Prop. 118 L (2016–2017)

Endringar i husbankloven (handsaming av personopplysningar)

Til innhaldsliste

10 Merknader til dei enkelte føresegnene i lovforslaget

Til § 10

Paragrafen regulerer den tilgangen Husbanken og kommunane har til å hente inn og handsame personopplysningar til bruk i den ordinære sakshandsaminga. Paragrafen gjeld for sakshandsaming under alle låne- og tilskotsordningane til Husbanken. Departementet viser til den generelle omtalen av regelen i kapittel 5 i denne proposisjonen.

Første ledd gjev hovudregelen om innhenting og handsaming av personopplysningar. Husbanken og kommunane har rettsleg grunnlag i dette leddet til å hente inn og handsame dei opplysningane som er nemnde i bokstav a til h, men berre dersom det er «naudsynt» for å kunne handsame den aktuelle søknaden. Opplysningar om utdanninga til søkjaren, jf. bokstav h, vil til dømes berre unntaksvis vere nødvendig for å handsame ein søknad om tilpassingstilskot. Første ledd må lesast i samanheng med tredje ledd, som reknar opp kva kjelder dei opplysningane som er nemnde i første ledd, kan hentast frå.

Husbanken og kommunane har rett til å hente inn og handsame opplysningane utan hinder av eventuell teieplikt, så sant søkjaren er klart informert om kva opplysningar som er nødvendige, før dei blir henta inn.

Bokstav a gjev rett til å handsame dei ulike kontaktopplysningane som er nemnde, og fødselsnummer.

Bokstav b gjeld opplysningar om eventuell verje og den rettslege handleevna til søkjaren i økonomiske forhold. Verjemål har innverknad på den rettslege handleevna, mellom anna om ein kan ta opp lån. Husbanken og kommunane treng dermed opplysningar om kven som eventuelt er verje, og om rettsleg handleevne i økonomiske forhold.

Bokstav c gjeld likningsopplysningar, altså opplysningar om inntekt, formue, skatt og gjeld, medrekna opplysningar om inntekt frå Arbeids- og velferdsetaten (sjukepengar, uføretrygd m.m.).

Bokstav d gjev rett til å hente inn opplysningar om andre økonomiske forhold. Det kan til dømes vere kredittvurderingar av om søkjaren har evne til å handtere lån, om sikring for lån og om det kan vere grunnlag for å åtvare mot opptak av lån. Ved utbetaling av eit lån vil det vere heimel i bokstav d til å hente inn opplysningar frå eigedomsmeklarar om mellom anna salssum, sikring og avkall på førsterett.

Bokstav e gjeld opplysningar om «offentlege ytingar». Døme på offentlege ytingar kan vere barnetrygd og bustøtte.

Bokstav f gjeld opplysningar om «arbeidstilshøve». Døme kan vere opplysningar om kvar søkjaren er tilsett, og om ei stilling er fast eller mellombels. Opplysningar om aktive arbeidsforhold kan hentast inn frå arbeidsgjevar- og arbeidstakarregisteret.

Bokstav g gjev Husbanken og kommunane rett til å handsame opplysningar om «opphaldsløyve og opphaldsrett». Omgrepet «opphaldsrett» inkluderer – i motsetning til omgrepet «opphaldsløyve» – også registrerte EØS-borgarar. Det at heimelsgrunnlaget også dekkjer opplysningar om bakgrunnen for eit løyve eller ein opphaldsrett, vil seie at det omfattar opplysningar om kva opphaldsgrunnlag ein søkjar konkret har (til dømes familiesameining eller studieløyve), og om det er mellombels eller permanent.

Bokstav h gjeld for det første opplysningar om «bustad og butilhøve». Slike opplysningar kan vere aktuelle for kommunen når han skal vurdere om ein bustad er eigna for søkjaren, og ein kan til dømes hente dei frå ein eigedomsmeklar. For det andre gjeld bokstav h opplysningar om «sosiale tilhøve», men slike opplysningar vil det berre unntaksvis vere «nødvendig» å hente inn. Det kan vere aktuelt i saker om startlån, jf. startlånforskrifta § 3 fjerde ledd bokstav a, der det går fram at kommunen kan gje startlån til husstandar med særlege sosiale utfordringar. Det kan til dømes vere snakk om eit samlivsbrot. Som oftast vil søkjaren på eige initiativ kome med slike opplysningar. Husbanken og kommunane har då rettsleg grunnlag også for å bruke opplysningane i sakshandsaminga. Dersom Husbanken eller kommunane unntaksvis på eige initiativ skulle finne det nødvendig å hente inn opplysningar om sosiale forhold, følgjer det av tredje ledd siste punktum at opplysningane berre kan bli henta inn frå søkjaren sjølv.

