Prop. 111 S (2021–2022)

Nokre saker om veg, særskilde transporttiltak og transport i byområda mv.

Til innhaldsliste

4 Transport i byområda mv.

4.1 Tilskot til mindre byområde utanfor byvekstavtalane

I statsbudsjettet for 2022 er det på kap. 1332, Transport i byområda, post 66 Tilskot til byområda, sett av 30 mill. kr til ei ny tilskotsordning for fem byar som ikkje er omfatta av byvekstavtalar.

Tilskotsordninga skal leggje til rette for ei klima- og miljøvennleg byutvikling og god framkome, gjennom å styrkje satsinga på kollektivtransport, sykling og gange. Ordninga var omtalt i Meld. St. 20 (2020–2021) Nasjonal transportplan 2022–2033, der det var lagt opp til ei ramme på 600 mill. kr over fire år tidleg i planperioden. Midlane i ordninga skulle vere øyremerkte til Bodø, Ålesund, Haugesund, Arendal/Grimstad og Vestfoldbyen (Tønsberg, Sandefjord og Larvik).

For å følgje opp tilskotsordninga slik ho var omtalt i Nasjonal transportplan 2022–2033, vil løyvingane måtte trappast opp dei neste åra. Samferdselsdepartementet viser til omtalen av den økonomiske utviklinga i Finansdepartementets proposisjon om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2022. Det er fare for oppheting av økonomien, og det er avgrensa rom for nye store tiltak. Samferdselsdepartementet meiner derfor at tilskotsordninga ikkje bør starte opp no. Departementet vil i statsbudsjettet for 2023 kome tilbake med ei ny vurdering.

I Nasjonal transportplan 2022–2033 er det lagt til grunn at tilskotet skal gå til mindre investeringar i gang- og sykkelvegar og kollektivtiltak. Dei kan ikkje nyttast til drift av kollektivtransport. Tilskotet skal inngå som statleg bidrag i bypakkene i dei aktuelle byane. Tildeling vil først kunne skje etter at Stortinget har handsama ei bypakke, og styringa av pakka er nærmare formalisert. Det er ein føresetnad at lokale partar forpliktar seg til å følgje opp nullvekstmålet. Av dei aktuelle byane meiner departementet at Ålesund og Bodø er nærmast til å oppfylle krava. For desse byane blei det lagt fram bypakker i høvesvis 2021 og 2022. I Bypakke Ålesund er det ein ambisjon å nå nullvekstmålet, jf. Prop. 201 S (2020–2021) Utbygging og finansiering av Bypakke Ålesund i Møre og Romsdal. I Fase 2 av Bypakke Bodø er det ei satsing på kollektivtransport, sykling og gange, jf. Prop. 61 S (2021–2022) Bypakke Bodø fase 2 i Nordland – forlenga innkrevjingsperiode og auka gjennomsnittstakst.

Samferdselsdepartementet legg opp til at midlane som er sette av i 2022, blir delte likt mellom Ålesund og Bodø som ei eingongsutbetaling. Departementet føreset at midlane går til mindre investeringar i tiltak for kollektivtransport, sykling og gange i tråd med føremålet med tilskotsordninga, og det vil bli stilt krav om ei enkel rapportering om bruken av midlane.

4.2 Orientering om bruk av tilskotsmidlar i byvekstavtalane

Dei ulike tilskotsordningane under kap. 1332, Transport i byområda, post 66 Tilskot til byområda, har ulike føremål. Midlane går i hovudsak til å følgje opp byvekstavtalane i Oslo-området, Bergens-området, Trondheims-området og Nord-Jæren. For fleire av tilskota skjer utbetaling jamt over avtaleperioden. Tilskota skal dekkje utgifter til ulike prioriterte oppgåver i dei einskilde byområda. I den årlege rulleringa av fireårige handlingsprogram for dei fire byvekstavtalane blir det lagt planar for bruken av midlane.

Rapporteringa frå byområda til Statens vegvesen viser at det samla ved utgangen av 2021 står betydelege midlar ubrukt, om lag 1,25 mrd. kr til saman for dei fire byområda. Dette gjeld belønningsmidlar og tilskot til betre kollektivtilbod, og er midlar som er utbetalte til fylkeskommunane i 2021 og tidlegare år. Samferdselsdepartementet meiner at dette mindreforbruket må reduserast framover. Det er viktig at utbetalte midlar blir brukt i dei einskilde byane, og at det blir lagt gode planar for bruk av tilskot også i dei kommande åra. Samferdselsdepartementet er i dialog med byområda om framtidig bruk av tilskot frå staten.

