Prop. 105 L (2014–2015)

Endringar i lov om stadnamn (om høvet grunneigarar har til å fastsetje skrivemåte av bruksnamn m.m.)

Til innhaldsliste

3 Lov om stadnamn

3.1 Formålsparagrafen

3.1.1 Gjeldande rett

Stadnamnlova § 1 første ledd lyder:

«Formålet med denne lova er å ta vare på stadnamn som kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk og tenleg, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna.»

Formålsparagrafen skal gje uttrykk for intensjonen og verkeområdet til lova. Han skal også formidle til brukarane kva det skal leggjast vekt på i saksbehandlinga. Det står i merknadene til stadnamnlova § 1 at det ikkje er

«ei bestemt skriftform som er avgjerande for verdien som kulturminne, eller at denne byggjer på ein bestemt uttale, men at det språkhistoriske, kulturhistoriske og busetjingshistoriske aspektet ved mange av dei, særleg dei eldre, som kastar lys over tidlegare tiders liv og virke, kjem fram […] Den skriftforma namna får, skal ikkje skyggje for meiningsinnhaldet, og i dei fleste tilfella er stadnamna samansette av vanlege ord sjølv om uttalen varierer.»

I forarbeida til paragrafen, Ot.prp. nr. 42 (2004–2005), står det at det er lagt vekt på kulturminneaspektet, det praktiske formålet og aktiv bruk av namna i utforminga av paragrafen.

Det som synest å vere den sterkaste drivkrafta bak konfliktar om skrivemåten av gards- og bruksnamn, er at grunneigarar knyter ein personleg identitet til éin spesiell skrivemåte. Denne skrivemåten av gardsnamnet eller bruksnamnet har ofte, men ikkje alltid, funksjon som etternamn. I ein analyse av klagesaker som gjeld gards- og bruksnamn, kjem det fram at ein del grunneigarar oppfattar skrivemåten av etternamnet som det «eigentlege» namnet1. Språkhistorisk sett er det omvendt. Etternamnet har kome til seinare enn gardsnamnet eller bruksnamnet, ikkje før. Etternamna kan i tillegg ha ein forvanska skrivemåte som bryt med norsk rettskriving og dekkjer over tydinga av ordet eller orda som dannar namnet.

Det er den språklege tydinga av namnet som først og fremst har kulturminneverdi. Skrivemåten er eit verkemiddel som blant anna skal få fram kva namnet tyder.

3.1.2 Høyringsnotatet

Departementet føreslo i høyringsnotatet at formålsparagrafen i hovudsak blir vidareført, men at formidlinga av meiningsinnhaldet som vernetiltak blir gjort eksplisitt i paragrafen:

«Ordet «tenleg» blir bytt ut med leddsetninga «som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet»

Ordlyden i § 1 første ledd vart etter lovframlegget:

«Formålet med denne lova er å ta vare på stadnamn som kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna.»

Det er allereie med i særmerknadene2 til stadnamnlova § 1 at hovudformålet med offisiell normering er at «skrivemåten namna får, ikkje skal skyggje for meiningsinnhaldet», og departementet føreslo å ta dette inn i lovteksten og ta ut ordet «tenleg». Det går ikkje fram av forarbeida til paragrafen kva adjektivet «tenleg» tilfører, anna enn at det understrekar at skrivemåten skal vere «praktisk og tenleg». Departementet føreslo å byte ut ordet «tenleg» med leddsetninga «og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet».

3.1.3 Synspunkta i høyringsrunden

Få høyringsinstansar hadde meiningar om framlegget til endring i formålsparagrafen. Av dei som har uttalt seg, er det Norsk namnelag som er tydelegast imot: «Vi går i mot ei endring av paragrafen avdi dette er ei for snever avgrensing av kva eit nedervd stadnamn er.» Norsk namnelag er samd i at meiningsinnhaldet i stadnamna er viktig ut frå eit kulturvernomsyn, men meiner at departementet snevrar verdien til namna inn når det står i høyringsnotatet at «[d]et er den språklege tydinga av namnet som først og fremst har kulturminneverdi». Namnelaget seier at «[d]et som fyrst og fremst har kulturminneverdi er den nedervde uttala. I praksis vil det seie den skriftforma som ligg nærast nedervd uttale.»

Riksmålsforbundet er også avventande til framlegget, men av andre grunnar. Dei går inn for å fjerne «tenleg» i tråd med forslaget, men minner om at meiningsinnhaldet ikkje sjeldan er utilgjengeleg for folk, uansett skrivemåte: «Det kan være at to former det står strid om, sier omtrent like lite, jf. saken om Hveem/Hveim/Kveim/Kvem o.l. fra 2008. Dette gjelder sikkert mange navn hvis meningsbærende del eller grunnlag ikke lenger finnes i språket, eller hvor det kan være flere plausible tolkninger». Riksmålsforbundet meiner også at folk «er nok interessert i betydningen av et vel innarbeidet navn, men neppe så intenst som navneforskerne. Vi antar at de fleste vil sette det praktiske foran det historisk-filologiske». Riksmålsforbundet går ikkje imot formuleringa «som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet», men føreslår å endre teksten til å framheve det praktiske framfor det språkhistoriske elementet. Framlegget er å setje inn «først og fremst» før «praktisk» og deretter halde fram setninga som i framlegget frå departementet.

Riksantikvaren er blant dei som støttar framlegget til endring av formålsparagraf. Han framhevar den kulturhistoriske verdien av namna og verdien namnegransking har som hjelpedisiplin for arkeologi. Riksantikvaren «er svært medviten om at stadnamn er viktige kulturminne på linje med dei fysiske kulturminna og kulturlandskapet dei er del av, og at det opphavlege meiningsinnhaldet (dvs. etymologi) er ei viktig historisk kjelde som mange har stor interesse for, og som har mykje å seie for det daglege arbeidet til kulturminneforvaltinga, ikkje berre for registerføring men òg til dømes for arkeologisk registrering av kulturminne i marka». Riksantikvaren ser det difor som viktig at formuleringa «som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet» blir teke inn i § 1 første leddet staden for «tenleg».

Fagmiljøet, t.d. Kartverket og Stadnamntenestafor Austlandet og Agderfylka støttar i hovudsak framlegget, men ønskjer at det kjem klarare fram at det ikkje berre er det språkhistoriske innhaldet i eit namn som er verneverdig, men også sjølve forma namnet har i nedervd lokal uttale. Stadnamntenesta for Austlandet og Agderfylka føreslår t.d. ei tekstleg endring i første punktum i § 1: «Formålet med denne lova er å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne […]». Kartverket skriv at «det språklege ved stadnamna også er eit viktig kulturaspekt. […] vi må ha i mente at ein i norsk namnegransking – og i dei ulike regelverka for normering – gjennom historia har brukt den nedervde lokale uttalen som normeringsgrunnlag.» Fagmiljøet peikar på, som Riksmålsforbundet, at ikkje alle namn gjev meining for dei fleste, verken i nedervd uttale eller i ulike skrivemåtar av namnet. Kartverket ber om det blir presisert i merknadene til lova at vektlegginga av meiningsinnhaldet i formålsparagrafen ikkje betyr at ein i saksbehandlinga skal tilbakestille namn, t.d. å endre Kragerø til Kråkerøy for å få fram meiningsinnhaldet.

Summen av vurderingane frå høyringsinstansane er at framhevinga av at skrivemåten av eit stadnamn ikkje skal skyggje for meiningsinnhaldet, ikkje må bety det same som at eit nedervd stadnamn skal ha ein skrivemåte som gjer namnet forståeleg. Mange av høyringsinstansane stør likevel framlegget om at framhevinga av meiningsinnhaldet skal inn i formålsparagrafen, dersom det blir presisert at det språklege uttrykket i seg sjølv er verneverdig.

3.1.4 Departementets vurdering

Departementet meiner at lovteksten i dag ikkje formidlar godt nok kva det er ved stadnamn som er verneverdig, og dermed kva formålet med lova er. Dette fører også til at verkemiddelet for vern, nemleg vedtak om skrivemåte, ikkje blir forstått som eit tiltak for vern. Departementet meiner det derfor er viktig å styrkje formålsteksten på ein måte som legitimerer og forklarar kva vernetiltaket, offisiell normering, skal medverke til.

I høyringsnotatet skreiv departementet at «[f]ramlegget til endring i formålsteksten er ei direkte legitimering av offisiell normering som vernetiltak». Ettersom ingen av høyringsinstansane har innvendt noko mot dette, legg departementet til grunn at verkemiddelet i lova, offisiell normering, har stor oppslutnad. Dette er også indirekte ei anerkjenning av den språkhistoriske og namnefaglege kompetansen som skal til for å vurdere skrivemåte av eit stadnamn.

Likevel ser det ut til at omtalen av framlegget til ny formulering av formålsparagrafen ikkje har vore presis nok. Vektlegginga i høyringsnotatet av at skrivemåten ikkje skal skyggje for meiningsinnhaldet, har vore kritisert i høyringsrunden. Departementet er samd med Norsk namnelag i at følgjande setning er misvisande: «Det er den språklege tydinga av namnet som først og fremst har kulturminneverdi». Stadnamn er først og fremst eit språkleg uttrykk. Departementet finn det uheldig at høyringsnotatet ikkje har presisert at det språklege uttrykket i seg sjølv har verneverdi. Indirekte har dette likevel kome fram. Fleire stader er det uttrykt at det er den nedervde lokale uttalen som er utgangspunktet for normeringa, og som dermed i utgangspunket skal vidareførast, tilpassa norske rettskrivingsprinsipp. Reglane i stadnamnlova § 4 om skrivemåten av stadnamn slår fast at «det ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn skal takast utgangpunkt i den nedervde lokale uttalen». Dette utgangspunktet bør vidareførast.

Intensjonen med endringframlegget var å legitimere vernetiltaket normering tydelegare. Ein av konsekvensane av lovframlegget er at ein grunneigar kan unnta bruksnamna frå slik normering. Dermed vil skrivemåten av bruksnamn ikkje nødvendigvis følgje norske rettskrivingsprinsipp, men til dømes få ein skrivemåte som skyggjer for meiningsinnhaldet. Dette opnar endringa i § 8 for med regelen om at i saker som gjeld skrivemåten av bruksnamn, har grunneigaren det avgjerande ordet. Det er likevel ikkje slik at bruksnamna automatisk er unnateke vern og normering. Kartverket er framleis vedtaksorgan. I denne situasjonen ønskjer departementet at formålsparagrafen kommuniserer kva som kjenneteiknar den offisielle normeringa. Dei nærare reglane for normering går fram av § 4 Reglar om skrivemåten og forskriftene til stadnamnlova.

Framlegget til formulering i stadnamnlova § 1 var derfor å «gi dei ei skriftform som er praktisk, og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet». Dette betyr ikkje at eini normeringa skal få fram meiningsinnhaldet i namnet. Siktemålet er at skrivemåten i seg sjølv ikkje aktivt skal bidra til å skyggje for meiningsinnhaldet. I dette legg vi både at det språklege uttrykket og innhaldssida til stadnamnet har verneverdi. Departementet gjorde i høyringa merksam på at vektlegginga av meiningsinnhaldet ikkje betyr at ein i saksbehandlinga skal tilbakestille og endre skrivemåten av namn som gjennom tida har fått ein uttale og dermed ei rettskriving som gjer at meiningsinnhaldet er uklart. Langt frå alle stadnamn har språkelement i seg som gjer at meiningsinnhaldet er tydeleg. Dette gjer dei ikkje mindre verdifulle å bruke og vidareføre.

