3 Endringar på statsbudsjettet for 2015
Kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet
Post 01 Driftsutgifter
Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2015, er for tidsrommet 1. mai – 31. desember 2015 rekna til om lag 551 mill. kroner. Løyvingsanslaget byggjer på lønsmassen i det statlege tariffområdet per 1. oktober 2014.
Overslaget omfattar alle tilsette som går inn under hovudtariffavtalane i staten. Meirutgifter som følgje av auka satsar for overtid og arbeidsgivaravgift er medrekna.
Meirutgifter i samband med lønsreguleringane for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og forvaltningsbedrifter, blir dekte innanfor verksemdenes budsjett.
Verksemder med arbeidstakarar som får løn administrativt fastsett i kontrakt, må dekkje meirutgifta av lønsregulering innanfor eksisterande budsjett.
Etter fråtrekk av det ovanfor nemnde er meirutgiftene rekna til om lag 413 mill. kroner. Etter vanleg praksis blir slike meirutgifter dekte ved at det blir ført opp løyving under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, som Finansdepartementet får fullmakt til å fordele.
Kap. 0503 Midlar til opplærings- og utviklingsarbeid
Post 70 Tilskot
Departementet foreslår at tilskotet blir auka med 8,2 mill. kroner. Ein har rekna ut summen med bakgrunn i talet på årsverk og lønsmasse i statleg tariffområde per 1. oktober 2014.
Kap. 2309 Tilfeldige utgifter
Post 01 Driftsutgifter
Det er avsett midlar til dekning av meirutgiftene ved lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet mv. Løyvinga under kap. 2309 Tilfeldige utgifter vil bli redusert i samband med proposisjonen om ny saldering av statsbudsjettet 2015 til hausten.