Prop. 118 L (2016–2017)

Endringar i husbankloven (handsaming av personopplysningar)

Til innhaldsliste

8 Husbanklova § 4 fjerde ledd: regionale råd

Husbanken hadde tidlegare både eit hovudstyre og regionstyre for kvart regionkontor. Då husbanklova blei sett i kraft 1. januar 2010, blei det opna for ei ordning med regionale råd.

Husbanklova § 4 fjerde ledd slår fast at «departementet kan utnemna eit regionalt råd for kvart regionkontor», og at «det kan opprettast eit sentralt råd med representantar frå dei regionale råda». Rådet var meint å vere eit bindeledd mellom Husbanken regionalt og andre aktørar, spesielt kommunane, og på den måten bidra til å utvikle og gjennomføre bustadpolitikken.

Departementet er avhengig av eksterne innspel i arbeidet med å utvikle bustadpolitikken og leggje til rette for at Husbanken kan gjennomføre han. Departementet trekkjer samtidig kommunane inn i arbeidet gjennom høyringar og høyringsmøte etter behov, og deltek også i andre nettverk og forum. Også gjennom konsultasjonsordninga med KS får departementet innspel og impulsar. Departementet erfarte etter kvart at det i tillegg ikkje var behov for innspel frå rådsmedlemmene. Som eit ledd i arbeidet til regjeringa med å forenkle og effektivisere offentleg sektor blei derfor både det sentrale rådet og dei regionale råda avvikla i 2014.

Sidan heimelen i § 4 fjerde ledd til å utnemne regionale råd ikkje lenger blir brukt, føreslår departementet å oppheve han. Dersom det i framtida skulle oppstå eit behov for eller eit politisk ønske om å opprette regionale råd, meiner departementet uansett at det kan gjerast utan at det krev heimel i lov.

Til forsida