Prop. 11 L (2023–2024)

Endringar i helselovgivinga (organisatoriske endringar i sentral helseforvaltning)

Til innhaldsliste

8 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget

Lov 10. februar 2017 nr. 5 om endringer i tobakksskadeloven

Til § 34 a

Statens legemiddelverk endrar namn til Direktoratet for medisinske produkter. Namnet på etaten er derfor endra i føresegnen.

Til § 35

Statens legemiddelverk endrar namn til Direktoratet for medisinske produkter. Namnet på etaten er derfor endra i føresegnen.

Legemiddelloven

Til § 21 a

Statens legemiddelverk endrar namn til Direktoratet for medisinske produkt. Namnet på etaten er derfor endra i føresegnen.

Tobakksskadeloven

Til § 35

Statens legemiddelverk endrar namn til Direktoratet for medisinske produkt. Namnet på etaten er derfor endra i føresegnen.

Smittevernloven

Til § 3-8

Direktoratet for medisinske produkt skal få eit større ansvar for beredskap og forsyningstryggleik på vaksinefeltet. I dag ligg desse oppgåvene til Folkehelseinstituttet. Ansvaret for å sikre nødvendig vaksineforsyning og vaksineberedskap blir lagt til departementet i § 3-8 nytt andre ledd. Den nærare oppgåvefordelinga mellom Folkehelseinstituttet og Direktoratet for medisinske produkt på dette feltet kan omtalast i instruksane til etaten og departementet si etatstyring. Sjå meir under punkt 4.3.

Til § 7-9

Oppgåvefordelinga mellom Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet er endra. Folkehelseinstituttet blir reindyrka som ein meir spissa kunnskapsetat med ansvar for kunnskapsoppsummeringar og forsking, medan regelverktolking og formelle myndeoppgåver blir samla i Helsedirektoratet. Innanfor smittevern og miljømedisin skal Folkehelseinstituttet likevel fortsett ha gjennomførings- og overvakingsfunksjonar. Folkehelseinstituttet skal innan desse områda ha meir operative funksjonar, inklusive rådgivingstenester. Føresegnen i § 7-9 om oppgåvene til Folkehelseinstituttet er derfor endra. Sjå også punkt 5.3.

Til § 7-10

Oppgåvefordelinga mellom Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet er endra. Regelverktolking og formelle myndeoppgåver blir samla i Helsedirektoratet, medan Folkehelseinstituttet blir reindyrka som ein meir spissa kunnskapsetat med ansvar for kunnskapsoppsummeringar og forsking. Innanfor smittevern og miljømedisin skal Folkehelseinstituttet likevel fortsett ha gjennomførings- og overvakingsfunksjonar. Folkehelseinstituttet skal innan desse områda ha meir operative funksjonar, inklusive rådgivingstenester. Føresegnen i § 7-10 om oppgåvene til Helsedirektoratet er derfor endra. Sjå også punkt 5.3.

Spesialisthelsetjenesteloven

Til § 7-3

Departementet får mynde til å bestemme på kva for område Helsedirektoratet skal utvikle, formidle og vedlikehalde nasjonale faglege retningsliner og rettleiarar. Anbefalingar i nasjonale faglege retningsliner og rettleiarar vil ikkje vere rettsleg bindande for kommunar, helseføretak, helsepersonell eller andre. Helsedirektoratet har etter § 7-3 i utgangspunktet ei generell plikt til å utarbeide slike dokument. Endringa opnar for at departementet kan gjere unntak frå denne plikta på nokre område. Sjå meir under punkt 5.3.

Pasient- og brukerrettighetsloven

Til § 7-2

Forslaget fører til endring i klageinstans for vedtak om dekning av utgifter til utlandsbehandling etter pasient- og brukerrettighetsloven § 2-4 a andre ledd bokstav a. Forslaget fører ikkje til endring i klageinstans for dei andre ordningane etter § 2-4 a, her blir Helseklage vidareførd som klageinstans, noko som allereie følgjer av føresegnene i folketrygdloven.

Endringa frå klagenemnda til Helseklage som klageinstans skal gjelde for vedtak klageinstansen treff etter at lova er tredt i kraft. Helseklage skal såleis overta pågåande klagesaker frå klagenemnda når loven trer i kraft. Sjå også punkt 6.3.

Folkehelseloven

Til § 24

Oppgåvefordelinga mellom Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet på folkehelseområdet er endra. Helsedirektoratet skal vidareførast som ein heilskapleg myndeetat, mens Folkehelseinstituttet skal vidareutviklast til ein spissa kunnskapsetat med ansvar for kunnskapsoppsummeringar og forsking. Føresegnen i § 24 om Helsedirektoratet sine oppgåver er derfor endra. Sjå meir under punkt 5.3.

Til § 25

Oppgåvefordelinga mellom Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet på folkehelseområdet er endra. Folkehelseinstituttet skal vidareutviklast til ein spissa kunnskapsetat med ansvar for kunnskapsoppsummeringar og forsking, mens Helsedirektoratet skal vidareførast som ein heilskapleg myndeetat. Føresegnen i § 25 om Folkehelseinstituttet sine oppgåver er derfor endra. Sjå meir under punkt 5.3.

Til § 28 tredje ledd

Føresegnen i tredje ledd er endra slik at det er opent kva for statlege styresmakter departementet kan pålegge kommunar m.fl. ei meldeplikt overfor.

Helse- og omsorgstjenesteloven

Til § 12-5

Departementet får mynde til å bestemme på kva for område Helsedirektoratet skal utvikle, formidle og vedlikehalde nasjonale faglege retningsliner og rettleiarar. Anbefalingar i nasjonale faglege retningsliner og rettleiarar vil ikkje vere rettsleg bindande for kommunar, helseføretak, helsepersonell eller andre. Helsedirektoratet har etter § 12-5 i utgangspunktet ei generell plikt til å utarbeide slike dokument. Endringa opnar for at departementet kan gjere unntak frå denne plikta på nokre områder. Sjå meir under punkt 5.3.