4.3 Orientering om bruksfordelar for elbilar i byområda

Kollektivtransporten er no i ein krevjande omstillingsperiode. Medan biltrafikken i byområda stort sett er tilbake på nivået i 2019, er det framleis færre som reiser med kollektivtransport enn før pandemien.

På oppdrag frå Samferdselsdepartementet har ei arbeidsgruppe koordinert av Statens vegvesen vurdert tiltak for å få fleire til å reise kollektivt. Arbeidsgruppa tilrår verkemiddel som styrkjer og utviklar kollektivtilbodet, og som betrar konkurransekrafta for kollektivtransporten samanlikna med privatbilen.

Særleg i byområda er bruken av elbilar i konkurranse med kollektivtransporten. Elbilar har bruksfordelar som mellom anna lågare bompengetakstar. Desse fordelane bidreg til å svekkje konkurransekrafta for kollektivtransporten mot privatbilen. Utviklinga med meir bilbruk kan gjere det krevjande å nå nullvekstmålet for persontransport med bil. Bruksfordelane for elbil blei innført da det var få elbilar på vegane og elbilmarknaden var umoden. Ved utgangen av 2021 var over 63 pst. av nybilsalet elbilar. Frå januar til mars 2022 har delen vore mellom 74 og 85 pst. Det er no om lag 500 000 elbilar på norske vegar. Arbeidsgruppa meiner at eit aktuelt verkemiddel er å redusere fordelane med bruk av elbil i, og i nærleiken av byområda, særleg i bomringane, i kollektivfelt og for parkering i byar. Det vil gje elbilistane eit meir korrekt signal om kostnadene ved bruk av vegkapasitet.

For å følgje opp tilrådinga frå arbeidsgruppa har Samferdselsdepartementet gitt Statens vegvesen i oppdrag å vurdere bruksfordelane for elbilar i byområda. Arbeidet er avgrensa til bompengebetaling, parkering og tilgang til kollektivfelt.

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2017 fatta Stortinget oppmodningsvedtak nr. 108 pkt. 2c om å etablere ein nasjonal bindande regel om at nullutsleppskøyretøy ikkje skal betale meir enn maksimalt 50 pst. av takstane for konvensjonelle køyretøy når det gjeld bompengar, ferje og parkering.

På denne bakgrunn har det det blitt arbeidd med ei føresegn om at nullutsleppskøyretøy ikkje skal betale meir enn 50 pst. parkeringsavgift samanlikna med konvensjonelle køyretøy. Dette arbeidet er no stilt i ro i påvente av vurderinga av bruksfordelane for elbilar i byområda. Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til Stortinget om saka på eigna måte.

4.4 Orientering om endra vilkår for bruk av tilskotsmidlar i byvekstavtalane

Staten dekkjer inntil 50 pst. av prosjektkostnadene i store fylkeskommunale kollektivtransportprosjekt i dei fire største byområda (i Oslo-området, Bergens-området, Trondheims-området og på Nord-Jæren), dei såkalla 50/50-prosjekta. Midlane blir betalte ut etter prosjekta si framdrift. I statsbudsjettet for 2020 blei det statlege bidraget auka til 66 pst. Halvparten av det auka tilskotet frå 50 til 66 pst. skulle øyremerkast reduserte bompengar, og halvparten betre kollektivtilbod i byane etter ei lokal prioritering. Dette har blitt nærmare konkretisert i dei inngåtte byvekstavtalane for kvart einskild byområde.

For å betre situasjonen for kollektivtransporten, vil regjeringa auke fleksibiliteten i tilskotsordninga som følgjer av den tidlegare auken i det statlege bidraget til 50/50-prosjekta frå 50 til 66 pst. Den delen av tilskotet som no skal nyttast til reduserte bompengar, kan endre føremål viss det lokalt er ønskje om det. Tilskotet kan derfor nyttast til tiltak for betre kollektivtransport, etter ei lokal prioritering. Dette vil gi lokale styresmakter større fridom til å bruke bompengar som eit tiltak for å dempe biltrafikken, samstundes som dette gir høve til å styrkje kollektivtransporten ytterlegare. På Nord-Jæren er det òg eit særskilt tilskot som kompenserer for fjerning av rushtidsavgift i bomringen. Dette tilskotet kan òg nyttast til betre kollektivtransport, viss det lokalt er ønskje om det.