Prop. 119 L (2016–2017)

Endringar i havressurslova m.m. (regulering av turistfiskenæringa m.m.)

Til innhaldsliste

6 Merknader til dei enkelte paragrafane

Til økonomiske sonelova § 3 første ledd

Føresegna er endra slik at ho viser til kapittel 4 a i havressurslova i staden for fiskeriforbodslova som følgje av at føresegnene det er vist til vert flytta mellom dei to lovene. Dette inneber ingen materielle endringar.

Til økonomiske sonelova § 6

Første punktum er endra slik at føresegna viser til økonomiske sonelova §§ 3, 4 og 5 og forskrifter gitt i medhald av desse. Føresegna viser ikkje lenger til havressurslova § 23 a fordi dette ville ha vore overflødig som følgje av at denne føresegna er flytta til § 23 c i nytt kapittel 4 a i havressurslova, som det er vist til i økonomiske sonelova § 3.

Andre punktum er endra slik at føresegna viser til havressurslova kapittel 4 a i staden for fiskeriforbodslova som følgje av at føresegnene er flytta mellom dei to lovene.

Dette inneber ingen materielle endringar i økonomiske sonelova § 6.

Til havressurslova § 22 femte ledd

Første punktum gjev departementet heimel til i forskrift å påleggje verksemder i turistfiskenæringa å rapportere om fangst i sjø til styremaktene.

Dette inneber ei utviding av kretsen av verksemder i turisfiskenæringa som kan påleggjast rapportering. I tillegg til dei som eig eller driv anlegg eller verksemd for sports- og rekreasjonsfiske, kan ein med heimel i den nye føresegna også påleggje dei som for næringsformål legg til rette for slikt fiske å gje opplysningar til styresmaktene om haustinga. Dette inneber til dømes at utleige av fartøy eller drift av fartøy som tek turistar med på fiske, kan danne grunnlag for pålegg om rapportering. Utleige av rom for overnatting, fiskeutstyr og/eller fasilitetar for oppbevaring av fangst kan også danne grunnlag for slikt pålegg dersom verksemda etter ei konkret vurdering kan seiast å leggje til rette for turistfiske.

Ei anna endring er at ein kan påleggje alle relevante verksemder rapportering, ikkje berre eit utval verksemder, og ikkje avgrensa til rapportering for statistikkformål.

Det vil vere opp til departementet i forskrift å fastsetje ein meir detaljert definisjon av kva for turistfiskeverksemder som er omfatta av rapporteringsplikta. Forskrifta kan fastsetje ein snevrare definisjon enn lova av kva for verksemder som skal vere omfatta av rapporteringsplikta.

Plikta til å rapportere kan gjerast gjeldande for all hausting som er omfatta av havressurslova, dvs. hausting av alle former for viltlevande marine ressursar med unntak for anadrome laksefiskar, jf. havressurslova § 3. Plikta kan gjerast gjeldande uavhengig om fangsten vert omsett.

Departementet kan i forskrift fastsetje kva informasjon den enkelte verksemda skal rapportere, og kor ofte slik informasjon skal gjevast. Det kan til dømes krevjast informasjon om fiskeslag, talet på fisk pr. fiskeslag og kvantum i kilo pr. fiskeslag.

Føresegna i første punktum opnar også for at departementet kan påleggje eit utval turistfiskeverksemder å gje opplysningar om haustinga for statistikkformål. Til dømes kan ein påleggje eit utval turistfiskeverksemder å ta del i representative undersøkingar i regi av forskingsinstitusjonar.

Andre punktum gjev departementet kompetanse til i forskrift å påleggje eit utval av personar som driv sports- og rekreasjonsfiske å gje opplysningar for statistikkformål. Denne føresegna er ei vidareføring av gjeldande § 22 femte ledd første punktum.

Tredje punktum er ei ny føresegn og gjev departementet heimel til i forskrift å fastsetje krav om registrering av turistfiskeverksemder som kan påleggjast plikt til rapportering etter første punktum. Det går dessutan fram av tredje punktum at departementet kan gje nærare vilkår for krav til registrering. Til dømes kan det fastsetjast vilkår om registrering av fartøy som turistfiskeverksemdene nyttar til utleige, eller om at verksemda informerer sine kundar om gjeldande reglar om sports- og rekreasjonsfiske.

