Prop. 132 S (2014–2015)

Endringar i statsbudsjettet 2015 under Arbeids- og sosialdepartementet (Tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2015)

Til innhaldsliste

2 Nærare om reguleringa

Reglane for regulering

Reglane for regulering av pensjonar i folketrygda går fram av folketrygdlova §§ 1-4, 19-14 og 20-18 og forskrift 6. mai 2011 nr. 465 om beregning av lønnsveksten som skal benyttes ved regulering av grunnbeløpet og alderspensjon i folketrygden. I forskrifta § 3 er det gjort nærare greie for reknemåten for den samla lønnsauken (sl) som skal nyttast ved reguleringa: sl = ((1 + a1/100) x (1 + a2/100) x (1 + f/100) - 1) x 100. Faktorane a1 og a2 er avvika mellom venta og faktisk lønnsauke eit og to år tilbake i tid, medan f er venta lønnsauke i reguleringsåret.

Alderspensjon under utbetaling skal regulerast med eit gjennomsnitt av lønns- og prisveksten. Dette skjer ved at pensjonen vert regulert i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekt ein fast faktor på 0,75 prosent. Satsane for minste pensjonsnivå vert regulerte i samsvar med lønnsauken og deretter justerte for effekten av levealdersjusteringa for 67-åringar i reguleringsåret. Grunnbeløpet og alderspensjon under opptening vert regulerte i samsvar med lønnsauken. Uføretrygd og andre ytingar som vert regulerte i tråd med endringar i grunnbeløpet, vert dermed regulerte i samsvar med lønnsauken. Tilsvarande reglar gjeld i andre pensjonsordningar.

Til grunn for reguleringa ligg venta lønnsauke i reguleringsåret, justert for eventuelle avvik mellom venta og faktisk lønnsauke dei siste to åra. Det skal også vurderast om det er særlege tilhøve som har påverka lønnsutviklinga for einskilde grupper, og om effekten av dette skal haldast utanfor ved fastsetjinga av lønnsauken. Talgrunnlaget skal drøftast med organisasjonane til pensjonistane, dei funksjonshemma og arbeidstakarane, før grunnbeløpet og pensjonane vert regulerte.

Drøftingar med organisasjonane

Grunnlaget for reguleringa har vore drøfta med Pensjonistforbundet, Seniorsaken, Forsvarets seniorforbund, Landslaget for offentlige pensjonister, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Landsorganisasjonen i Norge, Unio og Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund. Sjå nærare om drøftingane i vedlagte protokollar.

I tråd med forskrift 6. mai 2011 nr. 465 vert det etter dette lagt til grunn ein venta lønnsauke på 2,7 prosent i 2015 i tråd med anslaget til regjeringa som går fram av Revidert nasjonalbudsjett for 2015. I trygdeoppgjeret 2014 vart det lagt til grunn for reguleringa av grunnbeløpet ein venta lønnsauke på 3,3 prosent i 2014 i tråd med anslaget til regjeringa som går fram av Revidert nasjonalbudsjett for 2014. Faktisk lønnsauke for 2014 er nå anslått til 3,1 prosent i rapporten «Grunnlaget for inntektsoppgjørene 2015» frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera av 30. mars 2015. Partane er samde om at det ligg føre eit negativt avvik på 0,2 prosentpoeng for 2014. I trygdeoppgjeret 2014 vart det lagt til grunn ein faktisk lønnsauke på 3,9 prosent i 2013. Faktisk lønnsauke for 2013 er i rapporten frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera framleis sett til 3,9 prosent. Partane er samde om at det dermed ikkje ligg føre eit avvik for 2013.

Reguleringa av grunnbeløpet, pensjonane og satsane for minste pensjonsnivå frå 1. mai 2015

Når det er avvik dei to siste åra, skal det først takast omsyn til avvika og deretter til den venta prosentvise lønnsauken i inneverande år. Den samla årlege lønnsauken er på denne bakgrunnen fastsett til 2,49 prosent frå 2014 til 2015.

Reguleringa av grunnbeløpet og pensjonane skjer med verknad frå 1. mai. Det nye grunnbeløpet frå 1. mai 2015 skal dermed fastsetjast slik at den prosentvise auken i det gjennomsnittlege grunnbeløpet frå 2014 til 2015 vert lik den samla årlege lønnsauken. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka med 2,49 prosent frå 2014 (87 328 kroner) til 2015 (89 502 kroner). Nytt grunnbeløp frå 1. mai 2015 er fastsett til 90 068 kroner. Den prosentvise auken i grunnbeløpet frå 88 370 kroner til 90 068 kroner frå 1. mai 2015 er 1,92 prosent. Det inneber at uføretrygda og andre som får pensjonar og ytingar regulerte gjennom endringar i grunnbeløpet, får ein tilsvarande auke frå same dato. Alderspensjon under opptening vert også oppregulert med 1,92 prosent.

Alderspensjon under utbetaling vert regulert med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 prosent. Pensjonen vert først oppregulert med 1,92 prosent og frå denne summen vert det fråtrekt 0,75 prosent. Dette inneber at alderspensjonistar får auka pensjonen med 1,16 prosent frå 1. mai 2015.

Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar er auka frå 1. mai 2015 med lønnsauken på 1,92 prosent og deretter justerte for effekten av levealdersjusteringa for 67-åringar. Dette skjer ved å multiplisere med forholdstalet i 2014 på 1,020 og dividere med forholdstalet i 2015 på 1,025. Dette inneber at satsane er auka med 1,42 prosent frå 1. mai 2015.

Satsane er frå 1. mai 2015 sette til 139 728 kroner for låg sats, 162 566 kroner for ordinær sats, 175 739 kroner for høg sats og 274 085 kroner for særskilt sats. Sjå nærare om dei ulike satsane i folketrygdlova § 19-18.

Gjennomgang av reglane for regulering

Med dagens reguleringsreglar vil pensjonistane normalt få ei årleg betring av kjøpekrafta, men noko lågare enn for lønnstakarane. I år med moderate lønnsoppgjer, der lønnstakarane får ein lønnsauke som berre er litt høgare enn forventa prisvekst, kan fråtrekket på 0,75 prosent i oppgjeret til pensjonistane føre til at pensjonistane får ei negativ utvikling i kjøpekrafta.

Regjeringa vil difor gjennomgå prinsippa for den årlege reguleringa av pensjonar. Siktemålet er å unngå ei utvikling over fleire påfølgande år der pensjonistane får minska kjøpekraft, samstundes som arbeidstakarane får auka kjøpekraft. I denne samanhengen skal ein vurdere ei eller anna form for glattingsmekanisme.

Til grunn for gjennomgangen skal liggja ein føresetnad om at eventuelle endringar ikkje må svekke bærekrafta i pensjonssystemet. Det skal ikkje gis nokon garanti mot minska kjøpekraft i enkelte år. Ein skal framleis justere for eventuelle avvik mellom forventa og faktisk lønnsauke dei siste to åra.

Gjennomgangen vil ikkje påverke trygdeoppgjeret i år, men skal vere klar i god tid før trygdeoppgjeret neste år. Ein skal like fullt vurdere om eventuelle endringar skal gjelde frå og med 2016, eller om ein ved trygdeoppgjeret i 2016 også skal ta omsyn til ei eventuell minska kjøpekraft i 2015.

Til forsida