Prop. 132 S (2014–2015)

Endringar i statsbudsjettet 2015 under Arbeids- og sosialdepartementet (Tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2015)

Til innhaldsliste

6 Andre pensjonsordningar

6.1 Pensjonar mv. frå Statens pensjonskasse

Dei fleste tenestepensjonane i offentleg sektor er såkalla bruttoordningar som vert gitt i tillegg til folketrygda. Dette gjeld no særleg alderspensjonar. Pensjonen frå folketrygda skal alltid betalast fullt ut, medan tenestepensjonen vert redusert med eit samordningsfrådrag. Vanlegvis utgjer samordningsfrådraget ¾ grunnbeløp og heile tilleggspensjonen og/eller særtillegget m.v. når tenestepensjonen vert gitt for full tenestetid (vanlegvis 30 år). Tenestepensjon til etterlatne bereknast som hovudregel som nettopensjonar som er tilpassa pensjon frå folketrygda og som ikkje skal samordnast. I samband med uførereforma frå 1. januar 2015 er òg uførepensjon frå offentlege tenestepensjonsordningar lagt om til nettopensjonar.

Etter lov om Statens pensjonskasse § 42 skal alderspensjon under utbetaling regulerast ved at pensjonsgrunnlaget vert regulert årleg frå 1. mai i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 prosent. Uførepensjon vert regulert i samsvar med lønnsauken. Enkje- og enkjemannspensjon vert regulerte i samsvar med lønnsauken fram til fylte 67 år. Frå fylte 67 år vert pensjonsgrunnlaget regulert i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 prosent. Ved reguleringa skal dei reguleringsfaktorane som Kongen fastset etter folketrygdlova § 19-14 åttande ledd nyttast.

For kapitla 611, 612, 615 og 616 vil dei totale meirutgiftene for pensjonane som følgje av reguleringa utgjere om lag 205 mill. kroner.

Under kap. 611 Pensjonar av statskassa, vert det gjort framlegg om å auke løyvingane med 0,1 mill. kroner. Det vert gjort framlegg om at departementet får fullmakt til å regulere pensjonane på same måten som pensjonar frå Statens pensjonskasse.

Under kap. 612 Tilskott til Statens pensjonskasse vert det gjort framlegg om å auke løyvingane med 202 mill. kroner, fordelt med 200 mill. kroner på post 01 Driftsutgifter og 2 mill. kroner på post 70 For andre medlemmer av Statens pensjonskasse.

Under kap. 615 Yrkesskadeforsikring og kap. 616 Gruppelivsforsikring vert det gjort framlegg om å auke løyvingane med respektive 1 mill. kroner under kap. 615 og 2 mill. kroner under kap. 616.

6.2 Avtalefesta pensjon i privat sektor

Etter lov 19. februar 2010 nr. 5 om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor § 23 skal tilskottet frå staten til pensjon etter reglane i kapittel 2 (ny AFP) utgjere 1/3 av pensjonen, medan kompensasjonstillegget etter kapittel 3 vert dekt fullt ut av staten. Statstilskottet til pensjon etter kapittel 4 (overgangsordninga) skal utgjere 40 prosent av pensjonen for pensjonistar over 64 år.

Årleg pensjon etter AFP-tilskottslova kapittel 2 utgjer 0,314 prosent av grunnlaget (summen av den einskildes inntekt) og er eit påslag til alderspensjon frå folketrygda. Pensjon etter kapittel 4 (overgangsordninga) vart rekna ut etter dei tidlegare reglane for uførepensjon frå folketrygda. Det er ikkje iverksett AFP etter overgangsordninga etter 2010, og ordninga opphører i løpet av 2015. AFP, med unntak av visse tillegg, vert regulert årleg frå 1. mai i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 prosent.

Under kap. 666 Avtalefesta pensjon, post 70 Tilskott vert det gjort framlegg om å auke statstilskottet med 7 mill. kroner.

6.3 Pensjonstrygda for sjømenn

Etter lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn § 15 gir staten visse tilskott. Staten dekkjer m.a. utgiftene til krigsfartstillegg for fartsmånader mellom 1. september 1939 og 31. desember 1945. Etter § 8 er pensjonsordninga garantert av staten.

Alderspensjonar frå Pensjonstrygda for sjømenn vert regulerte årleg med verknad frå 1. mai i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekte 0,75 prosent. Ved reguleringa vert dei reguleringsfaktorane som Kongen fastset etter folketrygdlova § 19-14 åttande ledd nytta.

Under kap. 664 Pensjonstrygda for sjømenn, post 70 Tilskott vert det gjort framlegg om å auke tilskottet med 1 mill. kroner.

6.4 Krigspensjonering

Staten dekkjer utgiftene til krigspensjon etter lov 13. desember 1946 nr. 21 om krigspensjonering for militærpersoner (§ 19) og lov 13. desember 1946 nr. 22 om krigspensjonering for hjemmestyrkepersonell og sivilpersoner (§ 25).

Etter tilleggslov om krigspensjonering av 29. juni 1951 nr. 34 vert krigspensjonar under utbetaling regulerte i samsvar med lønnsauken fram til fylte 67 år. Frå fylte 67 år vert krigspensjonane regulerte i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekte 0,75 prosent. Ved regulering av pensjonar vert dei reguleringsfaktorane som Kongen fastset etter folketrygdlova § 19-14 åttande ledd nytta.

Under kap. 660 Krigspensjon vert det gjort framlegg om å auke løyvingane med 3 mill. kroner, fordelt med 1 mill. kroner på post 70 Tilskott militære og 2 mill. kroner på post 71 Tilskott sivile.

6.5 Supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

Ved lov 29. april 2005 nr. 21 om stønad til personar med kort butid i Noreg, er personar over 67 år med liten eller ingen pensjon frå folketrygda sikra ei samla inntekt på nivå med minste pensjonsnivå. Ytingane frå ordninga vert prøvde mot inntekt og også mot formue. Det er vidare eit vilkår at stønadsmottakaren er busett i Noreg.

Stønaden er knytt til satsane for minste pensjonsnivå i folketrygda, og vil difor auke i tråd med dei nye satsane for minste pensjonsnivå frå 1. mai 2015.

Under kap. 667 Supplerande stønad til personar over 67 år, post 70 Tilskott vert det gjort framlegg om å auke løyvinga med 4 mill. kroner.

Til forsida