Prop. 112 L (2017–2018)

Endringar i stiftelseslova (tilgang til opplysningar i Folkeregisteret)

Til innhaldsliste

5 Merknadar til endringar i stiftelseslova

Tilføyinga av eit nytt femte ledd i stiftelseslova § 7 sikrar at Stiftelsestilsynet framleis kan hente inn opplysningar frå Folkeregisteret utan hinder av teieplikt i saker etter stiftelseslova, arvelova og dekningslova. Opplysningar som er underlagt teieplikt, skal berre hentast inn når det er naudsynt for å løyse dei lovpålagde oppgåvene etter stiftelseslova, arvelova og dekningslova.