Departementet held fast på den føreslåtte formuleringa i formålsparagrafen, men ser det som nødvendig med nærare presiseringar i lovmerknadene. For at lovteksten også skal formidle at det språklege uttrykket har verneverdi, føreslår departementet å endre lovteksten i første punktum, slik at § 1 Formål og verkeområde lyder:

«Formålet med denne lova er å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk, og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna.»

3.2 Tydeleggjering av definisjonar

3.2.1 Gjeldande rett

Definisjonane går fram av stadnamnlova § 2. I første ledd bokstav a er omgrepet stadnamn definert som «namn på geografiske punkt, liner og område som kan kartfestast». I allmennordbøkene er stad definert som «avgrensa område, plass eller flekk», som i uttrykket «eg bur på ein liten stad».

I bokstav b, c og d blir gardsnamn, bruksnamn og nedervd stadnamn definert.

Eit gardsnamn er etter lova ikkje namn på ein enkelteigedom, slik forståinga ofte vil vere i daglegtalen. Derimot er bruksnamn «namn på eigedom […]». Dei fleste grunneigarar til eit bruk vil til vanleg omtale bruket som ein gard, sjølv om det etter forståinga i lova er eit bruk med eit nærare definert bruksnamn, ikkje ein gard med eit gardsnamn. I tillegg ser vi også tendensar til at bruksnamn blir forstått som «det namnet vi brukar», altså eit slags daglegnamn på eit bruk som offisielt heiter noko anna. Dette er alt i alt med på å komplisere forståinga av termane gardsnamn og bruksnamn. Legaldefinisjonane er ikkje dårlege kvar for seg eller seg imellom, men det er vanskeleg å sjå bort frå at allmennforståinga av ordet gard og gardsbruk kompliserer forståinga av termane bruksnamn og gardsnamn, slik dei er definerte i lova.

I § 2 bokstav e er lokal talemålsform definert.

Primærfunksjon er eit sentralt omgrep i stadnamnlova og er med i hovudregelen i ein av dei mest sentrale paragrafane, § 4 Reglar om skrivemåten: «Når same namnet er brukt om ulike namneobjekt på same staden, skal skrivemåten i primærfunksjonen som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten i dei andre funksjonane.» Termen primærfunksjon er spesialisert, men ikkje definert i lova.

3.2.2 Høyringsnotatet

Departementet peikte på at termane gardsnamn og bruksnamn går over i einannan i daglegtalen, men at det i legaldefinisjonane er eit tydeleg skilje. Denne situasjonen har skapt eit formidlingsproblem som også har hatt innverknad på dei prosessane som har initiert lovarbeidet. Departementet vurderte å skifte ut dei gjeldande termane med termar som kunne formidle skiljet mellom gardsnamn og bruksnamn betre, men kom til at det er betre å tydeleggjere sjølve definisjonen av termane.

Det er eit poeng i seg sjølv å ikkje endre termar for ofte. Framlegg til nye termar i ei lov skapar ofte nye spørsmål om avgrensingar til andre lovverk osv. Ein veit betre kva som er problemet med termane i dag enn kva eventuelle problem ein ny term vil skape. Derfor var framlegget til lovendring at definisjonen av bruksnamn vart endra slik at ordet «gardsbruk» kom inn i definisjonen i ny § 2 bokstav c. Gardsbruk ligg tett på det ein grunneigar vil kalle eigedomen sin, og det er namnet på gardsbruket han får større råderett over etter framlegget til lovendring, ikkje gardsnamnet (namnet på eit gardsområde som dekkjer fleire bruksnummer). Framlegg til definisjon av bruksnamn var i høyringa «namn på gardsbruk eller eigedom med eitt eller fleire bruksnummer eller festenummer under eit gardsnummer».

Argumentasjonen til departementet var at dette ikkje er ei endring av det materielle innhaldet i lova, men ei inkludering av den allmenne forståinga av omgrepet gard i lovteksten. Det juridiske skiljet mellom bruksnamn og gardsnamn er like skarpt.

Departementet føreslo også at fagtermen primærfunksjon skulle ha ein definisjon i lovteksten, og tilrådde å bruke den definisjonen som allereie er etablert i rettleiinga til forskrift om skrivemåten av stadnamn, punkt 1: «den lokaliteten eit namn opphavleg vart brukt om». Departementet føreslo at primærfunksjon skulle definerast i stadnamnlova § 2 første ledd i ny bokstav g: «primærfunksjon: den lokaliteten eit namn opphavleg vart brukt om».

I kommentarane til § 2 går det fram at lovframlegget i 2005 var å endre omgrepet frå «nedervd lokal uttale» til «den lokale talemålsforma». I stortingsbehandlinga av lovendringa vart dette framlegget reversert:

«Komiteen meiner ein må halde på «nedervd lokal uttale» som normeringsgrunnlag for skrivemåten, og går imot endringsforslaget frå Regjeringa på dette punktet. Medan det er relativt uproblematisk å normere namn etter «nedervd lokal uttale», vil formuleringa «den lokale talemålsforma» opne opp for ei rad tolkingar. Påstand vil stå mot påstand, og det vil truleg opne for fleire konfliktar. Komiteen meiner formuleringa «nedervd lokal uttale» tek større omsyn til stadnamn som verneverdige kulturminne enn det som er tilfelle med «den lokale talemålsforma». Den nedervde dialektuttalen ber òg i seg tradisjonar og minne som i sterkare grad gir ein historisk identitet. «Nedervd lokal uttale» er dessutan ein innarbeidd og eintydig term i stadnamngransking og -normering.»3

Det opphavlege omgrepet nedervd lokal uttale kom inn i § 4, men vart ikkje tilbakestilt i § 2. Omgrepet lokal talemålsform vart ikkje teke ut av § 2, slik at no står det ein definisjon av dette i bokstav e som ikkje skal vere der.

3.2.3 Synspunkta i høyringsrunden

Riksantikvaren og Hemnes kommune meiner gjeldande definisjon av stadnamn er betre enn den som var føreslått i høyringsnotatetet. Den gjeldande definisjonen er overordna og generell, medan den føreslåtte er oppramsande. Riksantikvaren meiner at døma som går fram av definisjonen, er «greie nok og vil fungere pedagogisk», men stiller spørsmål ved om institusjonar bør inkluderast i døma. Dei føreslår endringar i lovteksten, og meiner § 2 bør endrast til «stadnamn: namn på terrengformasjonar (t.d. fjell og vatn), kulturformasjonar (t.d. gardar, vegar, bruer, bygningar, kommunar og tettstader) og andre geografiske punkt, liner og område som kan kartfestast». Riksantikvaren tilrår altså at definisjonen av stadnamn i bokstav a kombinerer dei oppramsande døma i framlegget til ny definisjon og dei overordna formuleringane i gjeldande definisjon. Setningsleddet som inneheld dei overordna formuleringane, trengjer kategorien administrative område ut og hindrar dermed «institusjonar» å bli nemnde som døme. Riksantikvaren gjer dette fordi dei er usikre på kva som ligg i «institusjonar» og meiner at «bygningar» ikkje er eit godt døme på dette.

Kartverket meiner «definisjonen av bokstav a stadnamn er bra og mykje tydelegare enn definisjonen i gjeldande lov.» Det same meiner Språkrådet. Klagenemnda for stadnamnsaker meiner at «gardar under bokstav a bør endres til gardsområde og gardsbruk i tråd med betegnelsene som er brukt i punkt b og c».

Når det gjeld definisjonen i bokstav c av bruksnamn, argumenterer t.d. Ullensvang herad for at nemninga gardsbruk er uheldig. Denne høyringsinstansen meiner at det heller bør stå berre «bruk», og minner om at «[d]ei fleste bruka i matrikkelen er ikkje ‘gardsbruk’, og det er vel alle eigedomar med eigne bruksnamn lova skal gjelda».

Justis- og beredsskapsdepartementet tilrådde at omgrepet primærfunksjon vart teke ut av lovteksten:

«Ordet «primærfunksjon» blir i stadnamnlova brukt på ein annan måte enn slik ein ut frå vanleg språkbruk vil oppfatte ordet. I staden for å ta inn denne definisjonen av ordet i lova, slik det er gjort i utkastet til ny § 2 bokstav g, bør ordet heller erstattast av «lokalitet», «namneobjekt» eller liknande ord som gjer det klart for lesaren kva lova eigentleg talar om. Stadnamnlova vil vera aktuell for mange ulike typar lesarar, og det er då viktig at ho er forståeleg for ein vanleg språkbrukar. Vi tilrår difor at utkastet til ny § 2 bokstav g blir teke ut, og at § 4 andre ledd første punktum blir endra til «Når same namnet er brukt om ulike namneobjekt på same staden, skal skrivemåten som er brukt for det namneobjektet namnet opphavleg vart brukt om, som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten for dei andre namneobjekta.»»

Klagenemnda for stadnamnsaker gjekk ikkje imot å definere primærfunksjonen i bokstav g, men meinte definisjonen var uheldig formulert fordi han «gir inntrykk av at en primærfunksjon er det samme som en lokalitet». Klagenemnda for stadnamnsaker føreslo to heilt omarbeidde alternativ til definisjon av omgrepet.

3.2.4 Departementets vurdering

Departementet har vurdert dei innkomne framlegga til tekstlege endringar, men held i hovudsak fast på framlegget i høyringsnotatet til definisjon i bokstav a. Ut frå erfaring med korleis lova blir oppfatta, er det ikkje nødvendigvis slik at det er så lett å forstå at stadnamn etter definisjonen også omfattar namn på t.d. bruer, tunellar, institusjonar, kommunar og skulekrinsar. Misoppfatningar av kva som etter lova er ein stad og eit stadnamn, er opphav til misnøye og uvisse i lokalsamfunna kring spørsmål om kva typar namn som skal ha ein skrivemåte etter stadnamnlova. Dagens definisjon av stadnamn formidlar ikkje dette intuitivt, sjølv om det kan synast klart frå ein namnefagleg ståstad.

Departementet meiner at den eksisterande definisjonen av stadnamn i dag er for abstrakt, og føreslår å formulere ein heilt ny definisjon. Framlegget i høyringsrunden var å ta inn i stadnamnlova § 2 bokstav a dei same forklarande omgrepa som i dag er brukte i kommentarane til § 2. Stadnamn blir etter dette ikkje lenger «punkt, liner og område», men «terrengformasjonar, kulturformasjonar og administrative område». Endringa vil gjere det enklare for brukarane å forstå kva eit stadnamn etter lova er. Framlegg til endring i definisjonen av stadnamn i bokstav a inneheldt ingen materielle endringar. Endringa var ei rein presisering av kva det materielle innhaldet i definisjonen er, dvs. kva omgrepet stadnamn i lova omfattar. Departementet finn likevel grunn til å justere teksten i bokstav a, slik at gardar blir erstatta med gardsområde og gardsbruk. Dette er ein konsekvens av framlegget til endring i bokstav b om bruksnamn, der gardsbruk kjem inn i definisjonen. Vidare har departementet funne grunn til å leggje til «namn på adresser» i definisjonen av stadnamn. Vedtak om offisiell adresse er heimla i matrikkelforskrifta § 51 første ledd4. I matrikkelforskrifta er det ei direkte tilvising til lov om stadnamn når det gjeld vedtak om skrivemåte. Ved å nemne adresser i definisjonen av stadnamn blir viktige namneobjekt trekte inn i definisjonen. Departementet har òg funne grunn til å ta ut «bygningar» som døme på institusjonar, slik Riksantikvaren føreslo i høyringsrunden. Ein bygning er etter vanleg språkbruk ingen institusjon i seg sjølv eller døme på det. Derimot kan ein bygning huse ein institusjon, t.d. ein barnehage, eit museum eller eit sjukehus. Definisjonen av stadnamn får denne ordlyden i endra bokstav a:

  • a) stadnamn: namn på terrengformasjonar som fjell og vatn, kulturformasjonar som gardsområde, gardsbruk, vegar og bruer, administrative område som kommunar og sokn, institusjonar og adresser

Når det gjeld definisjonen av bruksnamn, føreslår departementet å vidareføre framlegget i høyringsnotatet. Vi føreslår vidare å setje inn «annan» framfor eigedom:

  • c) bruksnamn: namn på gardsbruk ellerannan eigedom med eitt eller fleire bruksnummer eller festenummer under eit gardsnummer

Omgrepet bruksnamn omfattar alle bruk og andre eigedommar det er knytt eit bruksnummer til. Det er irrelevant om det er knytt gardsdrift til bruksnummeret.