Bokstav i gjeld opplysningar om utdanninga til søkjaren. Kommunane har behov for å hente inn opplysningar om utdanning for å kunne vurdere den noverande og framtidige evna søkjaren vil ha til å handtere eit startlån. Kommunane treng også opplysningar om kva land utdanninga er teken i, fordi det ikkje er uvanleg at utanlandsk utdanning ikkje blir godkjend i Noreg.

Etter andre ledd gjeldinnhentingsretten også dersom det er nødvendig for å forvalte gjevne tilskot og lån. Det kan til dømes dreie seg om saker om mishald, der det er kravd tvangssal.

Tredje ledd reknar opp kva kjelder dei opplysningane som er nemnde i første ledd, kan hentast frå. I første punktum blir det slått fast at opplysningar først og fremst kan hentast inn frå søkjaren sjølv, men ei kjelde kan også vere eit register, slik som kontakt- og reservasjonsregisteret, folkeregisteret, Aa-registeret og båtregister (i praksis småbåtregisteret). Ei kjelde kan også vere eit forvaltningsorgan, slik som Arbeids- og velferdsetaten, Kartverket og skattestyresmaktene, eller ein utdanningsinstitusjon. Vidare kan ei kjelde vere ein privat organisasjon, slik som ein finansinstitusjon (typisk ein bank), eit forsikringsselskap, ein eigedomsmeklar eller eit selskap som tilbyr kredittvurderingar. Første punktum gjev også rettsleg grunnlag for å hente inn opplysningar frå arbeidsgjevaren. Sidan det kan opplevast som belastande at det blir henta inn opplysningar direkte frå arbeidsgjevaren og banken, følgjer det av andre punktum at opplysningane berre kan bli henta inn derfrå dersom søkjaren nektar å skaffe opplysninga på eiga hand (medråderettsprinsippet). Tredje punktum seier at opplysningar om sosiale forhold berre kan hentast inn frå søkjaren sjølv.

Etter fjerde ledd kan søkjaren bli beden om å gje samtykke til at Husbanken eller kommunen kan hente inn opplysningar om helseforhold frå helsepersonell. Samtykket opphevar den teieplikta helsepersonell har etter helsepersonellova § 21. Husbanken har kort oppsummert behov for opplysningar om helseforhold av to årsaker: For det første kan helserelaterte forhold verke inn på den økonomiske situasjonen til søkjaren, som er det primære vurderingstemaet ved tildeling under ordningane til Husbanken. For det andre har omfanget og karakteren av funksjonsnedsetjingar innverknad ved vurdering av tilskot til tilpassing av eigen bustad.

Femte ledd gjev Husbanken og kommunane pålegg om å gje informasjon til den som må gje frå seg opplysningar, og til den eller dei det blir henta inn opplysningar om. Etter første punktum skal Husbanken eller kommunen opplyse den som blir pålagd å gje frå seg opplysningar, om føremålet med innhentinga, om heimelen for innhentinga og om høvet til å klage over eit pålegg om å gje frå seg opplysningar. Andre punktum handlar om informasjon til den eller dei det blir henta inn opplysningar om. Husbanken eller kommunen skal på søknadstidspunktet opplyse desse personane om kva kjelder opplysningane blir henta frå, kva opplysningane skal brukast til, og retten til å gjennomføre etterfølgjande kontrollar etter § 11.

Sjette ledd slår fast at den som blir pålagd å gje opplysningar, ikkje har krav på godtgjersle. Dei opplysningane denne paragrafen tek føre seg, er i all hovudsak opplysningar som allereie eksisterer, altså opplysningar som ikkje må produserast. Det er derfor ikkje urimeleg at den aktuelle kjelda må gje frå seg opplysningane utan godtgjersle. Dette står i motsetning til helsepersonell som med heimel i § 11 andre ledd må gå gjennom ein pasientjournal og plukke ut relevant informasjon, eller som må skrive ei fagleg fråsegn.

Det kan vere ressurskrevjande å hente inn samtykke frå fleire personar i den same søknaden. Sjuande ledd handlar derfor om retten til å hente inn og handsame opplysningar om tredjepersonar. Husbanken og kommunane kan hente inn nødvendige opplysningar om ektefellen eller sambuaren til søkjaren, og dessutan om heimebuande barn eller andre husstandsmedlemmer. Eit døme kan vere der ungane til søkjaren har nedsett funksjonsevne og dette er grunnlaget for ein søknad om tilpassingstilskot.

Åttande ledd er ein heimel for departementet til å gje nærare forskrifter om retten til å hente inn og handsame personopplysningar.

Til § 11

Paragrafen gjev Husbanken og kommunane rettsleg grunnlag for å hente inn og handsame personopplysningar når det er rimeleg grunn til å undersøkje om ei ordning blir misbrukt. Husbanken og kommunane kan setje i verk nødvendige og rimelege tiltak for kontrollføremål. Departementet viser til den generelle omtalen av regelen i kapittel 6 i denne proposisjonen.

