Prop. 137 S (2014–2015)

Utbygging og finansiering av Førdepakken i Sogn og Fjordane

Til innhaldsliste

8 Samferdselsdepartementet si vurdering

Samferdselsdepartementet viser til at det er lokalpolitisk tilslutning til ein Førdepakke med prosjekt og tiltak både på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt vegnett. Departementet meiner at dei økonomiske førestnadene som er lagt til grunn for pakken er realistiske, og tilrår det lokale forslaget til utbygging og finansiering.

Som for andre bompengepakkar er det føresett at omfanget av utbygginga blir tilpassa den økonomiske ramma på om lag 1,65 mrd. kr. Pakken skal styrast gjennom porteføljestyring. Dersom kostnadene for nokre av prosjekta/tiltaka aukar, vil dette innebere at andre prosjekt ikkje blir gjennomførte. Dersom enkelte prosjekt/tiltak blir rimelegare enn føresett, blir det plass til fleire prosjekt/tiltak, eller innkrevjingstida kan reduserast.

Overgangsordninga for rentekompensasjon inneber at Sogn og Fjordane fylkeskommune som garantist for bompengelånet, vil få tilbod om at takstane kan baserast på lågare lånerente enn 6,5 pst. Det er ein føresetnad at Førdepakken blir lagt inn i eit av dei nye bompengeselskapa når desse er etablerte. På vanleg måte vil det bli kravd at den fylkeskommunale garantien blir godkjent av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.