Departementet er vidare samd i vurderinga frå Justis- og beredskapsdepartementet når det gjeld den føreslåtte definisjonen av primærfunksjon. Det er viktig at lovteksten så langt som mogleg er forståeleg for alle som les han, ikke berre for dei som tilhøyrer det fagfeltet lova regulerer. Lovteksten treng ikkje innehalde ein term som må definerast, dersom det går an å skrive med ei setning det termen dekkjer. Eit tilleggsmoment i denne vurderinga er innspelet frå Klagenemnda for stadnamnsaker, som meinte at den etablerte definisjonen av primærfunksjon som departementet ønskte å ta inn i stadnamnlova § 2 bokstav g, var misvisande. Dei føreslo to alternativ til definisjon. Departementet tek dette som ytterlegare eit signal om at omgrepet primærfunksjon er ein for komplisert fagterm til at det er tenleg å formidle han i ein lovtekst, sjølv om det innhaldet termen formidlar, er heilt sentralt i forståinga av lova.

Departementet viderefører på denne bakgrunnen ikkje forslaget om å ta inn ein definisjon av begrepet primærfunksjon i stadnamnlova § 2. Departementet meiner det er betre å setje inn ei beskrivande setning der begrepet i dag er nytta i lovteksten, i samsvar med det Justis-, og beredskapsdepartementet føreslår, jf. punkt 3.4.3 nedanfor om § 4 Reglar om skrivemåten:

«Når same namnet er brukt om ulike namneobjekt på same staden, skal skrivemåten som er brukt for det namneobjektet namnet opphavleg vart brukt om, som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten for dei andre namneobjekta.»

Det vil ikkje innebere ei materiell endring å erstatte ordet primærfunksjon med ei setning, men det vil pakke ut eit vanskeleg ord som er viktig for å forstå lova. Det vil heller ikkje vere til hinder for at aktørar i fagfeltet held fram med å bruke omgrepet primærfunksjon i tilrådingar eller vedtak.

Departementet tek ut definisjonen av lokal talemålsform i § 2 første ledd noverande bokstav e og erstattar denne med ein definisjon av nedervd lokal uttale, slik stortingsbehandlinga av lovframlegget i 2005 tilsa (sjå pkt. 3.2.2). Definisjonen bør vere den same som i gjeldande forskrift: «den uttalen som er overlevert frå tidlegare generasjonar, som har vore vanleg på staden, og som framleis er i levande bruk».

3.3 Tydelegare namnevern

3.3.1 Gjeldande rett

Paragraf 3 i stadnamnlova kom inn ved lovrevisjonen i 2005. Formålet var å ta vare på eksisterande namnetradisjonar og samtidig sikre at gamle namn ikkje urettmessig blir brukte i kommersiell verksemd, t.d. ved at eit kjent namn blir brukt på ein ny stad som ikkje har tilknyting til det opphavlege namneobjektet, t.d. for å auke marknadsverdien til den nye staden.5 Paragrafen vart teken inn fordi det var stor tilslutning til det i ei spørjeundersøking i samband med ei evaluering av stadnamnlova. I evalueringsrapporten6 vart det omtalt som ein mangel ved lova at ho ikkje inneheldt reglar om namnevern og namnsetjing i tillegg til reglar om skrivemåten og bruk av stadnamn. Evalueringsrapporten omtalte kort at det kanskje var behov for samordning av reglane for vedtak om skrivemåte og reglane for å velje namn, som både då og no er spreidde i ulike lover eller følgjer av sedvane. Ein konkluderte med at det ville ha for vidtrekkjande konsekvensar å flytte alle reglar om namnsetjing til lov om stadnamn, og gjorde det ikkje.

Reglane om namnevern og namnsetjing i stadnamnlova § 3 fastslår ikkje vedtaksmyndigheit for val av namn i ulike situasjonar innanfor verkeområdet til lova, men er ei støtte for formålsparagrafen. Sjølv om namneval ikkje er del av saksbehandlinga etter stadnamnlova, gjeld likevel klageretten i stadnamnlova når og dersom vedtak etter anna lovgjeving kan seiast å vere i strid med § 3.

Ulike namneval som stat, kommune og fylkeskommune gjer, følgjer av lov og sedvane. I stadnamnlova er det få direkte tilvisingar til anna lovgjeving, sjølv når skrivemåten, etter at det aktuelle namnevalet er gjort, skal følgje reglane i stadnamnlova. Vedtak om offisiell adresse er heimla i matrikkelforskrifta7 § 51 første ledd. Her er ei direkte tilvising til lov om stadnamn når det gjeld vedtak om skrivemåte:

«Kommunen skal tildele alle gater, veger, stier, plasser og områder som blir brukt til offisiell adressering, et navn som er entydig innenfor kommunen. Skrivemåten fastsettes etter reglene i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn.»

Tilsvarande heimel finst ikkje for andre stadnamn som kommunen har ansvaret for. Det kan stillast spørsmål om det er eit uklart lovgrunnlag for at kommunane vel namn innanfor kommunegrensene, når dette namnevalet ikkje skjer i adresseringssamanheng etter matrikkelforskrifta § 51. I Meld. St. 12 (2011–2012) Stat og kommune – styring og samspel blir det gjort greie for kommunelova og det kommunale sjølvstyret:

«Det går fram av § 6 at kommunane er eigne rettssubjekt. Dette set skrankar for styringa frå andre instansar og gjev kommunane kompetanse. Kompetansen er i utgangspunktet autonom og gjev kommunane høve til å binde seg sjølv. Det er ikkje gjeve generelle avgrensingar på kommunane sin kompetanse til å binde seg sjølv. Kommunane har som tidlegare nemnt negativt avgrensa kompetanse i Noreg. Det inneber at dei kan gjere kva dei vil så lenge det ikkje er ulovleg eller oppgåva er lagd til andre. Rammene for kva som er lovleg, følgjer både av lovfesta og ulovfesta rett. Dersom kommunen som offentleg myndigheit skal binde andre, må han likevel ha eigen lovheimel for det.»

Høvet kommunen har til å velje namn i tilfelle som ikkje gjeld adressering, følgjer av den negativt avgrensa kompetansen til kommunen.

Alle tiltak som kommunen har ansvaret for, og som treng eit namn, har kommunen rett til å velje namn på. Indirekte viser stadnamnlova også til denne kompetansen når det i § 1 Formål og verkeområde tredje ledd blir slått fast: «Lova gjeld når organ for stat, fylkeskommune og kommune skal fastsetje stadnamn eller skrivemåten av dei, eller bruke dei i tenesta.» Skrivemåten av stadnamn vedtek kommunen etter reglane i stadnamnlova. Dersom kommunen gjer eit val av nytt namn eller eit vedtak som set til sides eit innarbeidd namn, og dette kan seiast å vere i strid med § 3 i stadnamnlova, gjeld klagereglane i stadnamnlova.

Terrengformasjonar som fjell og vatn har oftast godt innarbeidde namn, men det hender likevel at dei ikkje har det. Det er ingen som i dag har lovheimla rett til å velje namn på t.d. fjelltoppar som det faktisk ikkje finst namn på. Kartverket er i dag vedtaksorgan for skrivemåten av naturnamn. Nye, utradisjonelle namn som Stølsheimen, Breheimen, Skarvheimen og Huldreheimen er tekne i bruk av Turistforeningen eller lokale turlag på store naturområde dei siste tiåra og har dels kome i offentleg bruk (på kart, skilt og liknande). Kommunar og lokale foreiningar reagerer ofte på at det blir teke i bruk namn utan rot i lokal tradisjon. At nye namn oppstår, kan jamførast med at nye ord oppstår i språket. Det er vanskeleg å seie at dei ikkje finst, viss enkelte hevdar å bruke namna. Likeins er det vanskeleg å vedta at dei finst viss dei ser ut til å vere døgnfluger og det ikkje kan visast til noko gjennomslag i språket over tid. Generelt vedtek ikkje Kartverket skrivemåte av slike namn før det har gått ei viss tid, og namna har vorte innarbeidde i språket og påviseleg er i levande bruk.

3.3.2 Høyringsnotatet

Departementet føreslo desse endringane knytt til namnevern:

  • ny tittel

  • språklege endringar i første ledd

  • eit nytt andre ledd med presisert innhald

Departementets føreslo denne formuleringa av § 3 i høyringsnotatet:

§ 3 Namnevern
Eit stadnamn kan berre takast i bruk på ein stad der det tradisjonelt ikkje høyrer heime dersom
  • a) det ikkje er i bruk som verna etternamn, eller

  • b) det ikkje er eit særeige namn, eller

  • c) det ikkje av andre grunnar bør vernast

Eit nedervd stadnamn som er i bruk i éin funksjon, kan berre bytast ut med eit anna namn som har tradisjon på staden i same funksjonen. Unntak kan gjerast dersom særlege grunnar talar for det.

Ettersom stadnamnlova ikkje inneheld vedtaksreglar om namneval, meinte departementet det er misvisande når tittelen på § 3 inneheld ordet «namnsetjing». Paragraf 3 er ingen vedtaksregel, men med namnsetjing i tittelen kan paragrafen sjå ut som det. Departementet meinte at tittelen på paragrafen skapar forvirring kring heilt sentrale formål med ei lov, nemleg å slå fast kven som har rett til å gjere kva. Framlegget til lovendring var derfor å fjerne namnsetjing frå tittelen i § 3. Ei slik endring tilfører eller fråtek ikkje lova materielt innhald, men er klargjerande for innhaldet i paragrafen og tilhøvet mellom stadnamnlova og anna lovverk.

Departementet meiner at første leddet i § 3 er tungt å lese, og føreslo ei språkleg endring i førsteleddet som ikkje endrar på innhaldet i føresegna, men som får fram innhaldet på ein betre måte.

«Som hovudregel» vart føreslått stroke frå setninga, fordi det er overflødig.

I innhald presenterer første ledd § 3 i dag fleire vilkår som skal vere oppfylte for at eit stadnamn kan takast i bruk på ein stad det tradisjonelt ikkje høyrer heime. I form ser derimot det første leddet ut som eit omfattande forbod. Departementet føreslo i høyringa å endre setninga til å bli ein presentasjon av vilkår i ein hovudregel, med vilkåra oppramsa i bokstavpunkt. På denne måten, meinte departementet, kjem forma meir i tråd med innhaldet, som er å presentere vilkår for når eit namn kan takast i bruk på ein stad det tradisjonelt ikkje høyrer heime.

3.3.3 Synspunkta i høyringsrunden

Klagenemnda for stadnamnsaker meinte særlege grunnar i stadnamnlova § 3 andre ledd andre punktum må definerast i merknadene, og at naturkatastrofar, omfattande ulykker eller tragiske hendingar kan vere døme på særlege grunnar.

