Prop. 118 L (2016–2017)

Endringar i husbankloven (handsaming av personopplysningar)

Til innhaldsliste

9 Økonomiske og administrative konsekvensar

Husbanken har allereie tilgang til ein del av dei registera som er nemnde i lovforslaget. Desse blir nytta til elektronisk informasjonsinnhenting dersom søkjaren har samtykt. Etter dette lovforslaget kan Husbanken krevje tilgang frå desse nye registera:

  • UDI: eksisterande grensesnitt hos UDI for innhenting av opphaldsstatus for ein person

    UDI tilbyr i dag ei teneste for å hente inn opphaldsstatusen til ein person. Denne er i bruk av andre statlege forvaltarar. Husbanken brukar ikkje tenesta i dag, og kostnaden for å etablere dette grensesnittet hos Husbanken og innføre det i e-søknaden og sakshandsamingsløysinga for startlån og tilskot er rekna til om lag 200 000 kroner. UDI har varsla om at tilrettelegging av tenesta for Husbanken og kommunane vil føre til kostnader for UDI. Dei går ut frå at Husbanken dekkjer desse kostnadene, og dette er departementet einig i.

  • Arbeids- og velferdsetaten: eksisterande grensesnitt for å hente inn ytingar etter folketrygdlova

    Arbeids- og velferdsetaten tilbyr i dag eit grensesnitt for å hente inn ytingar. Dette er i bruk i bustøtteløysinga. Kostnadene ved å ta dette i bruk i ei anna av løysingane til Husbanken er rekna til om lag 20 000 – 50 000 kroner. Så sant det ikkje er behov for andre opplysningar, er det ikkje behov for tekniske endringar i Arbeids- og velferdsetaten.

  • Skatteetaten: nytt grensesnitt for å hente inn likning og faktiske inntektsopplysningar

    Skatteetaten og Husbanken har sett i gang eit prosjekt med mål om å etablere nye tenester for Husbanken for å hente inn likning og faktiske inntektsopplysningar for ein bustøttesøkjar. Kostnadene ved å ta dette i bruk i ei anna av løysingane til Husbanken er rekna til om lag 20 000 – 50 000 kroner. Departementet går ut frå at løysinga som no blir etablert, dekkjer behova for dei andre av løysingane til Husbanken. Dersom Husbanken seinare får behov for å utvide datasettet med fleire opplysningar, og/eller nærare detaljering, vil dette gje auka kostnader utover det skattestyresmaktene til no har planlagt for.

I den nye e-søknadsløysinga for startlån og etablerings- og tilpassingstilskota blei samtykkeløysinga utvikla som del av den nye løysinga. Dette lovforslaget og eit handsamingsgrunnlag som er heimla ved lov, vil kunne gje ei innsparing på om lag 500 000 kroner i redusert utviklingsomfang i IT-løysingar for nye ordningar med handsamingsgrunnlag basert på samtykke.

Gjennom utrekningar av gevinst i startlånmoderniseringa er det identifisert at kommunale sakshandsamarar i dag nyttar om lag 45 minutt per sak til å kontrollere søknadsopplysningar, sjekke vedlegg og slå opp i eksterne register. Kontroll av opplysningar og oppslag mot register blir ofte gjort i form av direktekontakt med andre offentlege forvaltarar. Den totale tidsbruken omfattar derfor eit ikkje kjent tillegg i tidsbruk hos dei andre partane. Gjennom maskinelt oppslag mot eksterne register vil denne tidsbruken bli redusert. Tidsreduksjonen per handsama startlånsøknad er rekna til 30 minutt. Med eit søknadsvolum på 20 000 søknader og ein lønnskostnad på 375 kroner per time utgjer dette ein årleg kostnadsreduksjon på 3,75 millionar kroner.

Maskinelt oppslag vil føre til eit standardisert avgjerdsgrunnlag som er oppdatert og opplyst på bakgrunn av kjelda for informasjonen, og ikkje på bakgrunn av dei opplysningane som søkjaren har lagt fram, eller som ein sakshandsamar har henta inn manuelt. Dette vil føre til meir lik sakshandsaming, eit betre avgjerdsgrunnlag og auka kontroll på vedtaka i ordningane. Vidare vil søkjaren oppleve ein meir heilskapleg stat når personopplysningar i statlege register blir delte utan at søkjaren treng å hente dei fram sjølv.

Til forsida