Prop. 112 L (2017–2018)

Endringar i stiftelseslova (tilgang til opplysningar i Folkeregisteret)

Til innhaldsliste

3 Handsaminga av lovforslaget

Den nye folkeregisterlova tok til å gjelde 1. oktober 2017. Etter overgangsreglar i den nye lova må ny heimel vere på plass innan 1. oktober 2018. Dette er omtalt i Prop. 164 L (2015–2016) Lov om folkeregistrering. Naudsynte endringar i ei rekkje særlover vart gjort samstundes med at folkeregisterlova vart vedteken. I Prop. 86 LS (2017–2018) vart det òg fremja endringar i fleire særlover.

Den føreslåtte lovendringa fører vidare rettstilstanden etter folkeregisterlova av 16. januar 1970 og er ei tilpassing i samsvar med den nye folkeregisterlova av 9. desember 2016. Departementet la difor til grunn at det openbert ikkje var naudsynt å sende forslaget om endringa i stiftelseslova på allmenn høyring, jf. punkt 3-3 i utgreiingsinstruksen. Dei tilsvarande forslaga i Prop. 86 LS (2017–2018) har heller ikkje vore på allmenn høyring.