Justis- og beredskapsdepartementet meinte at dersom funksjon i framlegget til stadnamnlov § 3 betyr det same som funksjon i framlegget §§ 2 og 4, så bør stadnamnlova § 3 andre ledd formulerast i tråd med desse paragrafane. Justis- og beredskapsdepartementet rådde til å ikkje definere primærfunksjon i stadnamnlova § 2 og til å unngå termen i § 4. I staden rår dei til å omskrive aktuelle paragrafar meir forklarande ut frå det lova legg i primærfunksjon, jf. punkt 3.4.3. Dei føreslår eit nytt andre ledd formulert slik: «Eit nedervd stadnamn som er i bruk for eit namneobjekt, kan berre bytast ut med eit anna namn som har tradisjon på staden for det same namneobjektet

3.3.4 Departementets vurdering

Departementet har kome til at første ledd § 3 kan forenklast meir enn det framlegget som vart sendt på høyring. Vanlegvis vil framstilling med bokstavpunkt bidra til å gjere reglane oversiktlege å lese. Men sidan vilkåra kjem oppå einannan (er kumulative), har departementet kome til at første ledd § 3 blir flytande å lese og forstå utan oppdeling i bokstavpunkt. I tillegg føreslår departemetnet å endre «bør vernast» til «må vernast» i bokstav c, ettersom namn som fell under § 3 første ledd bokstav c, alt er verna eller går fram av merknadane at må vernast. På denne bakgrunnen følgjer ikkje departementet opp framlegget til språklege endringar i stadnamnlova § 3 første ledd. I staden tilrår departemetnet at § 3 første ledd blir utforma slik:

«Eit stadnamn kan berre takast i bruk på ein stad der det tradisjonelt ikkje høyrer heime, dersom det ikkje er i bruk som verna etternamn, ikkje er eit særeige namn, og heller ikkje må vernast av andre grunnar.»

For at lova skal bli meir forståeleg for også dei som ikkje tilhøyrer fagfeltet namnegransking, trekkjer departementet tilbake framlegget om å bruke meininga «funksjon» i nytt andre ledd i stadnamnlova § 3. Vi tilrår denne ordlyden i stadnamnlova § 3 andre ledd:

«Eit nedervd stadnamn kan berre bytast ut med eit anna namn, dersom det har tradisjon som namn på det same namneobjektet. Unntak kan gjerast dersom særlege grunnar talar for det.»

Departementet har gått igjennom på nytt dei særlege grunnane som skal til for å byte ut eit namn. Eit punkt departementet t.d. finn lite formålstenleg i dag, er setninga i dei noverande merknadene til § 3 som seier at det ikkje «skal stillast strenge krav til «særlege grunnar» i denne samanhengen». Særlege grunnar bør vurderast forholdsvis strengt.

Intensjonen i føresegna andre ledd er todelt: 1) Å hindre at namn med stor geografisk utbreiing automatisk blir til fortrengsel for namn som har ei mindre geografisk utbreiing og 2) å hindre at eit nedervd stadnamn bli bytt ut med eit stadnamn som blir oppfatta som «finare», t.d. at kommersielt meir omsetjelege namn trengjer ut nedervde stadnamn i offisielle dokument, kart og skilt. Reglane er viktige for å ta vare på variasjonen i namneverket. Overordna handlar føresegna om å vidareføre så mange opphavlege namn på så mange namneobjekt som råd. Variasjon i kva for lokalitetar (stader) som på folkemunne eller ved vedtak har fått eit namn, gjev variasjon i tilfanget av namnetypar.

3.4 Reglar om skrivemåten

3.4.1 Gjeldande rett

I stadnamnlova § 4 er hovudprinsippa for fastsetjing av skrivemåte (normering) slått fast. Ein skal ta utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen, men når ein fastset skrivemåte, skal denne vere i tråd med rettskrivingsprinsippa i norsk. Som i normeringsspørsmål elles er det fleire omsyn å ta. Omsyna er delvis motstridande, og i prinsippet er det opna for at stadnamn kan få ein skrivemåte med dialektnære former utanfor rettskrivinga, språkhistorisk korrekte former og former som er påverka av tidlegare rettskriving. Skrivemåten av kvenske stadnamn følgjer finske rettskrivingsprinsipp, fordi kvensk til no ikkje har hatt ei eiga rettskriving.

3.4.2 Høyringsnotatet

I 2001 vart Noreg av ministerkomiteen i Europarådet bedt om å klargjera om kvensk er å sjå på som ein finsk dialekt eller eit eige språk. Bakgrunnen var at norske styresmakter til vanleg brukte dobbeltnemninga kvensk/finsk, mellom anna fordi kvenane sjølve har brukt både kvensk og finsk som nemning.

Initiativet frå Europarådet førte til at saka i 2003 vart nærare utgreidd.

Utgreiingsrapporten konkluderte med at dei samfunnstilhøva og dei språklege tilhøva som gjeld for den kvenske minoriteten, gjer at det ikkje er noko i vegen for å sjå på kvensk som eit eige språk. Språkstrukturelle skilnader mellom kvensk og finsk talte også for ein slik konklusjon.

Rapporten var på høyring i 2004, og dei fleste som uttala seg, var positive til å godkjenne kvensk som eige språk. Dette var også eit ønske frå kvenane sjølve, og ved kongeleg resolusjon av 24. juni 2005 vart det formelt vedteke å godkjenne kvensk som eige språk. Språket skulle framleis ha vern på nivå II i minoritetsspråkpakta.

Sidan endringa av stadnamnlova i 2005 er kvensk formelt godkjent som eige språk i Noreg, og det kan derfor verke lite formålstenleg at skrivemåten av stadnamn skal følgje finsk rettskriving.

Departementet har gjennom løyvingar til Kvensk institutt støtta ei standardisering av kvensk språk som ein del av revitaliseringa av språket. I 2013 vart kvensk rettskriving presentert som ferdig. Departementet bad om høyringsinstansane sitt syn på om rettskrivinga er nok gjennomarbeidd til at ho bør brukast i fastsetjinga av skrivemåten av kvenske stadnamn.

Departementet føreslo følgjande endring:

  • «Første ledd tredje punktum blir endra slik at kvenske stadnamn skal få ein skrivemåte etter kvensk rettskriving, ikkje lenger etter finsk.»

Framlegg til ny ordlyd § 4 første ledd, tredje punktum:

«For kvenske stadnamn skal skrivemåten følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp i kvensk

3.4.3 Synspunkta i høyringsrunden

Få høyringsinstansar har uttalt seg om forslaget i stadnamnlova § 4 om at kvenske stadnamn ikkje lenger skal følgje finske rettskrivingsprinsipp, men kvenske. Dei av høyringsinstansane som har uttalt seg, er Språkrådet, Klagenemnda for stadnamnsaker, Riksantikvaren, Riksmålforbundet og Det Norske Akademi for Språk og Litteratur, Hardanger historielag og Norske Kveners Forbund (Ruijan Kveeniliitto). Dei er alle positive til framlegget.

Riksmålforbundet og Det Norske Akademi for Språk og Litteratur meiner dessutan at uttrykket «gjeldande rettskrivningsprinsipp» i stadnamnlova § 4 er mindre heldig når det gjeld norsk. Dei peikar på at prinsippa ikkje er vedtekne, slik som rettskrivinga (skriftnormalane) er. Uttrykket «gjeldande» blir derfor misvisande, for prinsippa er meir uttrykk for innarbeidd praksis enn vedtak. Riksmålsforbundet føreslo at «gjeldande rettskrivingsprinsipp» blir endra til «rettskrivingsprinsippa».

Klagenemnda for stadnamnsaker ønskjer ei presisering i siste punktum i stadnamnlova § 4 om fastsetjing av skrivemåten av finske stadnamn på Austlandet:

«I første ledd, fjerde punktum mener nemnda at formuleringen «kan tilpassast» blir uheldig. Dette fordi det for disse navnenes del ikke er noe alternativ til å følge norske rettskrivningsprinsipper, da finsk ikke lenger er et levende språk på Østlandet. Nemnda føreslår derfor følgande ordlyd for fjerde punktum: «Finske stadnamn på Austlandet følgjer norske rettskrivingsprinsipp.»» Språkrådet har vore inne på noko av det same.

Justis- og beredskapsdepartementet hadde ein merknad om bruken av omgrepet primærfunksjon i § 4, jf. 3.2.3. Dei føreslår at stadnamnlova § 4 andre ledd første punktum blir endra slik:

«Når same namnet er brukt om ulike namneobjekt på same staden, skal skrivemåten som er brukt for det namneobjektet namnet opphavleg vart brukt om, som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten for dei andre namneobjekta.»

Stadnamntenesta for Austlandet og Agderfylka peikar på at høyringsnotatet ikkje gjev svar på korleis ein skal forvalte dei bruksnamna som er sjølvstendige namnelagingar og ikkje avleidde av hovudnamnet.

3.4.4 Departementets vurdering

Dei høyringsinstansane som har uttalt seg om spørsmålet, er postive til å leggje kvenske rettskrivingsprinsipp til grunn for skrivemåten av kvenske stadnamn. Når kvenske stadnamn skal skrivast med kvensk rettskriving, vil kvensk språk kunne få eit konkret bruksområde som mange kvenar vil kjenne sterk identitet til. Normeringsomsyna som er nødvendige å ta i forvaltninga av stadnamnlova, kan også synleggjere ein språkleg variasjon innanfor kvensk som rettskrivinga tener på å bli konfrontert med. Førebelse erfaringar med kvensk rettskriving tyder på kvenske stadnamn kan skrivast omtrent på same måten, anten ein legg finske eller kvenske rettskrivingsprinsipp til grunn. Språkpolitisk vil ei lovendring kunne medføre ei statusheving for kvensk språk. På bakgrunn av dette og innspela i høyringsrunden held departementet fast ved forslaget om at kvenske rettskrivingsprinsipp skal følgjast i saker som gjeld skrivemåten av kvenske stadnamn.

Departementet føreslo i høyringsrunden ingen endringar i omgrepsbruken i stadnamnlova § 4. Innspela i høyringsrunden om «gjeldande rettskrivingsprinsipp» viser at det kan diskuterast kva som ligg i omgrepet. Omgrepet er definert i gjeldande lov § 2 f som «allmenne reglane for korleis lydar og lydkombinasjonar kan skrivast». I rettleiinga til kapittel 2 i forskriftene er desse allmenne reglane eksemplifiserte: «T.d. skal lang vokal skrivast med éin vokal og éin konsonant, som i tak, mens kort vokal skal skrivast med éin vokal og to konsonantar, som i takk. Desse prinsippa blir realiserte gjennom rettskrivinga.» Departementet meiner derfor at stadnamnlova skil mellom rettskrivingsprinsippa i norsk på eine sida og rettskrivingsnormalane på andre sida. Ein skrivemåte som er utanfor rettskrivinga, kan samtidig vere i tråd med gjeldande rettskrivingsprinsipp. Det har t.d. vore mogleg å vedta dialektnære former som ligg utanfor rettskrivingsnormalane i nynorsk og bokmål: Ei form som tjedn (tjern) strir ikkje med norske rettskrivingsprinsipp for overføring av tale til skrift, men ligg utanfor rettskrivingane. Kj-lyden kan skrivast tj- når det er historisk korrekt. Lang vokal blir etter dei norske rettskrivingsprinsippa ikkje skrive med dobbel i, som i Wiik. Rettskrivingsprinsippa er dei same for nynorsk og bokmål. Omgrepet «gjeldande rettskriving» har stått uendra i stadnamnlova sidan gjeldande lov vart vedteken i 1990, og det har etter det departementet erfarer, ikkje skapt tvil om bruken av føresegna. Ei endring frå at det står «gjeldande rettskrivingsprinsipp» til å skrive «rettskrivingsprinsippa» ville kanskje ha bidrege til å gjere skiljet mellom dei gjeldande rettskrivingsnormalane (som er vedtekne i Språkrådet) og rettskrivingsprinsippa bak normalane klarare. Men dersom ein fjernar «gjeldande» frå formuleringa, kan det oppfattast som det er eit svakare krav til dei prinsippa som dei gjeldande rettskrivingane byggjer på i dag. Ettersom formålet ikkje er å endre det materielle innhaldet i kva som er meint med rettskrivingsprinsipp, har departementet kome til at formuleringa i § 4 ikkje bør endrast.

