Prop. 102 L (2022–2023)

Endringar i postloven (heimel for innhenting av opplysningar som er omfatta av teieplikt i Folkeregisteret)

Til innhaldsliste

4 Endringar i postlova

4.1 Behovet for etablering av lovheimel

Ei klientadresse røper som nemnt eit klientforhold som må reknast som personleg. Eit døme på eit slikt klientforhold er at personen er busett på institusjon (til dømes fengselsinstitusjon eller psykiatrisk institusjon). Adressene er då omfatta av teieplikt etter folkeregisterloven § 9-1.

Som leveringspliktig tilbydar av posttenester, pliktar Posten å drifte eit adresseregister i samsvar med postloven § 37 første ledd. Samstundes pliktar Posten å tilby tilgang til adresseendringar for andre registrerte tilbydarar av posttenester, jf. § 37 andre ledd, utan at dette bryt med teieplikta etter § 30.

Posten driftar adresseregisteret sitt blant anna ved at privatpersonar og bedrifter melder flytting eller etablering av nye postadresser direkte til Posten. Posten har difor ikkje behov for å ta imot bustadadresser frå Skatteetaten i samband med drifta av adresseregisteret. Posten er derimot avhengig av informasjon frå Skatteetaten om at ein folkeregistrert person har ei adresse som er omfatta av teieplikt i Folkeregisteret. Dette skal sikre at adresser som fell under teieplikta ikkje vert distribuert vidare frå Posten gjennom den pålagte drifta av adresseregisteret.

Dette kan løysast ved at Posten får opplysningar frå Skatteetaten om at ein folkeregistrert person har ei adresse som er omfatta av teieplikt. Ved hjelp av denne opplysinga kan Posten identifisere og unnlate å dele informasjon om denne adressa frå adresseregisteret.

Skatteetaten har ansvaret for utlevering av opplysningar frå Folkeregisteret. Utlevering av opplysningar som er omfatta av teieplikt, krev heimel i lov, jf. folkeregisterloven § 10-2 første ledd. Slike heimlar må følgje av regelverket som gjeld for dei ulike saksområda.

Posten får ikkje sjølve klientadressene frå Folkeregisteret, men dei får informasjon om at ein person har ei klientadresse. Opplysningane Posten får frå Folkeregisteret gir ikkje informasjon om kvar ein person har ei klientadresse og kva klientforhold personen har, men gjer det mogleg for Posten å skjerme denne personen si adresse i adresseregisteret sitt. At ei adresse er registrert som ei klientadresse i Folkeregisteret, røper samstundes indirekte «et klientforhold eller andre forhold som gjør at opplysningene må anses personlige», jf. folkeregisterloven § 9-1 andre ledd første punktum. Slike opplysningar er dermed omfatta av teieplikt, og dei blir berre delt gjennom Skatteetaten si delingsteneste til verksemder som har heimel i lov til å innhente folkeregisteropplysningar utan hinder av teieplikt.

For at Posten, som leveringspliktig tilbydar av posttenester, skal kunne få opplysningar frå Folkeregisteret om at ein folkeregistrert person har ei klientadresse, må det difor liggje føre ein heimel for dette i postloven.

4.2 Departementet si vurdering

Departementet har i dialog med Finansdepartementet, som forvaltar folkeregisterloven, kome til at det må etablerast ein heimel i postloven som gir den leveringspliktige tilbydaren av posttenester heimel til å innhente opplysningar om klientadresser i samband med drifta av adresseregisteret.

Etter at ny folkeregisterlov vart sett i verk 1. oktober 2017, har tilsvarande lovheimlar for innhenting av opplysningar som er omfatta av teieplikt i Folkeregisteret, vorte etablert i mellom anna politiloven § 29 a, domstolloven § 63 b og i vegtrafikkloven 43 c. Forslaget departementet legg fram har tilnærma tilsvarande ordlyd som desse heimlane. Departementet meiner denne ordlyden dekkjer det ein ønskjer å oppnå med lovheimelen.