Prop. 119 L (2016–2017)

Endringar i havressurslova m.m. (regulering av turistfiskenæringa m.m.)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn for lovforslaget

2.1 Regulering av turistfiskenæringa

Turistfiskenæringa er i dag lite regulert, og forvaltninga manglar påliteleg kunnskap om det samla uttaket frå havet som kan relaterast til denne næringa, særleg når det gjeld kystnære ressursar. Dette er uheldig fordi alle som haustar av våre felles ressursar har eit medansvar for at uttaket skjer på berekraftig vis. Dette gjeld ikkje minst dei som for næringsformål baserer seg på slikt uttak.

Fiskeri- og kystdepartementet sette på denne bakgrunn hausten 2010 ned ei arbeidsgruppe for å vurdere moglege forvaltningstiltak overfor den raskt veksande turistfiskenæringa langs kysten i Noreg.

Arbeidsgruppa var sett saman av ulike partar, med medlemer frå både næring, forsking og forvaltning. Gruppa utarbeidde rapporten Turistfiske i sjø 27. juni 2011 der alle medlemene var samde om forslaga til tiltak.

Arbeidsgruppa foreslo ei rekkje tiltak for å regulere turistfiskenæringa. Sentralt var eit forslag om å opprette ei obligatorisk registreringsordning for næringsverksemd basert på turistfiske i sjø. Arbeidsgruppa meinte eit slikt register vil gjere det lettare å kartleggje aktivitet som baserer seg på hausting av fellesskapet sine ressursar.

Vidare foreslo gruppa å opprette eit obligatorisk register over fartøy, der det går fram om fartøyet skal brukast til utleige. Gruppa foreslo dessutan ei ordning for rapportering av fangst frå turistfiskeverksemdene. Grunngjevinga var behov for meir kunnskap om næringa, og om verknaden på ressursuttaket i sjøen.

Rapporten har vore på allmenn høyring. Departementet fekk over 30 høyringsinnspel med konkrete merknader. Høyringsinnspela var i hovudsak positive til dei mest sentrale forslaga i rapporten om registrering av turistfiskeverksemder og rapportering av fangst.

2.2 Høyring om turistfiskenæringa

Med utgangspunkt i forslaga frå arbeidsgruppa og innspela i høyringsrunden, utarbeidde departementet eit høyringsnotat 28. september 2016 med forslag til endringar i havressurslova § 22 og ny forskrift om turistfiskeverksemder m.m. Høyringsnotatet foreslo fleire ulike tiltak. To av tiltaka kravde endringar i havressurslova, høvesvis forslaget om innføring av ei ordning med rapportering av fangst og forslaget om registrering av turistfiskeverksemder.

I forslaget til ny forskrift foreslo departementet ei rekkje føresegner om registrering av turistfiskeverksemder. Ein foreslo til dømes at verksemdene må oppgje relevant informasjon, mellom anna om utleigefartøy, tal på sengeplassar, fiskeutstyr og fasilitetar.

Vidare foreslo departementet å opprette ei enkel rapporteringsordning om ressursuttaket. Hovudformålet er å få eit betre bilete av ressursuttaket frå turistfisket enn vi har i dag. Departementet foreslo dessutan å auke utførselskvoten for fisk og fiskevarer frå sportsfiske frå 15 kilo til 30 kilo for turistar som har hausta i regi av registrerte turistfiskeverksemder, og at utførselskvoten skal gjelde for ein periode på 7 dagar i staden for ein periode på 24 timar som i dag.

Forslaga til forskriftsendringar vil ikkje verte omtala nærare i denne lovproposisjonen, men følgt opp av departementet dersom Stortinget vedtek nødvendige lovendringar.

Departementet sende høyringsnotatet om lovendringar og ny forskrift til følgjande institusjonar og organisasjonar:

  • Departementa

  • Fiskeridirektoratet

  • Havforskningsinstituttet

  • Innovasjon Noreg

  • Miljødirektoratet

  • Norsk institutt for naturforskning

  • Regelrådet

  • Sametinget

  • Sjøfartsdirektoratet

  • Skattedirektoratet

  • Tolldirektoratet

  • Universitetet i Tromsø v/Noregs fiskerihøgskole

  • KS

  • Akershus fylkeskommune

  • Aust-Agder fylkeskommune

  • Finnmark fylkeskommune

  • Hordaland fylkeskommune

  • Møre og Romsdal fylkeskommune

  • Nordland fylkeskommune

  • Nord-Trøndelag fylkeskommune

  • Rogaland fylkeskommune

  • Sør-Trøndelag fylkeskommune

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune

  • Telemark fylkeskommune

  • Troms fylkeskommune

  • Vest-Agder fylkeskommune

  • Vestfold fylkeskommune

  • Østfold fylkeskommune

  • Bellona

  • Finans Norge

  • Fiskebåt

  • Fiskekjøpernes Forening

  • Landsorganisasjonen

  • Natur og ungdom

  • NHH v/Samfunns- og næringslivsforskning

  • NHO Reiseliv

  • NOFIMA

  • Norges Fiskarlag

  • Norges Fritids- og Småfiskerforbund

  • Norges Jeger- og Fiskerforbund

  • Norges Kystfiskarlag

  • Norges Naturvernforbund

  • Norges Råfisklag

  • Norges Sildesalgslag

  • Norske Sjømatbedrifters Landsforening

  • Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelforbund

  • Norsk Sjømannsforbund

  • Norsk Sjømatsenter

  • Norsk Sjøoffisersforbund

  • NORUT

  • Pelagisk Forening

  • Redningsselskapet

  • Rogaland Fiskesalgslag

  • Sjømat Norge

  • Skagerakfisk

  • Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag

  • Vest-Norges Fiskesalslag

  • Virke

  • WWF Norge

Departementet har motteke høyringssvar frå følgjande institusjonar, organisasjonar og personar:

  • Arbeids- og sosialdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Klima- og miljødepartementet

  • Kunnskapsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Fiskeridirektoratet

  • Fiskeridirektoratet Region Nord mfl.

  • Fjordfiskenemnda

  • Havforskningsinstituttet

  • Innovasjon Noreg

  • Miljødirektoratet

  • Sametinget

  • Sjøfartsdirektoratet

  • Tolldirektoratet

  • Finnmark fylkeskommune

  • Lofotrådet

  • Moskenes kommune

  • Møre og Romsdal fylkeskommune

  • Rogaland fylkeskommune

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune

  • Troms fylkeskommune

  • Vest-Agder fylkeskommune

  • Arne Dag Isaksen

  • Din Tur AS

  • Dualog AS

  • Finnmark Senterparti

  • Fiskebåt

  • Fiskekjøpernes foreining

  • International Marine Certificate Institute

  • Landsorganisasjonen

  • Lille Langøya Fiskebonde

  • Miljøvernforbundet

  • NHO Reiseliv

  • Nordland Fylkes Fiskarlag

  • Norges Fiskarlag

  • Norges Fritids- og Småfiskerforbund

  • Norges Jeger- og Fiskerforbund

  • Norges Kystfiskarlag

  • Norges Råfisklag

  • Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelforbund

  • Norske Sjømatbedrifters Landsforening

  • Novasol AS

  • Pelagisk Foreining

  • Polar Web AS

  • Safe Boating AS

  • Skagerakfisk

  • Tregde Ferie AS

  • Velfjordferie

2.3 Oppheving av fiskeriforbodslova

Fiskeriforbodslova regulerer retten for utlendingar til å drive hausting av viltlevande marine ressursar og anna fiskerirelatert verksemd i norsk territorialfarvatn. Hovudregelen er eit forbod i § 3 mot å drive fiske for dei som ikkje er norske statsborgarar eller likestilte.

Departementet har tidlegare gjennomført ein fullstendig gjennomgang av fiskeriforbodslova. Dette arbeidet resulterte i ei lovendring 31. mai 2013 der dei fleste av føresegnene i lova vart oppheva eller flytta til andre lover, hovudsakleg til havressurslova, jf. Prop. 59 L (2012–2013) Endringer i deltakerloven, fiskeriforbudsloven mv. Ein valde likevel å la sjølve forbodet mot at utlendingar fiskar i territorialfarvatnet og enkelte andre føresegner bli ståande att i ei stuttare utgåve av fiskeriforbodslova.

Regjeringa har som eit sentralt mål å oppheve unødvendige lover, til dømes ved å inkorporere mindre lover i større lover dersom føresegnene naturleg høyrer saman. Det er i seg sjølv ei forenkling at vi får ei lov mindre. Departementet har derfor kome til at ein bør arbeide for å flytte dei attverande føresegnene i fiskeriforbodslova til havressurslova, slik at fiskeriforbodslova kan opphevast.

Det er fleire omstende som talar for ei slik løysing. Ei flytting inneber ei oppdatering til eit moderne språk og ein betre lovteknikk. Det er positivt at det meir oppdaterte reaksjons- og sanksjonssystemet i havressurslova i tilfelle vil gjelde ved brot på dei aktuelle føresegnene, i staden for det eldre systemet i fiskeriforbodslova.

2.4 Høyring om oppheving av fiskeriforbodslova

Departementet har utarbeidd eit høyringsnotat med forslag om oppheving av fiskeriforbodslova og endringar i havressurslova. Dette vart send på høyring 10. oktober 2016.

Departementet sende høyringsnotatet til følgjande institusjonar og organisasjonar:

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Fiskeridirektoratet

  • Kystvakta

  • Regelrådet

  • Sametinget

  • Statsadvokatembeta i Tromsø og Stavanger

  • Det norske maskinistforbund

  • Fiskebåt

  • Fiskekjøpernes Forening

  • Landsorganisasjonen

  • Norges Fiskarlag

  • Norges Kystfiskarlag

  • Norsk Sjømannsforbund

  • Norske Sjømatbedrifters Landsforening

  • Pelagisk Forening

  • Sjømat Norge

Departementet har motteke høyringssvar frå følgjande institusjonar og organisasjonar:

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Landsorganisasjonen

  • Norges Fiskarlag

  • Pelagisk Foreining