kunne innhente frå Folkeregsiteret for å sikre at teieplikta etter postloven vert overhalde.