Prop. 118 L (2016–2017)

Endringar i husbankloven (handsaming av personopplysningar)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

2.1 Om behovet for nytt rettsleg grunnlag

Låne- og tilskotsordningane frå Husbanken blir tildelte på bakgrunn av skjønnsvurderingar. Husbanken og kommunane treng ei rekkje personopplysningar om søkjaren og husstandsmedlemmene til søkjaren for å kunne vurdere om han eller ho har behov for ytingane.

Husbanken og kommunane hentar i dag inn samtykke frå søkjaren og eventuelle husstandsmedlemmer før dei kan samle inn og handsame personopplysningar. I Meld. St. 11 (2012–2013) Personvern – utsikter og utfordringar står det at samtykke bør vere det føretrekte handsamingsgrunnlaget dersom den registrerte reelt sett kan velje om han eller ho vil vere registrert eller ikkje. Samtykke er det grunnlaget som best tek vare på retten den registrerte har til å bestemme over eigne personopplysningar. Meldinga peikar likevel på at samtykke er lite eigna som grunnlag for offentlege kontrollføremål. Årsaka til dette er ifølgje stortingsmeldinga både at styrkeforholdet mellom stat og innbyggjar er så skeivt at samtykket ikkje er frivillig, og at samfunnsomsyna veg så tungt at retten til sjølv å bestemme uansett må setjast til side (side 33).

Det er, slik departementet ser det, ikkje tilfredsstillande at handsaming av personopplysningar i samband med låne- og tilskotsordningane til Husbanken er avhengig av samtykke frå søkjaren og eventuelle husstandsmedlemmer. Det krev store ressursar å hente inn samtykke. Departementet meiner det er betre at lovgjevaren innfører lovheimel som handsamingsgrunnlag.

Også etter at ytingane er betalte ut – i forvaltningsperioden – er det behov for personopplysningar. Det vil til dømes gjelde ved betalingsutsetjingar, gjeldsordningar m.m.

Misbruk av ytingar kostar samfunnet store summar kvart år. Arbeids- og velferdsetaten og skattestyresmaktene har heimlar i regelverket sitt for å utføre kontrolltiltak som skal bøte på slike problem. Det same finst i bustøttelova. Husbanken og kommunane har derimot ingen heimel som gjer det mogleg å kontrollere i ettertid at utbetalingar under ordningane deira er rettkomne. På denne bakgrunnen meiner departementet at husbanklova bør ha ein heimel for etterkontroll. Heimelen må setje tydelege rammer for korleis og under kva omstende Husbanken og kommunane kan handsame personopplysningar for å kontrollere om ordningane deira blir misbrukte.

Departementet vil i kapittel 5 til 7 nedanfor gjere greie for forslaget om heimlar til handsaming av personopplysningar i husbanklova. Departementet meiner heimlane bør fellast ned i ulike føresegner som er delte inn etter hovudtypane av føremål. Desse kategoriane er

  • sakshandsaming og forvaltning

  • kontrollformål

  • statistikk, analyse, forsking og testing

2.2 Låneordningane: startlån og grunnlån

2.2.1 Startlån

Startlånet skal bidra til at personar som har langvarige bustadfinansieringsproblem, og som ikkje får lån i vanlege bankar, får høve til å kjøpe eigen bustad – og behalde han. Ordninga er regulert av forskrift 12. mars 2014 nr.273 (startlånforskriften), som er gjeven med heimel i husbanklova § 1. Forskrifta stiller ikkje krav om eigenkapital for å få startlån, men lånet må kunne betalast ned ved sida av alle andre utgifter. Søknader om startlån blir handsama av kvar enkelt kommune, men elektroniske søknader blir tekne imot i ei felles løysing for heile landet. Det er Husbanken som administrerer denne løysinga.

Kommunane skal etter startlånforskrifta § 9 «innhente og kontrollere opplysninger som er nødvendige for å behandle søknader og ved utbetaling av startlån». Opplysningane som er nødvendige for å kunne vurdere søknader om startlån, blir henta inn frå søkjaren sjølv via søknadsskjema og frå offentlege register. I søknadskjemaet må søkjaren gje opplysningar om

  • føremålet med søknaden

  • medlemmene i husstanden og kor gamle dei er

  • inntekt, formue og gjeld

  • buforhold i dag

  • livssituasjon og eventuelle helseproblem (det vil seie opplysningar om helse)

  • utdanning

  • arbeidsforhold

  • offentlege ytingar (inkludert barnebidrag)

  • forbruksutgiftene i husstanden

Dei opplysningane som må hentast inn frå offentlege register, blir henta inn med samtykke frå den opplysningane gjeld («søkjaren» eller «den registrerte»). Samtykkeerklæringa frå hovudsøkjaren og medsøkjaren (i papirsøknaden) har denne ordlyden:

«Eg/vi bekreftar at opplysningane i skjemaet er riktige og fullstendige. Eg/vi gir kommunen fullmakt til å innhente opplysningar, også slike som er underlagde teieplikt, som er nødvendige for å behandle søknaden. Dersom det skjer endringar som kan ha noko å seie for behandlinga av søknaden, pliktar eg/vi å melde frå om det.»

