Prop. 143 S (2016–2017)

Endringar i statsbudsjettet 2017 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2017 mv.)

Til innhaldsliste

2 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet med verknad frå 1. mai 2017 mv.

2.1 Lønsforhandlingane mv. per 1. mai 2017

Forhandlingane

Resultatet av hovudtariffoppgjeret i staten våren 2016, som enda med at ein fekk ei hovudtariffavtale i staten for perioden 1. mai 2016 til 30. april 2018 mellom staten v/Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutningane for tenestemenn, LO Stat, Unio og YS Stat, og ei hovudtariffavtale mellom staten ved/Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutninga for tenestemenn, Akademikerne, blei godkjend av Stortinget ved behandlinga i Innst. 417 S (2015–2016). Sjølv om hovudregelen i staten har vore likelydande hovudtariffavtaler, er ikkje ulike tariffavtaler i staten noko nytt. Til dømes har det i lengre tid vore vanleg at Forsvaret har ei eiga tariffavtale for nokre av dei tilsette ved Forsvarets verkstader, og desse tilsette er ikkje omfatta av hovudtariffavtalene i staten. Staten har òg tidligare inngått eigne avtalar med ulike forbund, i tillegg til den som blei inngått med dei fire hovudsamanslutningane. Ulike avtalar er òg vanleg i andre tariffområde. Dette er ein konsekvens av avtalefridomen i arbeidslivet.

Begge avtalene har reguleringsføresegner for andre avtaleår, noko Stortinget samtykte i ved behandlinga i Innst. 417 S (2015–2016). I reguleringsføresegnene i begge avtalene er det òg fastsett at partane kan forhandle om endringar i lønssystemet i mellomoppgjeret.

Forhandlingane vart innleia 30. mars 2017. I møtet la organisasjonane og staten fram og grunngav krava sine. Partane sin rapport frå Statistikk- og berekningsutvalet, og to utgreiingar om løns- og forhandlingssystemet som blei utarbeida før forhandlingane, blei òg lagt fram.

Dei felles forhandlingane heldt fram til 29. april 2017 då høvesvis LO Stat, Unio og YS Stat og Akademikerne, aksepterte kravet/tilbodet frå staten. Avtala med LO Stat, Unio og YS Stat følgjer som vedlegg 1, undervedlegg 1. Avtala med Akademikerne følgjer som vedlegg 1, undervedlegg 2. Vedlegg 1 undervedlegg 3 er felles for begge avtalene. Begge avtalene blir nærare omtalt under punkt 2.2.

Den økonomiske ramma

Både avtala med LO Stat, Unio og YS Stat, og avtala med Akademikerne, har ei ramme som inneber ei årslønsauke på 2,4 prosent for andre avtaleår. Den samla ramma for heile oppgjeret ligg òg innafor ei årslønsauke på 2,4 prosent. Den avtalte økonomiske ramma er på linje med arbeidslivet elles. Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2017, er for tidsrommet 1. mai – 31. desember 2017 rekna ut til 1 012 mill. kroner.

Forhandlingsstader

Med heimel i hovudtariffavtalene avgjer staten etter drøftingar med hovudsamanslutningane, kor lokale forhandlingar i departementsområda skal førast. Endringar i forhandlingsstadene for tariffperioden 2016–2018 blir drøfta og fastsett med verknad frå 1. mai 2017 (jf. vedlegg 1, undervedlegg 3). Forhandlingsstadene er dei same både i vedlegget til avtala med LO Stat, Unio og YS Stat, og i vedlegget til avtala med Akademikerne.

2.2 Nærare om avtala med LO Stat, Unio og YS Stat og avtala med Akademikerne

Økonomisk profil i avtala med LO Stat, Unio og YS Stat

Med verknad frå 1. mai 2017 er det gjeve eit likt prosenttillegg på lønstabellen svarande til 0,33 prosent. Med verknad frå 1. juli 2017 skal det førast lokale forhandlingar innafor ei økonomisk ramme på 0,8 prosent per dato av lønsmassen.

