Prop. 137 S (2014–2015)

Utbygging og finansiering av Førdepakken i Sogn og Fjordane

Til innhaldsliste

Forslag
til vedtak om utbygging og finansiering av Førdepakken i Sogn og Fjordane

  1. Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet får løyve til å krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av Førdepakken i Sogn og Fjordane. Vilkåra går fram av denne proposisjonen.

  2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.

  3. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å fastsetje takstar basert på lågare rekneteknisk rente i tråd med føringane i denne proposisjonen.