Prop. 137 S (2014–2015)

Utbygging og finansiering av Førdepakken i Sogn og Fjordane

Til innhaldsliste

4 Trafikk- og inntektsgrunnlag

Trafikkgrunnlaget som er lagt til grunn, er rekna ut på grunnlag av den regionale transportmodellen (RTM) og ein tilleggsanalyse. Denne tek utgangspunkt i trafikkteljingar på dagens vegnett der bomstasjonane vil stå, jf. kap. 5. I 2012 blei det registrert ein årsdøgntrafikk (ÅDT) på om lag 36 900 køyretøy (begge retningar totalt). Det er rekna med ein reduksjon av trafikken på om lag 15 pst. ved innføring av bompengar med det takst- og rabattsystemet som blei lagt fram for lokalpolitisk behandling. ÅDT i innkrevjingsretninga er etter dette vurdert til 15 750 køyretøy i referanseåret 2012. Tunge køyretøy utgjer om lag 7 pst. av trafikken. Trafikkteljingar frå 2014 viser ein moderat vekst i trafikken frå 2012 til 2014.

I fylkesprognosane for Sogn og Fjordane som blei utarbeidd i samband med Nasjonal transportplan 2014–2023, var det lagt til grunn ein årleg vekst på 2,1 pst. fram til 2014, 0,6 pst. i perioden 2014–2020 og 0,7 pst. i perioden 2020–2030. Dei siste åra har trafikkveksten i Førde vore høgare enn den genererelle trafikkveksten i fylket. Det er venta at trafikkveksten vil gå noko ned som konsekvens av bompengeinnkrevjinga. Det er også venta at den planlagte tilrettelegginga for gang- og sykkeltrafikken vil føre til ein viss overgang av trafikantar frå bil til sykkel og gange. Etter dette er det lagt til grunn ein årleg trafikkvekst på 0,5 pst. fram til utgangen av bompengeperioden.