Prop. 105 L (2014–2015)

Endringar i lov om stadnamn (om høvet grunneigarar har til å fastsetje skrivemåte av bruksnamn m.m.)

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaga som gjeld klargjering av språk, ansvar og myndigheit, dvs. endringane i paragrafane om formål, definisjonar, namnevern og klagerett, vil vonleg føre til at sakene kan gå raskare og smidigare gjennom systemet.

Det er ikkje lagt opp til endringar i reglane om vedtaksrett, dvs. kva for organ som vedtek skrivemåten av dei ulike typane stadnamn. Kommunane og andre offentlege organ vil ha same oppgåver og ansvarsområde som tidlegare.

Det største framlegget til endring er at namn på gardsbruk eller eigedom under eit gardsnummer skal få den skrivemåten grunneigaren ønskjer, så lenge han kan dokumentere at skrivemåten har vore i offentleg bruk. I saker som gjeld skrivemåten av bruksnamn, vil dermed saksbehandlinga i Statens kartverk bli redusert til å vurdere den framlagde dokumentasjonen. Kartverket treng ikkje sjølv leite fram dokumentasjon for skrivemåtar som skal brukast som grunnlag for vedtak.

Bruksnamnsaker må ikkje lenger sendast på lokal høyring. Desse sakene treng kommunen heller ikkje kunngjere «i to aviser som er allminneleg lesne på staden, eller på annan høveleg måte» (jf. stadnamnlova § 6 gjeldande andre ledd). Det er grunn til å tru at dette totalt sett vil gjere at det blir mindre arbeid for kommunane i kvar enkelt sak om bruksnamn.

Det er vanskeleg å seie kor mange saker om skrivemåten av bruksnamn som vil bli reiste som resultat av lovendringa. Blir det mange nye saker, vil det føre til meirarbeid i heile saksbehandlingsapparatet, også kommunane. Etter første ledd i matrikkelforskrifta § 54 kan ein krevje adressetilleggsnamn etter følgjande regel: «Når adressen gjelder et gårdsbruk, kan den som har hjemmel til eiendommen som eier, kreve at den offisielle adressen også skal omfatte gårdens bruksnavn, dersom navnet faller språklig og geografisk sammen med et nedarvet stedsnavn, jf. lov om stadnamn.» Det er mogleg ei lovendring kan føre til endringar i skrivemåten av bruksnamn som er i bruk som adressetilleggsnamn, og dermed også i den offisielle adressa.

Kartverket vil også få eit meirarbeid avhengig av kor mange nye saker som blir tekne opp, og kor mange saker som på bakgrunn av den føreslåtte lovendringa blir gjenopna etter § 7 Gjenopning. Departementet har lagt vekt på at grunneigaren skal kunne dokumentere at skrivemåten av bruksnamnet har vore i offentleg bruk. Klare og avgrensa krav til kva som kan godtakast som dokumentasjon, vil gjere at kvar enkelt sak ikkje blir særleg ressurskrevjande.

Alle namn som har fått skrivemåten vedteken etter lov om stadnamn, skal registrerast i Sentralt stadnamnregister (SSR), som blir administrert av Kartverket. Førebels registrerer Kartverket alle vedtak, men i utviklingsarbeidet av SSR blir det no lagt opp til at kommunane sjølve skal registrere eigne vedtak. Lovendringa fører ikkje til endringar i systemet eller i modellen for SSR.

Grunneigarar som ønskjer at Statens kartverk skal vedta ein bestemt skrivemåte av namnet på gardsbruk eller eigedom, må vise fram dokumentasjon på at skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn.

Departementet legg alt i alt til grunn at forslaget ikkje vil innebere nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar verken for staten, kommunane eller andre.

Til forsida