Prop. 140 S (2016–2017)

Finansiering av prosjektet fv 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

5 Finansieringsopplegg

Finansieringsopplegget for fv 659 Nordøyvegen omfattar fylkeskommunale midlar og bompengar. Dette inneber at Møre og Romsdal fylkeskommune er ansvarleg for nødvendige låneopptak for å finansiere framtidige kommunale tilskot knytte til prosjektet, jf. kap. 3.

Fylkeskommunen har i brev av 8. februar 2017 søkt om midlar til prosjektet frå ordninga med alternativ bruk av ferjetilskot for fylkesvegferjer. Samferdselsdepartementet har i brev av 15. mars 2017 stadfesta at prosjektet fell inn under ordninga, men storleiken på tilskotet er enno ikkje fastsett. Det er ikkje teke atterhald om slikt tilskot i fylkeskommunen sitt vedtak, jf. kap. 3. Fylkeskommunen er derfor ansvarleg for nødvendige låneopptak for å finansiere prosjektet, uavhengig av storleiken på framtidige ferjeavløysingsmidlar.

Med utgangspunkt i Statens vegvesen sitt forslag til styringsramme for prosjektet er det lagt til grunn ein finansieringsplan som vist i tabell 4.1. Bompengebidraget utgjer 460 mill. kr, eller 13,4 pst. av finansieringa. Det er lagt til grunn at bompengeselskapet stiller til disposisjon tilsvarande del av dei årlege behova gjennom byggjeperioden.

Tabell 5.1 Finansieringsplan for fv 659 Nordøyvegen

Mill. 2017-kr

Fylkeskommunale midlar

2 982

Bompengar

460

Sum

3 442

Bompengar og bompengeopplegg

I tråd med dei lokalpolitiske vedtaka er det lagt opp til etterskotsinnkrevjing av bompengar i ein automatisk bomstasjon ved Skjeltene på fastlandet i Haram kommune. Det skal krevjast inn bompengar i begge køyreretningar. Mellom øyane skal det ikkje krevjast inn bompengar. Dette er grunngjeve med at trafikken er så liten at driftsutgiftene ved bompenginnkrevjing vert svært høge i forhold til inntektene.

I grunnlaget for den lokalpolitiske behandlinga var det lagt til grunn at takstane skulle fastsetjast med utgangspunkt i det eit køyretøy med totalvekt under 3 500 kg med sjåfør og 0,75 passasjerar som oppnår full rabatt, betalar i ferjesambandet Skjeltene – Haramsøya, medrekna eit påslag på 40 pst. Dette gav ein gjennomsnittleg takst på 102 kr i 2016-prisnivå. Med utganspunkt i ferjetakstane for 2017 inneber dette prinsippet ein gjennomsnittleg takst på 109 kr i 2017-prisnivå. Basert på dette er det førebels lagt til grunn følgjande grunntakstar i 2017-prisnivå:

  • Takstgruppe 1 (lette køyretøy med tillaten totalvekt til og med 3 500 kg og køyretøy i køyretøygruppe M1): 131 kr

  • Takstgruppe 2 (tunge køyretøy ekskl. køyretøy i køyretøygruppe M1): 262 kr.

I tråd med Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016) er det lagt opp til 20 pst. rabatt ved bruk av gyldig brikke og brikkeavtale for køyretøy i takstgruppe 1. Køyretøy i takstgruppe 2 får ikkje rabatt.

Det er føresett at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga. I tråd med føresetnadene i Prop. 1 S (2016–2017) vil utrekna gjennomsnittstakst verte nytta som grunnlag for justering av takstane. Før start på innkrevjinga vil gjennomsnittstaksten verte vurdert ut frå kjende faktorar som låneopptak, lånerente og utbyggingskostnad. Forslag til justeringar av takstane som følgje av dette føreset tilslutning frå fylkeskommunen som garantist.

Elles gjeld dei til kvar tid gjeldande takstretningslinjer for bompengeprosjekt.

Det er føresett at prosjektet skal inngå i eitt av dei nye regionale bompengeselskapa når desse er etablerte.

Andre føresetnadar for finansieringsplanen

Eventuell kostnadsauke ut over prisstigning skal dekkjast i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt. Kostnadsauke opp til kostnadsramma skal følgjeleg dekkjast med fylkeskommunale midlar og bompengar etter same prosentvise fordeling som innanfor styringsramma. Eventuell auke ut over kostnadsramma er fylkeskommunen sitt ansvar og vert dekt av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Eventuelle kostnadsreduksjonar på inntil 10 pst. skal fordelast mellom fylkeskommunen og bompengeselskapet etter same prosentvise fordeling som innanfor styringsramma. Eventuelle reduksjonar på meir enn 10 pst. tilkjem fylkeskommunen.

Dersom økonomien til bompengeselskapet vert dårlegare enn føresett, kan bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet auke realtakstane med inntil 20 pst. og forlengje innkrevjingsperioden med inntil 5 år.

Følgjande basisføresetnadar er elles lagde til grunn for finansieringsplanen:

  • Lånerente: 5,5 pst. dei første 10 åra, deretter 6,5 pst.

  • Innskotsrente: 2,5 pst.

  • Årlege innkrevjings- og driftskostnadar: 2,5 mill. kr.

Med desse føresetnadane er samla innkrevjingsperiode utrekna til om lag 20 år. Brutto bompengeinntekter er i 2017-prisnivå utrekna til om lag 770 mill. kr. Av dette er om lag 460 mill. kr føresett nytta til å dekkje delar av investeringskostnadene, om lag 260 mill. kr til å dekkje finansieringskostnader og om lag 50 mill. kr til å dekkje innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet. Auken i forhold til det som var lagt til grunn ved den lokalpolitiske behandlinga, skuldast at det er teke omsyn til den reelle trafikkveksten i ferjesambanda til og med 2016 og realauken i ferjetakstane frå 2016 til 2017.

Det er rekna på eit optimistisk alternativ med følgjande føresetnader:

  • Årsdøgntrafikken i opningsåret aukar med 5 pst.

  • Lånerenta blir redusert til 4,5 pst for heile perioden.

  • Elles er dei same føresetnadene som i basisalternativet lagde til grunn.

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 15,5 år, dvs. ein reduksjon på om lag 4,5 år. Alternativt kan taksten for takstgruppe 1 reduserast frå om lag 130 kr til om lag 105 kr, medan taksten for takstgruppe 2 kan reduserast frå om lag 260 kr til om lag 210 kr. Dette utgjer ein reduksjon på vel 19 pst.

Det er også rekna på eit pessimistisk alternativ med følgjande føresetnader:

  • Kostnadsauke opp til kostnadsramma

  • Årleg trafikkvekst blir redusert til 0 pst. etter innkrevjingsstart

  • ÅDT i opningsåret blir redusert med 10 pst.

  • Takstauke på 20 pst. ut over prisstigning etter to år.

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden med etterskotsinnkrevjing rekna til om lag 24 år, dvs. ein auke på om lag fire år.