Stadnamnlova § 4 fjerde punktum gjev i dag høve til å tilpasse skrivemåten av finske stadnamn på Austlandet til dei norske rettskrivingsprinsippa. På Austlandet, m.a. på Finnskogane, har særleg mange stadnamn finsk opphav.

På bakgrunn av høyringsinnspela ser departementet at formuleringa «kan tilpassast norske rettskrivingsprinsipp» har ein innebygd premiss om at det går an å tilpasse dei finske stadnamna til andre rettskrivingsprinsipp enn dei norske. Dette er ikkje i samsvar med faktiske forhold. I realiteten vil det ikkje vere noko alternativ til å nytte norske rettskrivingsprinsipp for finske namn på Austlandet. Det er dessutan dei skogfinske stadnamna det er sikta til. Departementet føreslår derfor følgjande klargjering i stadnamnlova § 4 første ledd fjerde punktum:

«Skogfinske stadnamn på Austlandet følgjer norske rettskrivingsprinsipp.»

Dette er ei presisering og er ikkje meint å innebere noka endring i det rettslege innhaldet i føresegna.

Departementet er samd i Justis- og beredskapsdepartementets vurdering av bruken av omgrepet primærfunksjon. Det er viktig at lovteksten så langt som mogleg er forståeleg for alle som les han, ikkje berre for dei som tilhøyrer fagfeltet lova regulerer.

Departementet føreslår på denne bakgrunnen å setje inn ei beskrivende setning der begrepet primærfunksjon i dag er brukt i lovteksten.

Stadnamnlova § 4 andre ledd første punktum blir endra slik:

Når same namnet er brukt om ulike namneobjekt på same staden, skal skrivemåten på det namneobjektet namnet opphavleg vart brukt om, som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten for dei andre namneobjekta

Dette vil ikkje innebere ei materiell endring, berre ei språklig presisering. Det vil heller ikke vere til hinder for at aktørar i fagfeltet nyttar omgrepet primærfunksjon i tilrådingar eller vedtak der dette er formålstenleg.

Departementet er samd i at konsekvensen av at grunneigaren får råderett over skrivemåten av bruksnamn, jf. nytt andre ledd i § 6 (sjå punkt 3.6.4), også inneber at han får råderett over bruksnamnet der bruksnamnet er det opphavlege namnet på staden (der primærfunksjonen til eit stadnamn er eit bruksnamn). Råderetten over bruksnamnet gjeld ikkje berre der namnet på bruket er avleidd av eit gardsnamn. Retten gjeld òg når bruksnamnet er det opphavlege namneobjektet. Slik føresegna var formulert og forklart i høyringsnotatet, vart det ikkje presisert om bruksnamna som opphavlege namneobjekt på ein stad med ein skrivemåte fastsett av eigaren, skal vere retningsgjevande for skrivemåten av andre namneobjekt på staden, jf. hovudregelen i § 4.

Det er ikkje rimeleg at eigarfastsette skrivemåtar skal nyttast på anna enn det som er privat eigedom, når utgangspunktet for at eigaren skal ha rett til å fastsetje skrivemåten av bruksnamnet, nettopp er legitimert i råderett over eigen eigedom. Ein slik situasjon ville i større grad svekkje vernet av stadnamna i området og gje grunneigaren stor innverknad på offentleg namnegjeving. Dette ville også i større grad kunne ha ført til at namn på vegar, skular og liknande må endrast når ein grunneigar endrar skrivemåten av namnet på bruket sitt.

Departementet føreslår derfor å vidareføre regelen om at skrivemåten av eit namn i primærfunksjonen skal vere rettleiande for skrivemåten av andre namneobjekt i § 4 andre ledd første punktum. Eit gardsnamn vil likevel ikkje vere retningsgjevande for eit bruksnamn ettersom eigaren kan fastsetje skrivemåten av bruksnamnet sjølv, jf. framlegg til § 6 nytt andre ledd tredje punktum. Av og til er det likevel eit bruksnamn og ikkje eit gardsnamn som har primærfunksjon. Departementet føreslår å unnta eigarfastsette skrivemåtar frå regelen om å vere retningsgjevande for skrivemåten av dei andre namneobjekta på staden. I desse tilfella gjer vedtaksorganet vedtak om skrivemåten av dei andre namneobjekta. Dersom eigaren har valt ein skrivemåte som er i tråd med offisiell rettskriving, vil det vere samsvar mellom skrivemåten som vedtaksorganet fastset, og den som eigaren har fastsett. Formålet med regelen departementet føreslår, er at eigarfastsett skrivemåte ikkje skal kunne påverke skrivemåten på andre namneobjekt enn på eige gardsbruk og annan eigen eigedom.

Følgjande formulering om dette blir føreslått som nytt punkt i stadnamnlova § 4, andre ledd andre punktum:

Dette gjeld ikkje i dei tilfella der det opphavlege namnet på namneobjektet er eit bruksnamn med ein skrivemåte som er fastsett av grunneigaren.

3.5 Vedtakskompetansen til Kartverket

3.5.1 Gjeldande rett

Vedtak etter stadnamnlova er ikkje vedtak om kva ein stad skal heite, men vedtak om skrivemåten av namnet. Stadnamnlova § 5 slår fast kva instans som gjer vedtak om skrivemåten for ulike stadnamn som skal brukast av organ for stat, kommune og fylkeskommune. Med unntak av regelen i § 8 om at grunneigar fastset namn på eige bruk, har lova ingen føresegner om kven som vel sjølve namnet. Slike reglar kan derimot finnast i anna lovgjeving, t.d. matrikkellova,8 kommunelova9 og kyrkjelova.10 Det følgjer av stadnamnlova § 5 andre ledd kva namn kommunane og fylkeskommunane kan vedta skrivemåten for. I tredje ledd går det fram at Statens kartverk gjer vedtak om skrivemåten av andre stadnamn enn dei som går fram av andre ledd.

3.5.2 Høyringsnotatet

Departementet meinte det var behov for å presisere kva namn Statens kartverk gjer vedtak om skrivemåten for etter at andre instansar etter ulik lov eller sedvane har gjort eit namneval. Ei opplisting av kva stadnamn Statens kartverk gjer vedtak om skrivemåte for, ville tydeleggjere vedtakskompetansen til Statens kartverk på lik linje med vedtakskompetansen til kommunane og fylkeskommunane.

Departementet føreslo følgjande endringar i stadnamnlova § 5 Fastsetjing av skrivemåten:

  • Første ledd bokstav b blir endra i samsvar med dei strukturelle endringane i § 8.

  • I tredje ledd blir det presisert kva namn Statens kartverk gjer vedtak om skrivemåten for.

Forslag til ny ordlyd i stadnamnlova § 5 første ledd bokstav b var:

«Saker om skrivemåten av stadnamn kan takast opp av
  • b) eigar eller festar når bruksnamnet kjem inn under § 8 første ledd

Forslag til ny ordlyd i stadnamnlova § 5 tredje ledd første punktum var:

«Statens kartverk gjer vedtak om skrivemåten av gardsnamn, bruksnamn, seternamn, naturnamn (terrengformasjonar), namn på statlege anlegg o.l. dersom ikkje anna er fastsett i lov eller forskrift

Endringane departementet føreslo, innebar ingen materielle endringar, berre presisering av gjeldande rett.

3.5.3 Synspunkta i høyringsrunden

Klagenemnda for stadnamnsaker meinte stadnamnlova § 5 bokstav b om kven som kan ta opp bruksnamnsaker, vart uklar i framlegget til lovtekst. I stadnamnlova § 5 bokstav b fungerer ikkje tilvisinga til § 8 første ledd godt ettersom bruksnamn berre indirekte er omfatta av dette leddet. Klagenemnda for stadnamnsaker føreslo eit nytt andre ledd i stadnamnlova § 5 som tydelegare fekk fram kven som har rett til å ta opp saker om skrivemåten av bruksnamn: «Eigar eller festar kan ta opp skrivemåten av namn på eige gardsbruk eller eigedom».

Statens kartverk uttalte at «det er positivt at det no blir presisert i tredje ledd kva for namn Statens kartverk gjer vedtak om skrivemåten for. Juridisk sett er det rett at Statens kartverk framleis gjer vedtak om skrivemåten av bruksnamn, også med dei føreslåtte endringane i § 8.»

Klagenemnda for stadnamnsaker meinte at det burde takast inn i lova ei formulering om at eigaren har det avgjerande ordet i saker som gjeld skrivemåten av bruksnamn, men at Statens kartverk gjer det formelle vedtaket.

Norsk bonde- og småbrukarlag meiner lovframlegget i § 5 er «betenkelig», «fordi det fortsatt heter at Statens Kartverk gjør vedtak». Dei meiner det beste hadde vore om folkevalde organ vedtok skrivemåten av namn. «Det er derfor positivt at § 5 presiserer kommunenes vedtaksområde.»

3.5.4 Departementets vurdering

Departementet meiner det er viktig at det ikkje er uklart for grunneigaren eller festaren at han har rett til å ta opp skrivemåten av namn på eige gardsbruk eller eigedom. I § 5 første ledd bokstav b presiserer departementet dette i tråd med tilrådinga frå Klagenmenda for stadnamnsaker:

  • b) eigar eller festar i saker som gjeld skrivemåten av namn på eige gardsbruk eller eigedom

Ny bokstav b vil erstatte det framlegget til bokstav b som vart sendt på høyring.

Framlegget inneber inga materiell endring, verken i høve til gjeldande lov eller høyringsframleggget.

Departementet føreslår at det blir presisert i merknadene at Statens kartverk er formelt vedtaksorgan i saker som gjeld skrivemåten av bruksnamn, sjølv om grunneigaren har rett til å fastsetje skrivemåten dersom han kan dokumentere at skrivemåten han ønskjer, er i offentleg bruk som bruksnamn, jf. nytt andre ledd i § 6.

3.6 Nærare om saksbehandlinga

3.6.1 Gjeldande rett

Gjeldande reglar for saksbehandling vart forenkla i 2005. Før 2005 gjekk ei sak mellom dei ulike ledda i saksbehandlinga minst fem gonger. Stadnamnkonsulentane gav t.d. både førebels og endeleg tilråding, og det var ikkje mogleg å gjere samlevedtak. No er dette forenkla slik at når ei namnesak er teken opp av eller med vedtaksorganet, skal ho kunngjerast for dei som har rett til å uttale seg, og berre eigar eller festar skal tilskrivast direkte. Før vedtak om skrivemåte blir gjort, skal stadnamnkonsulentane gje tilråding om skrivemåten til vedtaksorganet. Eigaren og festaren får ikkje automatisk tilsendt tilrådinga frå stadnamnkonsulentane.

3.6.2 Høyringsnotatet

Departementet føreslo endringar med materielt innhald i stadnamnlova § 6.

I første ledd andre punktum vart det føreslått å overføre kontrollen over bruksnamna frå Kartverket til eigaren eller festaren. Dette vart gjort ved å ta inn eit tillegg om at eigaren eller festaren «har det avgjerande ordet» i saker som gjeld bruksnamn. Tanken var altså at synspunktet til eigaren eller festaren ikkje berre skal «tilleggjast vekt», men vere avgjerande. Derfor vart også fjerde punktum fjerna: «Synspunktet til eigaren skal tilleggjast særskild vekt.»

