Prop. 119 L (2016–2017)

Endringar i havressurslova m.m. (regulering av turistfiskenæringa m.m.)

Til innhaldsliste

4 Oppheving av fiskeriforbodslova

4.1 Gjeldande rett

Fiskeriforbodslova regulerer retten for utlendingar til å drive hausting av viltlevande marine ressursar og anna fiskerirelatert verksemd i norsk territorialfarvatn. Hovudregelen er eit forbod i § 3 mot å drive fiske for dei som ikkje er norske statsborgarar eller likestilte. Lova bidrar til at berre norske statsborgarar eller likestilte kan drive hausting av viltlevande marine ressursar i territorialfarvatnet. Likestilte som norske statsborgarar vert rekna utlendingar som er busette i Noreg dersom fartøyet er under 15 meter, og ulike selskap som er eigde med minst 60 prosent av norske statsborgarar dersom enkelte andre vilkår er oppfylde, jf. lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakerlova) § 5.

Det stadlege verkeområdet til fiskeriforbodslova er norsk territorialfarvatn, medrekna territorialfarvatnet ved Jan Mayen, men ikkje territorialfarvatnet ved Svalbard, jf. § 1.

Føresegnene i fiskeriforbodslova er gjort tilsvarande gjeldande i Norsk økonomisk sone og fiskerisona ved Jan Mayen, men førebels ikkje i fiskevernsona ved Svalbard, jf. økonomiske sonelova § 3, forskrift 17. desember 1976 nr. 15 om iverksettelse av Norges økonomiske sone, forskrift 23. mai 1980 nr. 4 om opprettelse av fiskerisonen ved Jan Mayen og forskrift 3. juni 1977 nr. 6 om fiskevernsonen ved Svalbard § 2.

Økonomiske sonelova opnar likevel for at Kongen kan gjere unntak frå fiskeriforbodet i Norsk økonomisk sone og fiskerisona ved Jan Mayen i langt større grad enn det kan gjerast unntak i territorialfarvatnet, jf. økonomiske sonelova §§ 4 og 6.

Hovudregelen i fiskeriforbodslova står i § 3 og inneber eit forbod mot fiske og fangst og anna hausting av viltlevande marine ressursar i territorialfarvatnet for dei som ikkje er norske statsborgarar eller likestilte etter deltakarlova § 5. Dessutan gjeld eit forbod mot å bruke andre fartøy enn norske.

Bakgrunnen for forboda var i si tid eit ønske om å redusere fiskepresset frå utanlandske fartøy i havområde nær Noreg. Forbodet var viktigare i tida før det vart oppretta ei økonomisk sone i 1976, noko som gav Noreg suverene rettar til å utnytte mellom anna levande marine ressursar heilt ut til 200 nautiske mil. Ein har likevel gjeve fartøy frå andre statar lov til å fiske i Norsk økonomisk sone etter avtale med Noreg, men ikkje innanfor 12-milsgrensa. Ei rekkje statar har liknande reglar.

Fiskeriforbodslova § 4 gjev Fiskeridirektoratet kompetanse til å dispensere frå forbodet mot å nytte fartøy som ikkje er norske ved prøvedrift av nye fartøytypar eller reiskapar eller når andre særlege grunnar gjer det ønskeleg. Føresegna opnar for at utlendingar kan vere mannskap, lottfiskarar eller fartøyførarar i større utstrekning enn kva som elles er tillate.

Fiskeriforbodslova § 6 gjev Kongen heimel til å gjere unntak frå forboda i § 3 i avgrensa område i territorialfarvatnet i særlege tilfelle. For område der det er gjeve slikt løyve, kan ein fastsetje at den lovlege verksemda heilt eller delvis ikkje skal vere underlagt norsk lov. Det følgjer av forarbeida at unntak normalt berre kjem på tale i dei tilfelle der det er nødvendig av omsyn til avtale med framand stat, jf. Ot.prp. nr. 40 (1960–61). Eit praktisk døme er avtala mellom Noreg og Den europeiske unionen om gjensidig tilgang til fiske i Skagerrak for fartøy som fører dansk, norsk eller svensk flagg, underteikna 15. januar 2015.

Fiskeriforbodslova § 6 er dessutan eit av fleire heimelsgrunnlag for å tillate forskingsaktivitet med utanlandske fartøy, jf. forskrift 30. mars 2001 nr. 360 om utenlandsk vitenskaplig havforskning i Norges indre farvann, sjøterritorium og økonomisk sone og på kontinentalsokkelen.

Brot på fiskeriforbodslova kan etter § 10 straffast med bøter. For gjentekne lovbrot eller ved særleg alvorlege høve, kan ein nytte bøter eller fengsel i inntil tre månader eller begge delar. Ved brot på § 3 kan ein inndra fartøy, fangst og anna utstyr, same kven som er eigar, jf. § 11.

4.2 Høyringsforslag

Hovudsaka i høyringsforslaget var å oppheve fiskeriforbodslova ved å flytte dei attverande føresegnene i lova til havressurslova. Forslaget inneber mellom anna ei forenkling ved at ei unødvendig lov vert oppheva, og ei modernisering ved at føresegner vert flytta til ei nyare og meir oppdatert lov.

