Prop. 128 S (2014–2015)

Endringar i statsbudsjettet 2015 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2015 mv.)

Til innhaldsliste

2 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet med verknad frå 1. mai 2015 mv.

2.1 Lønsforhandlingane mv. per 1. mai 2015

Hovudtariffavtala i staten for perioden 1. mai 2014 til 30. april 2016 mellom staten v/Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutningane for tenestemenn, LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat, har ei reguleringsføresegn for andre avtaleår. Stortinget samtykte i dette ved behandlinga av Innst. 296 S (2013–2014), jf. Prop. 116 S (2013–2014).

Forhandlingane vart innleia 20. april 2015. I møtet la organisasjonane og staten fram og grunngav sine krav. Partane sine rapportar frå Statistikk- og berekningsutvalet vart delt ut.

Den 30. april kl 0100 la staten fram det endelege tilbod. Hovudsamanslutningane aksepterte tilbodet kl 0300. Protokoll av 30. april følgjer som vedlegg 1 med undervedlegg 1 og 2.

Generelt

Oppgjeret for andre avtaleår inneber ein årslønsauke på 2,7 pst. fra 2014 til 2015. Den avtalte økonomiske ramma er på linje med arbeidslivet elles. Partane konstaterer i eit tillegg til protokollen at omstilling og reformer vil prege staten i tida som kjem. Det er viktig at slike prosessar skjer i tråd med hovudtariffavtala i staten.

Generelle tillegg på hovudlønstabellen – andre avtaleår

Med verknad frå 1. mai 2015 er det gitt 0,19 pst. på hovudlønstabellen – tabell A. Frå og med lønnstrinn 19 til og med lønstrinn 39 er tillegget på kr 700. Ny hovudlønstabell følgjer som vedlegg 1, undervedlegg 1.

Lokale forhandlingar – andre avtaleår

I fall arbeidsgivar lokalt avset økonomiske midlar frå verksemda, skal forhandlingane vere avslutta innan 31. oktober 2015. Med mindre dei lokale partane blir einige om eit anna iverksettingstidspunkt, er iverksettingstidspunktet sett til 1. august.

Forhandlingsstader

Med heimel i hovudtariffavtala avgjer staten etter drøftingar med hovudsamanslutningane kvar lokale forhandlingar i departementsområda skal førast. Forhandlingsstadene for tariffperioden 2014–2016 blir fastsette med verknad frå 1. mai 2015 (jf. vedlegg 1, undervedlegg 2).

2.2 Lønsregulering mv. for embets- og tenestemenn som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalane

Det er ein føresetnad frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet at lønsreguleringa frå 1. mai 2015 mv. blir gjort gjeldande for alle embets- og tenestemenn, også dei som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalane.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet ber difor om fullmakt til å gjere avtalane gjeldande for arbeidstakarar som ikkje er medlem av organisasjonar med forhandlingsrett – og som difor ikkje direkte blir omfatta av dei avtalane som er inngått.

Embets- og tenestemenn i stillingar som er tekne ut av hovudtariffavtalane, får sine løns- og arbeidsvilkår administrativt fastsett i kontrakt.