Første ledd gjev heimel for å påleggje søkjaren å gje opplysningar når det er «rimeleg grunn» til å undersøkje om ei utbetaling er brukt slik ho var tenkt. Rimeleg grunn til å undersøkje skal forståast på same måten som det tilsvarande kravet i straffeprosesslova § 224 første ledd, folketrygdlova § 21-4 a og bustøttelova § 8 c. Det vil vere nok til å kontrollere opplysningar at Husbanken eller kommunen meiner det er truleg at ei ordning blir misbrukt, og vurderer det som nødvendig å hente inn fleire opplysningar for å avkrefte eller stadfeste denne mistanken. Vurderinga vil vere utprega skjønnsmessig. Søkjaren kan til dømes bli pålagd å leggje fram kvitteringar og bilete som viser at eit tilpassingstilskot er brukt til det som blei lagt til grunn ved tildelinga.

Etter andre ledd første punktum kan Husbanken og kommunane hente inn oppdaterte opplysningar og kontrollere opplysningar som er nemnde i § 10. I tillegg gjev andre punktum handsamingsgrunnlag for nødvendige opplysningar om helseforhold, altså utan krav om samtykke. Søkjaren kan likevel etter tredje punktum velje sjølv å skaffe helseopplysningane. Dersom søkjaren nektar å leggje fram dei helseopplysningane kommunen ber om, har likevel kommunen rett til å hente inn opplysningane direkte frå helsepersonell. Fjerde punktum opphevar den teieplikta helsepersonell har etter helsepersonellova § 21. Vilkåret om at innhentinga må vere nødvendig, fører til at det berre er utdrag frå ein pasientjournal det kan bli aktuelt å hente inn – ikkje ein fullstendig og uredigert journal. Det kan også vere aktuelt å be helsepersonell om å skrive ei erklæring eller ei fråsegn. Helsepersonellet skal ha godtgjersle for slikt arbeid, jf. femte punktum.

Det grunnleggjande personvernrettslege prinsippet om informasjon er lovfesta i tredje ledd. Etter første punktum skal Husbanken og kommunane informere søkjaren og eventuelle tredjepersonar om kva slags opplysningar som er henta inn, frå kva kjelder og med kva føremål (kontroll). Husbanken og kommunane må også informere om utfallet av kontrollen. I andre punktum er det bestemt at Husbanken og kommunane kan vente med å informere til etter at kontrollen er gjennomført. Utsett informasjon kan vere aktuelt dersom det er truleg at føremålet med kontrollen ikkje vil bli oppnådd dersom den som blir kontrollert, får kjennskap til han på førehand.

Til § 12

Paragrafen regulerer den retten Husbanken har til å bruke personopplysningar til andre føremål enn det dei opphavleg blei samla inn for («sekundærbruk»). Departementet viser til den generelle omtalen av regelen i kapittel 7 i denne proposisjonen.

Første ledd første punktum gjev Husbanken rettsleg grunnlag til å lage nødvendig statistikk og analysar basert på allereie innsamla personopplysningar, utan samtykke frå den registrerte. Det vil ikkje vere nødvendig å bruke personopplysningar dersom ein kan oppnå føremålet ved å bruke anonymiserte opplysningar. Andre punktum slår fast at kommunane har det same rettslege grunnlaget, og dessutan at kommunane kan gje personopplysningar til Husbanken, slik at Husbanken kan bruke opplysningane til å lage nødvendig statistikk og analyse.

Andre ledd første punktum gjev Husbanken rettsleg grunnlag for å lagre personopplysningar til seinare bruk i forsking. Dette vil seie at Husbanken ikkje må hente inn samtykke for å lagre opplysningane dersom føremålet er seinare forsking. Om det er høve til å levere ut opplysningane til forskingsføremål, må avgjerast etter reglane i personopplysingslova. Det kan også vere relevant å sjå til forskingsetiske retningslinjer. I andre punktum har departementet heimel for å gje nærare føresegner om utlevering av personopplysningar frå Husbanken i enkeltvedtak eller forskrift, jf. forvaltningslova § 13 d.

Tredje ledd første punktum regulerer bruk av personopplysningar til nødvendig testing, søking etter feil og feilretting i dei digitale sakshandsamingssystema til Husbanken. Det vil ikkje vere nødvendig å bruke personopplysningar dersom ein kan oppnå føremålet ved å bruke anonymiserte opplysningar. I andre punktum har departementet heimel for å gje nærare føresegner om handsaming av personopplysningar til dette føremålet.

Til ikraftsetjingsregelen

Departementet føreslår at lova skal gjelde frå den tida Kongen fastset.

Lovendringane er ikkje av ein slik art at det er behov for overgangsreglar.

Til forsida