Det er ikkje eit sjølvstendig mål å gjere materielle endringar i regelverket. Mellom anna er det ikkje meininga å gjere endringar i verkeområdet til føresegnene som vert flytta frå fiskeriforbodslova. I og med at havressurslova har eit anna og vidare verkeområde enn fiskeriforbodslova, var det derfor nødvendig å foreslå eit eige kapittel i havressurslova med avvikande verkeområde.

Forslaget inneber likevel ei materiell endring ved at det meir moderne reaksjons- og sanksjonssystemet i havressurslova vil gjelde dersom utlendingar bryt føresegnene som i dag finst i fiskeriforbodslova. Den praktiske konsekvensen av dette er mellom anna at strafferamma for utlendingar som bryt fiskeriforbodet m.m. vert heva frå bøter eller fengsel i inntil tre månader til bøter eller fengsel i inntil eitt år, eller seks år ved grove lovbrot.

Den høgre strafferamma i havressurslova vart innført i 2013 og legg til rette for at Noreg kan samarbeide internasjonalt om fiskerikriminalitet innanfor rammene av FN-konvensjonen mot grenseoverskridande organisert kriminalitet. Endringa inneber likevel ikkje utan vidare eit høgre straffenivå i andre saker. Ei breiare omtale av bakgrunnen for strafferammene i havressurslova finst i Prop. 59 L (2012–2013) kap. 5.8.

Forslaget inneber dessutan at havressurslova § 54 om inndraging av fangst eller verdien av fangst som er hausta i strid med føresegner som er fastsette i medhald av havressurslova eller deltakarlova (administrativ inndraging) skal nyttast ved brot på føresegnene som vert flytta frå fiskeriforbodslova. Havressurslova § 54 er eit utslag av det grunnleggjande prinsipp om at haustarar av dei marine ressursane ikkje skal få verdien av fangsten dersom dei ikkje har løyve til å fiske, eller fangsten er ulovleg etter kvotereglar eller andre reglar, jf. Ot.prp. nr. 20 (2007–2008) Om lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova) kap 7.4. Det er altså ikkje tale om ein sanksjon i form av straff, men inndraging av fangst som av ein eller annan grunn er ulovleg, og som det derfor ikkje er lov å hauste.

I høyringsforslaget vurderte departementet det som positivt at ein kan bruke administrativ inndraging når utlendingar bryt fiskeriforbodet, på same vis som når norske eller utanlandske fiskarar bryt reglar i havressurslova.

Forslaget inneber dessutan at det kan nyttast tvangsmulkt og lovbrotsgebyr ved brot på dei aktuelle føresegnene. Bruk av lovbrotsgebyr føreset at departementet gjer enkelte forskriftsendringar.

4.3 Høyringsfråsegner

Departementet har motteke fire høyringsfråsegner. Norges Fiskarlag hadde ingen merknader, og Landsorgnaisasjonen støtta forslaget. Justis- og beredskapsdepartementet hadde ein lovteknisk kommentar utan materiell betydning.

Pelagisk Forening støtta også forslaget, men var i mot at reglane om lovbrotsgebyr i havressurslova vert gjort gjeldande for føresegnene som vert flytta frå fiskeriforbodslova. Dei er dessuten i mot at den høgre strafferamma i havressurslova vert gjort gjeldande for føresegnene som vert flytta.

4.4 Departementet si vurdering

Departementet foreslår på bakgrunn av høringsrunden å gjere lovendringar slik som foreslått i høyringsnotatet, dvs. å oppheve fiskeriforbodslova ved å flytte føresegnene til havressurslova. Forslaget inneber i utgangspunktet ingen materielle endringar i regelverket ut over at sanksjons- og reaksjonsføresegnene i havressurslova vil gjelde ved brot på føresegnene som vert flytta frå fiskeriforbodslova.

Departementet er ikkje samd med Pelagisk Forening som meiner at det bør gjelde lægre strafferammer for føresegnene etter fiskeriforbodslova enn etter havressurslova. Departementet kan ikkje sjå sakleg grunn for ulike reglar på dette området.

Føresegnene i fiskeriforbodslova rettar seg mot utlendingar. Departementet meiner at dei beste grunnar tilseier at dei same reaksjonsføresegnene gjeld ved utlendingar sine brot på føresegnene som vert flytta frå fiskeriforbodslova, som ved brot på andre føresegner i havressurslova som gjeld både norske og utanlandske statsborgarar. Det er vanskeleg å sjå nokon fornuftig grunn til at det skal gjelde lægre strafferammer ved brot på føresegner som berre gjeld utanlandske statsborgarar enn ved brot på føresegner i same lova som gjeld både for norske og for utanlandske statsborgarar.

Departementet vurderer det som ein positiv konsekvens av forslaget at dei som haustar i strid med det generelle fiskeriforbodet for utlendingar får inndradd fangsten på same måten som norske statsborgarar får inndradd fangst ut over kvote, jf. havressurslova § 54. Det er vidare naturleg at heimelen til å nytte tvangsmulkt og lovbrotsgebyr får utvida sitt verkefelt til også å gjelde fiskeriforbodet m.m. Det vil vere opp til fiskeriforvaltninga å vurdere om desse heimlane skal nyttast. I praksis vil det ikkje vere aktuelt å nytte lovbrotsgebyr ved brot på fiskeriforbodet utan at ein først gjennomfører forskriftsendringar etter høyring.