Når søkjaren brukar e-søknad, samtykkjer han til at kommunen hentar inn desse opplysningane:

  • namn, adresse og personstatus (frå folkeregisteret)

  • mobilnummer, e-postadresse og reservasjonsstatus (frå kontaktregisteret)

  • fødselsnummer og språk (frå ID-porten)

  • formue, gjeld og dei to siste sjølvmeldingane (frå Altinn)

  • aktive arbeidsforhold (frå arbeidsgjevar- og arbeidstakarregisteret)

  • bustøtte (frå Husbanken)

  • bustadopplysningar (frå Kartverket)

2.2.2 Grunnlån

Føremålet med grunnlånet er å bidra til å fremje viktige bustadkvalitetar som miljø og universell utforming i nye og eksisterande bygg, skaffe bustader til vanskelegstilte og husstandar i etableringsfasen, og sikre nødvendig bustadforsyning i distrikta. Grunnlånet kan nyttast til å finansiere nye bustader, utbetre bustader, byggje om bygningar til bustader og kjøpe nye og brukte utleigebustader. Lånet skal bidra til å oppnå bustadpolitiske mål som elles ikkje vil bli oppnådde. Lånet kan bli tildelt til både private og juridiske personar.

Husbanken avgjer søknader om grunnlån basert på opplysningar om låntakarane og bustadene. Personopplysningar blir henta inn dels direkte frå søkjaren, dels ved at søkjaren gjev Husbanken fullmakt til å hente inn opplysningar frå offentlege etatar og finansinstitusjonar.

Søkjaren gjev desse opplysningane:

  • namn, adresse (også e-post) og fødselsnummer

  • yrke, arbeidsgjevar og tilsetjingsforhold (fast/mellombels)

  • eventuell verje

  • talet på medlemmer av husstanden

  • buforhold i dag

  • inntekt, formue og gjeld

  • finansieringsplan

  • sivilstand

  • eventuelle funksjonshemmingar, som skal dokumenterast med legeattest eller sosialrapport

2.3 Tilskotsordningane

2.3.1 Innleiing

Tilskotsordningane frå Husbanken som er retta mot privatpersonar, er regulerte av forskrift 23. februar 2011 nr.191 om tilskudd til etablering og tilpasning av bolig, med mer. Tilskotsordningane skal bidra til etablering i eigen bustad og til å sikre eigna bustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Det er kommunane som handsamar søknadene og tildeler tilskota.

2.3.2 Etableringstilskot

Tilskot til etablering skal bidra til at vanskelegstilte kan etablere seg i eigen bustad. Tilskotet er strengt økonomisk behovsprøvd. Dette vil seie at dei økonomiske problema i husstanden skal vere langvarige.

Tilskot til etablering blir gjeve til å kjøpe, føre opp eller refinansiere eigen bustad. Kommunen kan også gje tilskot til å utbetre ein nyinnkjøpt bruktbustad. Som hovudregel blir tilskotet gjeve saman med startlån, som også blir tildelt av kommunane.

2.3.3 Tilpassingstilskot

Tilskotet til tilpassing av bustad skal bidra til at personar med spesielle bustadbehov får tilpassa bustaden til desse behova. Å tilpasse ein bustad vil seie at han blir gjord meir eigna, når det oppstår eit spesielt behov. Det blir gjeve tilskot til husstandar som har personar med behov for tilpassa bustad, medrekna eldre. Tilskotet er økonomisk behovsprøvd. Kommunane vurderer tilskot til tilpassing i samanheng med dei andre økonomiske verkemidla til Husbanken og andre statlege eller kommunale verkemiddel som bidreg til at personar med spesielle behov i størst mogleg grad skal kunne bu heime og få tenester i sin eigen heim.

Tilskotet går til ulike former for tilpassing. Det kan dreie seg om enkle tiltak, som å fjerne dørtersklar. Det kan også gjelde større ombyggingar, som å endre ei romløysing. Tilskotet kan også gå til å finansiere profesjonell hjelp til utgreiing og prosjektering (som blir gjeven direkte frå Husbanken). Tilskotet kan brukast til å gjere enkle undersøkingar av eksisterande bustad og tilkomst til bustad, skildringar av den tekniske tilstanden på bustaden, arealbehov, moglegheiter og avgrensingar, og økonomisk overslag (utgreiing). Tilskotet kan bli gjeve til å dekkje kostnader til fagleg støtte til prosjektering av både nye og eksisterande bustader, altså til arkitekthonorar eller liknande. Det kan også bli gjeve tilskot til prosjektering av velferdsteknologi. Prosjektering og eventuell utgreiing i forkant skal utførast av fagkunnige og må skje i forståing med ein ergoterapeut eller bustadkonsulent i kommunen.

2.3.4 Søknadsskjemaet

Søknadsskjemaet for tilskotsordningane er det same som blir brukt for startlån – sjå skildringa under punkt 2.2.1. I papirsøknaden blir det i utgangspunktet bede om dei same personopplysningane for startlån og for tilskot. Dersom søkjaren derimot vel elektronisk søknad, blir det berre spurt etter opplysningar som er relevante for det tilskotet søkjaren søkjer om.

Husbanken og kommunane får altså inn opplysningar på tre måtar: For det første får Husbanken og kommunane opplysningar ved at søkjaren sjølv gjev opplysningar i søknadsskjemaet. For det andre får Husbanken og kommunane opplysningar gjennom å krevje at søkjaren legg ved dokument i søknadsskjemaet. For det tredje gjev søkjaren Husbanken og kommunane fullmakt til å hente inn opplysningar frå spesifiserte kjelder eller register.

Til forsida