Prop. 111 S (2021–2022)

Nokre saker om veg, særskilde transporttiltak og transport i byområda mv.

Til innhaldsliste

3 Særskilde transporttiltak

3.1 Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes

Kystrutekontrakten mellom Havila Kystruten og Samferdselsdepartementet gjeld frå 1. januar 2021. Mellom anna på grunn av koronapandemien blei bygginga av dei fire skipa til Havila Kystruten forseinka, slik at det ikkje var mogleg med oppstart frå 1. januar 2021. Det første kystruteskipet, Havila Capella, kom i drift 12. desember 2021, medan det andre, Havila Castor, blei levert frå verftet i slutten av april i år, og det skal etter planen setjast i drift i første halvdel av mai 2022. Havila Capella, som er finansiert gjennom finansiell leasing med eit russisk eigd selskap, ligg no i opplag etter at forsikringane for skipet blei råka av sanksjonane mot Russland i samband med krigen i Ukraina. Havila Kystruten arbeider med å finne løysingar på dette. Havila Castor er fullt ut norsk eigd.

Det går fram av Prop. 29 S (2021–2022) Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet at Havila Kystruten fekk fritak frå å stille med erstatningsskip for dei to siste skipa, Havila Polaris og Havila Pollux, viss reiarlaget innan utgangen av 2021 kunne sannsynleggjere at skipa blei seglingsklare til 1. mai 2022. Om reiarlaget ikkje klarte dette, ville departementet vurdere å stille krav om erstatningsskip. Havila Kystruten informerte 9. februar 2022 om nye og uføresette forseinkingar på grunn av pandemien, og at dei to siste skipa etter ny plan først vil bli seglingsklare i tredje og fjerde kvartal 2022. Ut frå ei totalvurdering kom departementet da til at staten ikkje skulle krevje erstatningsskip av reiarlaget. Departementet har tett dialog med Havila Kystruten og vurderer fortløpande behovet for tiltak for å sikre tilstrekkeleg kapasitet for kystruta.