Forslaget om lovheimel for registreringsordning inneber ikkje at departementet kan innføre ei konsesjonsordning i tradisjonell forstand. Ein legg mellom anna til grunn at dei som fyller vilkåra i forskrifta har rett til registrering dersom dei søker om det, og vilkåra for tilbakekall av registrering ikkje er oppfylte.

Fjerde punktum er ei ny føresegn og inneber at departementet i forskrift kan gje føresegner om at retten til registrering kan kallast tilbake ved grove eller gjentekne brot på vilkåra. Formålet er i utgangspunktet ikkje ei pønal tilbakekallsordning, men ei ordning som medverkar til at verksemdene prioriterer å gje nødvendig informasjon til styresmaktene. Dette inneber at det ikkje skal vere automatikk i at registreringa vert kalla tilbake sjølv om vilkåra i lova for tilbakekall er oppfylte, men at forvaltninga må gjere ei konkret vurdering av om den ansvarlege er eigna til å drive ei turistfiskeverksemd med dei krava til rapportering m.m. som det inneber.

Tilbakekall av retten til registrering vil kunne gjerast gjeldande for ein bestemt tidsperiode.

Til havressurslova § 23 a

Føresegna definerer eit eige verkeområde for nytt kapittel 4 a i havressurslova. Kapittel 4 a inneheld mellom anna alle føresegnene som er foreslått flytta frå fiskeriforbodslova til havressurslova.

Føresegna i havressurslova § 23 a er nødvendig for å unngå at verkeområdet til føresegnene i kapittel 4 a vert utvida til å gjelde heile verkeområdet til havressurslova som følgje av at dei vert flytta frå fiskeriforbodslova. Havressurslova gjeld til dømes i territorialfarvatnet ved Svalbard, i motsetnad til fiskeriforbodslova.

Føresegna definerer verkeområdet til kapittel 4 a til å omfatte norsk territorialfarvatn, inkludert territorialfarvatnet ved Jan Mayen, men ikkje ved Svalbard.

Føresegnene som vert flytta frå fiskeriforbodslova gjeld i utgangspunktet i Norsk økonomisk sone og fiskerisona ved Jan Mayen fordi økonomiske sonelova § 3 viser til fiskeriforbodslova. Ein legg opp til å endre føresegna i økonomiske sonelova § 3 slik at ho i staden viser til nytt kapittel 4 a i havressurslova. Dette medfører at føresegnene som ein foreslår å flytte frå fiskeriforbodslova til nytt kapittel 4 a i havressurslova framleis vil gjelde i Norsk økonomisk sone og fiskerisona ved Jan Mayen, men ikkje i fiskevernsona ved Svalbard fordi føresegnene førebels ikkje er gjort gjeldande her, jf. forskrift 3. juni 1977 nr. 6 om fiskevernsonen ved Svalbard § 2.

Til havressurslova § 23 b

Føresegna er ei vidareføring av føresegnene som no finst i fiskeriforbodslova §§ 3 og 4.

Til havressurslova § 23 c

Føresegna er ei vidareføring av havressurslova § 23 a som ved lovendring 31. mai 2013 vart flytta frå fiskeriforbodslova til havressurslova, jf. Prop. 59 L (2012–2013) kap. 4.8. Føresegna har i dag i praksis same verkeområde som føresegnene i fiskeriforbodslova, fordi ho gjeld direkte i territorialfarvatnet med unntak for territorialfarvatnet ved Svalbard, forutan Norsk økonomisk sone og fiskerisona ved Jan Mayen. Føresegnene i fiskeriforbodslova gjeld direkte berre i territorialfarvatnet med unntak for territorialfarvatnet ved Svalbard, men er gjennom ei tilvising frå økonomiske sonelova § 3 dessutan gjort gjeldande i Norsk økonomisk sone og fiskerisona ved Jan Mayen. Dette gjer det naturleg å flytte førsegna i havressurslova § 23 a til nytt kapittel 4 a slik at alle føresegnene med same verkeområde står i same kapittel i havressurslova.

Til havressurslova § 23 d

Føresegna er ei vidareføring av føresegner som no finst i fiskeriforbodslova § 6 og i havressurslova § 23 a andre ledd.