Endringsframlegga innebar ikkje at Kartverket ikkje lenger skulle vere vedtaksorgan i slike saker, men at organet skulle vedta den skrivemåten grunneigaren ønskte, så lenge eigaren eller festaren kunne dokumentere at skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn. Dette vilkåret vart etter høyringsframlegget plassert i § 8 (sjå kap. 3.7.2).

Departementet såg det også som viktig at eigaren eller festaren skulle få tilsendt den faglege tilrådinga frå namnekonsulenttenesta, og gjorde derfor framlegg om at dette vart lovfesta gjennom eit tilleggspunktum i første ledd. Slik ville grunneigaren og festaren bli opplyst om moment som har kome fram i høyringsrunden, og om det faglege grunnlaget for tilrådinga frå namnekonsulenttenesta. Vurderinga var også at høyringsrunden og den faglege tilrådinga vart meir meiningsfull og demokratisk når grunneigaren eller festaren har høve til å endre synspunkt ut frå det som har kome fram i tilrådinga og fråsegnene frå t.d. kommunen eller det lokale historielaget. Departementet vurderte det slik at kommunane i samband med dette ville få ei tilleggsoppgåve med å sende den språkfaglege tilrådinga for bruksnamn direkte til eigar eller festar. På den andre sida var framlegget at kommunane etter stadnamnlova § 8 andre ledd siste punktum slapp å sende sakene om bruksnamn på lokal høyring – dersom grunneigaren kunne dokumentere at skrivemåten hadde vore i offentleg bruk som bruksnamn. Desse sakene måtte kommunen etter framlegget heller ikkje kunngjere «i to aviser som er allminneleg lesne på staden, eller på annan høveleg måte» (jf. stadnamnlova § 6 tredje ledd). Totalt sett meinte departementet at endringsframlegga ville føre til mindre administrasjon enn i dag i kvar enkelt sak om bruksnamn.

Departementet føreslo i høyringsnotatet desse endringane:

  • «I første ledd andre punktum blir kontrollen over bruksnamna overført til eigaren eller festaren frå Kartverket i setninga «har det avgjerande ordet i desse sakene».

  • Fjerde punktum blir fjerna: «Synspunkta til eigaren skal tilleggjast særskild vekt.»

  • I første ledd siste punktum blir det innført ein saksbehandlingsregel som tilgodeser grunneigaren.»

Ordlyden i § 6 vart etter lovframlegget:

§ 6 Nærmare om saksbehandlinga
Når ei namnesak er teken opp med vedtaksorganet, skal saka gjerast kjend for dei som har rett til å uttale seg. Eigar eller festar har rett til å uttale seg i saker som gjeld bruksnamn, og har det avgjerande ordet i desse sakene. Eigar eller festar har òg rett til å uttale seg i saker som gjeld gardsnamn, når skrivemåten av gardsnamnet skal vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamnet. Kommunane har rett til å uttale seg når vedtaket skal gjerast av andre organ enn kommunen sjølv. Fylkeskommunane har rett til å uttale seg i saker som gjeld område som femner om meir enn ein kommune. Lokale organisasjonar har rett til å uttale seg i saker som gjeld stadnamn organisasjonen har ei særleg tilknyting til. Før vedtak om skrivemåte blir gjort, skal namnekonsulentane gi tilråding om skrivemåten til vedtaksorganet. Tilrådingar som gjeld bruksnamn, skal kommunen sende til eigar eller festar.
Saker som gjeld gards- og bruksnamn, skal eigar eller festar få tilsendt direkte. Saker som gjeld samiske eller kvenske stadnamn, skal dessutan sendast til lokale organisasjonar med særleg tilknyting til saka. I tillegg skal saka kunngjerast i minst to aviser som er alminneleg lesne på staden, eller gjerast kjend på annan høveleg måte. Saker som gjeld andre namn, skal kunngjerast på same måten.
Namnesak må reisast samtidig for parallellnamn på norsk, samisk og kvensk.
Med mindre anna er fastsett i lov eller i medhald av lov, gjeld reglane i forvaltningslova kapittel IV, V og VIII ikkje for saker etter lova her.

3.6.3 Synspunkta i høyringsrunden

Hovudframlegget i høyringsnotatet gjekk fram av endringsframlegga i § 6. Her vart råderetten over skrivemåten av bruksnamna overført til grunneigaren frå Kartverket. 54 av 89 høyringsinstansar var imot framlegga til endring. Elleve av 89 høyringsinstansar var positive.

Navnebeskyttelsen Norge skriv: «Departementet har, denne gang, fulgt opp oppdraget gitt av Stortinget […]. Det foreliggende høringsnotatet vil gi endringer som er klargjørende og ikke ytterligere prosessdrivende. Dette er imidlertid under forutsetning av at loven klart gir rom for at rettskrivningsprinsippet kan fravikes.»

Norsk bonde- og småbrukarlag uttalar: «Det klart mest positive og mest imøtekommende i forhold til Stortingets enstemmige ønske er følgende presisering i § 6: «Eigaren eller festaren har det avgjerande ordet i desse sakene.»»

I første ledd andre punktum i stadnamnlova § 6 var framlegget at kontrollen over skrivemåten av bruksnamna vart overført frå Kartverket til eigaren eller festaren gjennom setninga «har det avgjerande ordet i desse sakene».

Norsk lokalhistorisk institutt er representativ for dei mange høyringsinstansane som går imot endringsframlegget: «NLI mener at stedsnavn er en del av vår felles kulturarv. De er ikke gitt som eiendom til den enkelte brukeren eller festeren. Det er fellesskapets – ikke eiernes og festernes – ansvar å ta vare på de nedarvede stedsnavna, både gardsnavna, avledede bruksnavn og andre stedsnavn.» Norsk lokalhistorisk institutt, som ikkje har noka formell rolle i forvaltning av stadnamnlova, meiner i tillegg at lova har «vært et godt redskap for oss til å skape forståelse og ro» i diskusjonar om skrivemåten av stadnamn i bygdebokmiljø. «Omfattende endringer av gjeldende lov om stadnamn er derfor lite velkomne hos oss.»

Riksantikvaren peikar på praktiske konsekvensar av framlegget om at grunneigaren får det avgjerande ordet i bruksnamnsaker. Riksantikvaren meiner at ein konsekvens er at det vil bli fem-seks ulike skrivemåtar av same namnet, og at dette vil skape problem for alle offentlege, eigdomsbaserte register: «Kulturminneforvaltinga sine registerdata er berre éin slik type digitale data. Riksantikvaren er midt inne i ein tung moderningseringsprosess der etableringa av autoritetsregister, smidig utveksling av data med andre etatar og forenkling av byråkrati er vesentlege omsyn. Våre data ligg i eigedomsbaserte register, og vi vil difor sterkt åtvare mot denne lovendringa av omsyn til alle som arbeider med modernisering av offentlege datakjelder og har mål om eit smidigare byråkrati. Dersom dette framlegget vedtas vil stadnamnlova bli ein tung snublestein og eit hinder i moderniseringsarbeidet.»

Kommunal- og moderniseringsdepartementet stilte spørsmål om det var rimeleg å likestille ein festar med ein grunneigar i framlegget til ny § 6, der eigaren og festaren har avgjerande ordet i saker som gjeld skrivemåten av bruksnamn.

Statens kartverk påpeikte at det i høyringsnotatet ikkje gjekk godt nok fram korleis saksbehandlinga skal vere etter framlegget til ny § 6 i stadnamnlova. Framlegget opna for at kommunen skulle sende tilrådingar frå namnekonsulentane direkte til grunneigaren. At tilrådinga skulle sendast til grunneigaren, var grunngjeve med at han skulle ha «direkte innsyn i dei momenta som har kome fram i høyringsrunden, og som kan styrkje eller endre oppfatninga hans». Denne formuleringa harmonerer ikkje med at bruksnamnsakene etter framlegget i andre ledd siste punktum i stadnamnlova § 8 kan vedtakast utan høyring i lokalsamfunnet.

3.6.4 Departementets vurdering

Intensjonen er å gje grunneigaren råderett over skrivemåten av bruksnamna, jf. framlegg til første ledd nytt tredje punktum § 6 i stadnamnlova om at eigaren «har det avgjerande ordet» i bruksnamnsaker. Dette vil også kunne medføre at bruksnamn får skrivemåtar som ligg utanfor offisiell rettskriving i bokmål og nynorsk og skrivemåtar som ikkje er i tråd med norske rettskrivingsprinsipp. Departementet såg i høyringsnotatet dessutan ikkje grunn til å avgrense kor ofte skrivemåten av eit nedervd stadnamn kan endrast av eigaren. I høyringsnotatet la departementet til grunn at også grunneigarar er opptekne av tradisjon, og at dei ønskjer at namnet på bruket deira skal vere ein stabil storleik. Praktisering av lova vil vise kor store praktiske problem det eventuelt vil bli som konsekvens av lovendringane. Departementet held derfor i hovudsak fast ved dei materielle endringane i § 6 som vart føreslått i høyringsnotatet, men har likevel kome til at det bør gjerast strukturelle endringar jamført med høyringsframlegget. Føresegna om «at grunneigaren har det avgjerande ordet» i bruksnamnsaker, bør få ei anna plassering enn som eit tillegg i § 6 første ledd tredje punktum slik det var føreslått i høyringsutkastet. Første ledd i § 6 handlar nemleg om uttalerett for ulike aktørar i ulike namnesaker, inkludert i saker om skrivemåten av bruksnamn. Ei føresegn om at grunneigar skal ha det avgjerande ordet, høyrer tematisk ikkje heime i § 6 første ledd. Departementet føreslår i staden å plassere denne regelen i eit nytt andre ledd. Departementet føreslo i høyringa å plassere i § 8 eit krav til dokumentasjon av den skrivemåten som grunneigaren ønskjer. Vi har likevel kome til at det er uheldig at eit vilkår for retten som grunneigaren etter framlegget til § 6 andre ledd har til å fastsetje skrivemåte, ikkje blir presentert før i § 8. Derfor føreslår departementet å ta regelen som går fram av høyringsframlegget til § 8 andre ledd andre punktum, inn i framlegget til § 6 nytt andre ledd. Vi føreslår å ikkje vidareføre uttrykket «ha det avgjerande ordet», men slå fast ein «rett til å fastsetje skrivemåten». Nytt andre ledd i § 6 vil dermed både slå fast retten eigaren har til å fastsetje skrivemåten av bruksnamn, og setje vilkår for denne retten. Nytt andre ledd i § 6 vil etter framlegget få denne ordlyden:

«I saker om skrivemåten av bruksnamn har eigaren rett til å fastsetje skrivemåten dersom han kan dokumentere at den ønskte skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn. Skrivemåten av bruksnamnet kan i desse tilfella vedtakast utan høyring etter første ledd. Vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal i alle andre tilfelle vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamn som er identisk med gardsnamnet.»

For grunneigarar inneber framlegget ingen materielle endringar jamført med høyringsframlegget.

Departemententet vil derimot ikkje vidareføre forslaget frå høyringsnotatet om at også festaren skulle ha rett til å fastsetje skrivemåte på bruksnamn. Det er i så måte ikkje rimeleg å gje ein festar tilsvarande utvida rettar som grunneigarar til å avgjere skrivemåten av bruksnamnet. Utgangspunktet har vore at retten til avgjere skrivemåten av desse namna skal følgje eigedomsretten, og festerett bør derfor ikkje kvalifisere til den same råderetten over bruksnamna. Der det er både eigar og festar til same eigedomen, følgjer det av dette at grunneigaren har det avgjerande ordet. Departementet understrekar at festaren allereie i dag har rett til å ta opp saker og rett til å uttale seg i saker som gjeld bruksnamn. Desse rettane blir vidareførte. Framlegget til endring inneber derfor ingen materielle endringar i råderetten til festaren, men utvidar rettane til grunneigaren.

