Prop. 132 S (2014–2015)

Endringar i statsbudsjettet 2015 under Arbeids- og sosialdepartementet (Tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2015)

Til innhaldsliste

5 Pensjonar og ytingar frå folketrygda

Alderspensjon under utbetaling vert regulert i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 prosent. Satsane for minste pensjonsnivå vert regulerte i samsvar med lønnsauken og deretter justerte for effekten av levealdersjusteringa for 67-åringar i reguleringsåret. Grunnbeløpet og alderspensjon under opptening vert regulerte i samsvar med lønnsauken. Uføretrygd, ytingar til etterlatne, arbeidsavklaringspengar og overgangsstønad vert regulerte i tråd med endringar i grunnbeløpet.

Under kap. 2670 Alderdom vert det gjort framlegg om å auke løyvingane med 1 537 mill. kroner, fordelt med 502 mill. kroner på Post 70 Grunnpensjon, 959 mill. kroner på Post 71 Tilleggspensjon og 76 mill. kroner på Post 73 Særtillegg, pensjonstillegg mv.

Under kap. 2655 Uførheit vert det gjort framlegg om å auke løyvingane med 966 mill. kroner, fordelt med med 965 mill. kroner på Post 70 Uføretrygd og 1 mill. kroner på Post 76 Yrkesskadetrygd

Under kap. 2680 Etterlatne vert det gjort framlegg om å auke løyvingane med 28 mill. kroner, fordelt med 15 mill. kroner på post 70 Grunnpensjon, 12 mill. kroner på post 71 Tilleggspensjon og 1 mill. kroner på post 72 Særtillegg.

Under kap. 2651 Arbeidsavklaringspengar vert det gjort framlegg om å auke løyvingane på Post 70 Arbeidsavklaringspengar med 430 mill. kroner.

Under kap. 2620 Stønad til einsleg mor eller far post 70 Overgangsstønad vert det gjort framlegg om å auke løyvingane med 32 mill. kroner.

Til forsida