Prop. 128 S (2014–2015)

Endringar i statsbudsjettet 2015 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2015 mv.)

Til innhaldsliste

Forslag
til vedtak om endringar i statsbudsjettet 2015 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2015 mv.)

I

I statsbudsjettet for 2015 blir det gjort følgjande endringar:

Utgifter:

Kap.

Post

Formål

Kroner

2315

01

Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet Driftsutgifter, løyvd med

413 000 000

0503

70

Midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde Tilskot, auka med

8 200 000

frå kr 166 200 000 til kr 174 400 000

II

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2015 blir gjort regulering av lønene mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat i samsvar med forhandlingsforslaget i protokoll av 30. april 2015.

III

For embets- og tenestemenn som ikkje er medlem av organisasjonar som nemnde i romertall II og difor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsett i hovudtariffavtale, skal same løns- og arbeidsvilkår som etter romertall II gjelde. Embets- og tenestemenn som er tekne ut av hovudtariffavtala, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.

IV

Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 01 Driftsutgifter, på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.