Det følgjer av stadnamnlova § 5 andre ledd at Statens kartverk framleis er det formelle vedtaksorganet for blant anna bruksnamn. Ein grunneigar skal etter framlegget måtte dokumentere overfor Kartverket at den skrivemåten han ønskjer på bruksnamnet, har vore i offentleg bruk som bruksnamn. Dersom han kan dokumentere at ønskt skrivemåte har vore i offentleg bruk som bruksnamn, skal Statens kartverk vedta den skrivemåten grunneigaren ønskjer. Det er ikkje relevant om skrivemåten er i strid med norske rettskrivingsprinsipp. Dokumentasjonskrav må likevel stillast, fordi dette er skrivemåtar som skal vedtakast til offentleg bruk, og då er det innarbeidde skrivemåtar av bruksnamnet som skal ha hevd, ikkje t.d. skrivemåtar av eit etternamn som tek utgangspunkt i det nedervde bruksnamnet.

Departementet føreslår å endre ordlyden i framlegget til nytt åttande punktum i første ledd i stadnamnlova § 6 til: «Grunneigaren kan be om å få tilråding frå namnekonsulentane i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom».

Dette medfører ei materiell endring frå det som var føreslått i høyringsnotatet: «Tilrådingar som gjeld bruksnamn, skal kommunen sende til eigar eller festar». Departementet følgjer med dette opp tanken om at grunneigaren gjerne vil ha innsikt i faglege vurderingar av skrivemåten på stadnamnet (bruksnamnet) og opplysningar om kulturminneverdien til det. Tilrådinga skal likevel ikkje vere ein obligatorisk del av saksbehandlinga i kommunen. Derimot kan grunneigaren be om å få tilrådinga som service direkte frå stadnamntenesta, før han melder til Kartverket om den skrivemåten han ønskjer at bruksnamnet skal ha, med den dokumentasjonen av det som trengst. Det er Kartverket som til kvar tid gjer kartografiske vurderingar av kva namn som skal med i ulike kartverk.

3.7 Særskilde reglar om gardsnamn og bruksnamn

3.7.1 Gjeldande rett

Den gjeldande hovudregelen i stadnamnlova § 8 Særskilde reglar om gardsnamn og bruksnamn er at gardsnamn og bruksnamn som fell saman språkleg og geografisk, skal ha lik skrivemåte. Eit vedtak om skrivemåten av gardsnamnet gjev føringar for skrivemåten av namnet på eit fråskilt bruk, t.d. dersom namnet på bruket Vik fell saman med eit nedervd gardsnamn Vik. Statens kartverk gjer vedtak om skrivemåten av gamle gardsnamn og bruksnamna utleidde frå gardsnamna. Eigaren eller festaren av eit bruk har kunna velje namnet og fastsetje skrivemåten av eit bruksnamn berre dersom det ikkje har vore utleidd frå eit nedervd gardsnamn.

3.7.2 Høyringsnotatet

Departementet føreslo i høyringsnotatet desse endringane i stadnamnlova § 8:

  • «Første ledd blir siste ledd med nytt innhald, jf. kulepunkt nedanfor.

  • Andre ledd blir første ledd. Bruksnamn blir fjerna frå dette leddet. For bruksnamn gjeld ikkje lenger regelen om at skrivemåten av bruksnamnet må følgje skrivemåten av namnet i primærfunksjonen (dersom eit slikt namn eksisterer).

  • Andre ledd får nytt innhald. Eigaren eller festaren har det avgjerande ordet i saker som gjeld skrivemåte av bruksnamn, dersom han kan dokumentere at ønskt skrivemåte har vore i offentleg bruk.

  • I nytt andre ledd siste punktum går det fram at lokalsamfunnet ikkje treng høyrast i saker som gjeld bruksnamn, dersom eigar eller festar har rett til å velje skrivemåte etter andre ledd andre punktum.

  • Siste leddet i § 8 tilsvarar delvis det gjeldande første leddet. Endringsframlegget gjer det tydelegare at regelen gjeld nye bruk. Det blir presisert at namneval som eigar eller festar gjer, er avgrensa av reglane om namnevern i § 3.»

Ny ordlyd i stadnamnlova § 8 vart etter høyringsframlegget:

«Skrivemåten av gardsnamn som språkleg og geografisk fell saman med nedervde stadnamn, eller med andre stadnamn som etter reglane i dennelova eller i andre lover og forskrifter skal brukast av det offentlege, skal fastsetjast etter reglane i §§ 4 til 6.
Vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamn som er identisk med gardsnamnet, eller der gardsnamnet går inn som ein del av bruksnamnet. Dette gjeld ikkje dersom eigar eller festar ønskjer ein alternativ skrivemåte og kandokumentere at den ønskte skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn. Skrivemåten av bruksnamnet kan i desse tilfella vedtakast utan anna høyring.
Eigar eller festar kan, med dei avgrensingane som følgjer av § 3, sjølv velje namn og fastsetje skrivemåten av namnet på eit nytt bruk.»

Departementet føreslo ei strukturell og språkleg endring i § 8. Det som er gjeldande første ledd, vart etter framlegget flytta ned til tredje og siste ledd, samtidig med at det tredje og siste leddet vart omformulert. Denne endringa skulle motverke ei mistyding som gjeldande lov til ein viss grad har vore opphav til, og som har skapt forventningar til ein råderett som ikkje har vore reell. I stadnamnlova § 8 Særskilde reglar om gardsnamn og bruksnamn vil gjeldande første punktum i første ledd etter strukturen bli oppfatta som ein hovudregel: «Eigar eller festar kan fastsetje namn på eige bruk». Denne retten til å velje namn på eige bruk gjeld i realiteten berre bruk som er nyoppretta, eller som ikkje ber eit nedervd stadnamn. Altså er regelen meir eit unntak enn ein hovudregel. Den eigentlege hovudregelen går fram av § 8 gjeldande tredje ledd, som slår fast at skrivemåten av eit gardsnamn skal overstyre skrivemåten av eit bruksnamn når desse namna er samanfallande. Departementet meinte at det burde bli tydelegare kva som er hovudregelen i paragrafen. Dette kunne ein få til ved å endre strukturen og presisere innhaldet språkleg.

I høyringsframlegget til § 8 andre ledd andre punktum la departementet inn eit vilkår om at eigaren eller festaren må kunne dokumentere at det bruksnamnet han ønskjer i offentleg bruk, har vore i bruk av det offentlege som bruksnamn. Denne avgrensinga er mellom anna føreslått for å hindre at skrivemåte av etternamn, som er regulert i personnamnlova, automatisk skal få innverknad på offentleg normering av stadnamn. Departementet vurderte om det burde stillast krav til dokumentasjon i det heile. Viss det ikkje blir stilt krav til dokumentasjon, vurderte departementet det slik at eigar eller festar ikkje måtte grunngje ønsket sitt om skrivemåte. Dette ville ha ført til minimalt med saksbehandling i bruksnamnsaker. Departementet kom likevel til at det burde stillast visse krav til at grunneigarar kan dokumentere ønskt skrivemåte av eit bruksnamn. I vurderinga låg det at mange grunneigarar er opptekne av tradisjon og hevd, og at ein må leggje til grunn at dei ønskjer at skrivemåten av bruksnamna skal vere ein stabil storleik. Når det offentlege skal ta namnet i bruk, bør det også gjerast på bakgrunn av at saka på denne måten til ein viss grad er utgreidd.

Krav til dokumentasjon for alle undergrupper av stadnamn har til no handla om kva for kriterium som skal leggjast til grunn for at skriftformer skal kome inn under nemningane «er i bruk av det offentlege» og «godkjende og brukte i offentleg samanheng». Desse nemningane er nytta i lova § 9 tredje ledd og forskrifta § 15 første ledd. Kartverket treng slike kriterium for å vite kva for skriftformer som kan leggjast inn som godkjende etter gamalt regelverk i Sentralt stadnamnregister (SSR). Merknadene til stadnamnlova § 9 har følgjande forklaring: «Med «i bruk av det offentlege» i tredje ledd i paragrafen er meint at det offentlege nyttar namnet i tenesteutøving, på kart, skilt, i register mv. Oppføring i namnesamlingar, bygdebøker o.l. er ikkje offentleg bruk.»

Klagenemnda for stadnamnsaker og departementet har også hittil uttalt at skrivemåtar på skøyte og i private dokument blir lagde mindre vekt på enn autoriserte skrivemåtar, dvs. skrivemåtar på offisielle kart og i offisielle matriklar. Også i dag er det høve til å leggje vekt på innarbeidde skriftformer som ikkje er i tråd med gjeldande rettskriving, jf. merknadene til § 4 i forskrifta til stadnamnlova:

«Dagens skriftformer kan ha oppstått på ulike måtar, nokre meir tilfeldig, andre etter vurdering i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom den forma som er brukt i statleg samanheng, byggjer på det regelverket for skrivemåten av stadnamn som til kvar tid har vore gjeldande, bør det leggjast vekt på denne. Dersom ei anna skriftform er vel kjend og meir brukt, må det likevel vurderast om ho bør brukast.
Skrivemåten av stadnamn kan avvike frå gjeldande rettskrivingsprinsipp når skriftforma har vore lenge i bruk og er vel kjend og innarbeidd, eller at det knyter seg særleg sterke interesser til denne skriftforma, t.d. av økonomisk karakter. Utanlandske og reint litterære namn og nyare personnamn treng ikkje følgje norske rettskrivingsprinsipp.»

Departementet føreslo i høyringsnotatet at krava til dokumentasjon av skrivemåten av bruksnamn ikkje burde vere like strenge som dei i praksis har vore før. Dette er ein funksjon av framlegget om at grunneigaren skal ha større råderett over skrivemåten av bruksnamna enn før. Det kan ikkje vere slik at krava til kjeldebruk og dokumentasjon er så strenge at dei i realiteten berre viser til dokumenttypar som inneheld stort sett tidlegare normerte former. Derfor opna departementet i høyringsrunden for at t.d. eit skøyte kunne vere eit døme på godkjend dokumentasjon på skrivemåte av bruksnamnet, noko det ikkje har vore til no. Departementet presiserte i høyringsnotatet at skrivemåten av etternamn på gravsteinar ikkje kan brukast som dokumentasjon på skrivemåten av bruksnamnet, heller ikkje skrivemåten av stadnamn i bygdebøker og oppføring i namnesamlingar. Bygdebøker har ulik fagleg kvalitet og er ikkje eigna som kjelder til skrivemåte av stadnamn, fordi dei er skrivne med veldig ulike utgangspunkt. Namnesamlingar kan ikkje brukast som kjelde til skrivemåte fordi dei kan ha som mål i seg sjølv å framstille stadnamn heilt talemålsnært. Bygdebøker og namnesamlingar er elles verdifulle kjelder til å dokumentere lokal nedervd uttale og kulturhistoriske opplysningar om namn og namnebruk.

Råderetten til eigaren eller festaren er også i dag avgrensa av § 3 Namnevern. Deter derfor inga materiell endring når departementet føreslo at det blir presisert i § 3 siste ledd at dette blir eksplisitt uttrykt i lova.

3.7.3 Synspunkta i høyringsrunden

Språkrådet meinte den språklege gjennomgangen av lova er god og at endringane i strukturen formidlar reglane betre.