Økonomisk profil i avtala med Akademikerne

I avtala med Akademikerne er heile den økonomiske ramma avsett til lokale forhandlingar. Med verknad frå 1. oktober 2017 skal det førast lokale forhandlingar innafor ei økonomisk ramme på 0,85 prosent per dato av lønsmassen. Avtala med Akademikerne inneheld ikkje lenger ein lønstabell.

Andre endringar i hovudtariffavtalene

Det er gjort einskilde mindre justeringar i dei to hovudtariffavtalene, mellom anna knytt til at avtala med Akademikerne ikkje lenger har ein lønstabell. Løns- og arbeidsvilkår elles i hovudtariffavtalene blir i hovudsak vidareført, og sosiale føresegn er like i avtala med LO Stat, Unio og YS Stat, og i avtala med Akademikerne.

Anna

For staten har det vore viktig å fortsette arbeidet med å modernisere løns- og forhandlingssystemet i oppgjeret i år. Staten har lagt stor vekt på å kome fram til løysingar som gjer hovudtariffavtala meir fleksibel og gjev dei lokale partane større handlefridom. Det gjeld òg bruken av den disponible økonomiske ramma, der det har vore eit mål å auke andelen som blir avset til lokale forhandlingar. Dette er mellom anna i tråd med dei ønska som har kome frå det nyoppretta Arbeidsgivarrådet i staten.

I avtala med LO Stat, Unio og YS Stat er 65 prosent av den disponible økonomiske ramma avset til lokale forhandlingar. I avtala med Akademikerne er heile den disponible økonomiske ramma avset til lokale forhandlingar.

Begge avtalene inneber mellom anna at partane på dei einskilde verksemdene får råderett over heile avsettinga til lokale forhandlingar. Partane kan såleis sjølve avtale målretta tiltak for heile verksemda i tråd med den fastlagde lønspolitikken, men det er òg høve til å delegere fordelinga av avsettinga heilt eller delvis til forhandlingar mellom partar på driftseining.

Vidare er det både i avtala med LO Stat, Unio og YS Stat og i avtala med Akademikerne fastsett kvart sitt mandat for å fortsette arbeidet med å vidareutvikle løns- og forhandlingssystemet fram mot hovudoppgjeret 2018. Det er ikkje store skilnader mellom dei to mandata. I begge mandata er økt lokal handlefridom eit sentralt moment, slik at dei statlege verksemdene kan rekruttere, utvikle og behalde kompetente tilsette.

Partane er samde om å leggje dei to rapportane som ble utarbeid på grunnlag av mandata som ble fastsett våren 2016, til grunn for det vidare moderniseringsarbeidet. Partane er òg samde om at resultatet av det arbeidet som skal gjerast no, skal nyttast ved forhandlingane om lønnsoppgjeret våren 2018.

2.3 Lønsregulering mv. for dei embets- og tenestemenn som ikkje blir dekte av hovudtariffavtala

Kommunal- og moderniseringsdepartementet føreset at lønsreguleringa frå 1. mai 2017 mv. blir gjort gjeldande for alle embets- og tenestemenn, også dei som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalene.

I Innst. 417 S (2015–2016) samtykte Stortinget i at tariffavtalene mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat blei gjort gjeldande for dei uorganiserte arbeidstakarane i staten. Dette vil gjelde ut gjeldande tariffperiode. Kommunal- og moderniseringsdepartementet ber difor om fullmakt til å gjere avtalene mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat, gjeldande for arbeidstakarar som ikkje er medlem av organisasjonar med forhandlingsrett – og som difor ikkje direkte blir omfatta av dei avtaler som er inngått.

Embets- og tenestemenn i stillingar som er tekne ut av hovudtariffavtalane, får sine løns- og arbeidsvilkår administrativt fastsett i kontrakt.