Klagenemnda for stadnamnsaker meinte at det som etter forslag til ny struktur ville bli første ledd i § 8, kan strykast fordi det er ei unødvendig presisering ettersom alle stadnamn uansett er omfatta av §§ 4 til 6. Nemnda meinte det også var viktig å presisere kva som ligg i offentleg bruk i framlegget til § 8 andre ledd. Dei meinte også at ein i gjeldande § 8 tredje ledd, som etter høyringsframlegget vart vidareført som andre ledd, burde unngå ordet «identisk» i formuleringa: «Vedtak om skrivemåten av gardsnamn skal som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten av bruksnamn som er identisk med gardsnamnet, […]». Dei føreslo i staden uttrykket «bruksnamn som fell saman med gardsnamnet».

Klagenemnda meinte det også var viktig å presisere nytt bruk i lovteksten, i framlegget til nytt tredje ledd. Framlegget frå nemnda til omarbeidd tekst var «Eigar eller festar kan, med dei avgrensingane som følgjer av § 3, sjølv velje namn og fastsetje skrivemåten av namnet på eit nyoppretta bruk eller eit bruk som ikkje har eit nedervd namn».

Ingen av høyringsinstansane har stilt spørsmålsteikn ved at det i framlegget blir stilt krav til dokumentasjon om at namnet har vore i offentleg bruk som bruksnamn.

3.7.4 Departementets vurdering

Departementet følgjer opp framlegget til endring av strukturen i § 8, slik at gjeldande første ledd blir slått saman med gjeldande fjerde ledd til eit tredje og siste ledd, med presisert innhald. Gjeldande andre ledd blir etter framlegget vidareført som første ledd. Gjeldande tredje ledd blir andre ledd. Departementet følgjer ikkje opp høyringsframlegget om å ta ut «bruksnamn» frå det som blir nytt første ledd i § 8. Justeringane vi har gjort etter høyringsrunden, gjer at det kjem inn nye reglar i § 4 til 6 som nettopp vedkjem bruksnamn. Det blir derfor ikkje rett å ta ut «bruksnamn» frå ein regel i første ledd § 8 som viser til sentrale reglar for fastsetjing av bruksnamn. Vi har vurdert om gjeldande § 8 andre ledd, det som etter framlegget blir første ledd, kan takast heilt ut av lova, slik Klagenemnda for stadnamnsaker føreslår. Det som talar for dette, er at presiseringa om «at gardsnamn og bruksnamn som geografisk og språkleg fell saman med nedervde stadnamn skal behandlast etter §§ 4 til 6» på noko vis er overflødig. Alle nedervde stadnamn skal jo behandlast etter §§ 4 til 6. Men det er så mange bruksnamn som fell saman med gardsnamn, at det truleg er viktig å framheve i lova det busetjingshistoriske og språklege sambandet mellom namna. Departementet vidarefører på dette grunnlaget gjeldande andre ledd som uendra, men som første ledd av tre ledd i § 8.

Som omtalt i punkt 3.6.4 føreslår departementet å ikkje vidareføre høyringsframlegget til formulering i stadnamnlova § 8 andre ledd nytt andre punktum om at eigaren skal ha det avgjerande ordet i bruksnamnsaker, men ta inn det materielle innhaldet om råderett over skrivmåten av bruksnamn til nytt andre ledd i § 6.

Opphavleg første ledd i § 8 var: «Eigar eller festar kan fastsetje namn på eige bruk. Eigar eller festar har likevel ikkje rett til å endre eller byte ut bruksnamn som kjem inn under andre ledd dersom ikkje særlege grunnar talar for det». Dette vart etter høyringsframlegget endra til: «Eigar eller festar kan, med dei avgrensingane som følgjer av § 3, sjølv velje namn og fastsetje skrivemåten av namnet på eit nytt bruk.» Dette kan sjå ut som ei stor materiell endring, men er det ikkje. Fastsetjing av skrivemåten på nedervde stadnamn er etter gjeldande rett plassert i vedkommande vedtaksorgan. Derfor har ikkje eigar eller festar rett til å fastsetje namn på kva bruk som helst, og regelen i gjeldande første ledd første punktum er ikkje reell. Retten til å velje namn på eige bruk er avgrensa av § 3. Departementet held oppe framlegget om å presisere innhaldet i gjeldande første ledd og plassere det saman men gjeldande fjerde ledd om «andre stadnamn», slik at dette til saman utgjer nytt tredje ledd i § 8. Departementet følgjer i hovudsak opp framlegget til omformulering av § 8 nytt tredje ledd. Vi tek likevel inn dei presiseringane som Klagenemnda for stadnamnsaker føreslo: «Eigar eller festar kan, med dei avgrensingane som følgjer av § 3, sjølv velje namn og fastsetje skrivemåten av namnet på eit nyoppretta bruk eller eit bruk som ikkje har eit nedervd namn.» Nyoppretta bruk kan beint fram døypast, fordi dei ikkje heiter noko frå før, men dette er avgrensa av § 3 om namnevern. Dersom bruket har eit namn, men namnet ikkje er nedervd, kan også eigaren eller festaren byte ut eller endre namnet og fastsetje skrivemåten av det, med dei avgrensingane som er i § 3.

3.8 Presisering av klagereglane

3.8.1 Gjeldande rett

Alle vedtak som er gjorde etter lov om stadnamn, kan påklagast til Klagenemnda for stadnamnsaker.

Det har oppstått spørsmål om dei som har klagerett etter stadnamnlova, med tilvising til § 3 Namnevern og namnsetjing, kan klage på namnsetjingsvedtak gjort etter anna lovgjeving. Lov om stadnamn fastslår klagerett i § 10 med tilvising til § 5 første ledd bokstav a til c, og kven som der har rett til å reise namnesaker. Ettersom val av namn ikkje er vedtak etter stadnamnlova, gjeld ikkje saksbehandlingsreglane i lova for slike vedtak. Når eit namneval blir gjort etter anna lovgjeving, er handlingsrommet likevel avgrensa av den nemnde § 3i stadnamnlova. Klagereglane i stadnamnlova vil gjelde dersom eit namneval eller ei avgjerd om å ikkje vidareføre eit namn som er i bruk, kan seiast å vere i strid med § 3 i stadnamnlova om vern av namn. Tilsvarande gjeld for namneval som fylkeskommunen og statsorgana gjer. Dette følgjer også av formuleringa i § 1 tredje ledd om verkeområdet for lova: «Lova gjeld når organ for stat, fylkeskommune og kommune skal fastsetje stadnamn [vår kursivering] eller skrivemåten av dei, eller bruke dei i tenesta».

Val av namn på nye bruk som eigaren eller festaren gjer, vil òg vere avgrensa av stadnamnlova § 3, t.d. på den måten at ein grunneigar i Vestfold ikkje kan kalle eit nytt bruk for Stiklestad jf. § 3 første ledd bokstav b, ettersom dette namnet har nasjonal og historisk signalverdi, med opphav i Trøndelag.

Både Stadnamntenesta og Kartverket kan gje råd om namnsetjing og god namneskikk. Språkrådet har gjeve ut ein brosjyre som er meint som rettleiingsmateriell til kommunane i adresseringsarbeidet.

3.8.2 Høyringsnotatet

Endringane som vart føreslåtte i stadnamnlova § 3, gjekk blant anna ut på å gå opp grensene og sambanda mellom namnsetjingsvedtak etter anna lovgjeving på den eine sida og vedtak om skrivemåte etter stadnamnlova på den andre. Som ein konsekvens av denne klargjeringa meinte departementet at det også var behov for å presisere retten til å klage etter stadnamnlova dersom eit namnsetjingsvedtak etter anna lovgjeving kan seiast å vere i strid med stadnamnlova § 3.

Det blir ikkje ført tilsyn med namnevala som stat, kommune og fylkeskommune gjer. Det finst derfor ikkje tal på kor utbreidd det er med namneval som strir mot stadnamnlova § 3, men frå rettleiingsarbeidet til Kartverket og stadnamnkonsulentane kan det dokumenterast at problemstillingane stadig dukkar opp. Sidan namneval ikkje er vedtak etter stadnamnlova og dermed ikkje del av saksbehandlinga etter denne lova, vil brot på § 3 elles bli oppdaga relativt tilfeldig eller i høyringsrundane som gjeld skrivemåte av stadnamn. Departementet kjenner til saker der t.d. kommunar med eit pennestrok fjernar godt innarbeidde, verdifulle stadnamn i nytt planverk, fordi det t.d. verkar praktisk med få namn eller fordi dei kommunetilsette ikkje kjenner namna på staden godt nok. Andre døme er at utbyggjarar får velje namna. Inntrykket er likevel at mange kommunar, fylkeskommunar og statsorgan gjer dei fleste namnevala med omtanke for namnevern.

Departementet føreslo følgjande endring i stadnamnlova § 10:

  • «Første ledd i § 10 får eit nytt punktum som klargjer klagerett dersom namnevalet strir mot § 3.

  • I andre ledd blir namnet Norsk språkråd endra til Språkrådet.»

Ordlyden i nytt andre punktum i første ledd i § 10 vart etter høyringsframlegget:

Klage på vedtak om namnsetjing etter anna lovgjeving, som er i strid med § 3 i denne lova, skal behandlast tilsvarande.

3.8.3 Synspunkta i høyringsrunden

Få høyringsinstansar hadde merknader til framlegget om endring av stadnamnlova § 10. Det var ingen motførestillingar til å setje inn ei setning i lova som klargjer kven som har klagerett dersom namnevalet strir mot verneføresegna i stadnamnlova § 3.

3.8.4 Departementets vurdering

Departementet meiner det er behov for å presisere retten til å klage etter stadnamnlova dersom eit namnsetjingsvedtak etter anna lovgjeving kan seiast å vere i strid med stadnamnlova § 3. Ei slik presisering vil også verke som ei bevisstgjering av t.d. kommunane som moglegvis allereie i reguleringsplanar tek i bruk namn som det seinare kan hevdast er i strid med stadnamnlova § 3 om namnevern. På bakgrunn av dette og at det ikkje har kome motførestillingar i høyringsrunden, følgjer departementet opp forslaget om å setje inn ei setning som klargjer at vedtak om namnsetjing etter anna lovgjeving som strir mot § 3 i stadnamnlova, skal behandlast etter klagereglene i stadnamnlova § 10. Framlegget er det same som vart sendt på høyring, men setningsbygnaden er noko endra:

«Tilsvarande gjeld for vedtak om namnsetjing etter anna lov dersom vedtaket er i strid med § 3 i lova her.»

Namnet Norsk språkråd i andre ledd andre punktumblir endra til Språkrådet, ettersom dette er det vedtekne namnet på den institusjonen som frå 2005 tok over funksjonane til det tidlegare Norsk språkråd.

Fotnotar

1.

Nordland, Ingvil 2009. Normering av stedsnavn i skjæringspunktet mellom vedtaksorgan og grunneier: en analyse med bakgrunn i klagenemndas behandling av saker fra Midt-Norge i perioden 1992–2008. Masteroppgave i nordisk, særlig nordisk språkvitenskap, Institutt for lingvistiske og nordiske studier, UiO .

2.

Jf. Ot.prp. nr. 42 (2004–2005) Om lov om endringar i lov 18. mai nr. 11 om stadnamn m.m.

3.

Innst. O nr. 59 (2004–2005)

4.

Forskrift om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften)

5.

Ot.prp. nr. 42 (2004–2005) Om lov om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn m.m.

6.

Kulturdepartementet 2001. Evaluering av stadnamnlova. Avgitt til Kulturdepartementet januar 2001. http://www.regjeringen.no/nb/dep/kud/dok/ rapporter_planer/rapporter/2001/evaluering-av- stadnamnlova.html?regj_oss=1&id=521571

7.

Forskrift om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften)

8.

Lov om eiendomsregistrering (matrikkellova)

9.

Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven)

10.

Lov om Den norske kirke (kirkeloven)

Til forsida