Prop. 143 S (2016–2017)

Endringar i statsbudsjettet 2017 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2017 mv.)

Til innhaldsliste

3 Endringar på statsbudsjettet for 2017

Kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet

Post 01 Driftsutgifter

Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2017, er for tidsrommet 1. mai – 31. desember 2017 rekna ut til 1 012 mill. kroner. Løyvingsanslaget byggjer på lønsmassen i det statlege tariffområdet per 1. oktober 2016, korrigert for verksemder som gikk ut av det statlege tariffområdet 1. januar 2017.

Overslaget omfattar alle tilsette som går inn under hovudtariffavtalane i staten. Meirutgifter som følgje av auka satsar for overtid og arbeidsgivaravgift er medrekna. Vidare er meirutgifter til pensjonspremiebetaling medrekna, jf. innføringa av ein forenkla modell for pensjonspremiebetaling for statlege verksemder omtalt i avsnitt 8.3 i Prop. 1 S (2016–2017) (Gul bok).

Meirutgifter i samband med lønsreguleringane for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og forvaltningsbedrifter blir dekte innafor budsjetta til verksemdene.

Verksemder med arbeidstakarar som får løn administrativt fastsett i kontrakt, må sjølve dekke meirutgifta av lønsregulering innafor eksisterande budsjett.

Etter fråtrekk av det ovanfor nemnde er meirutgiftene rekna til 759 mill. kroner. Etter vanleg praksis blir slike meirutgifter dekte ved at det blir ført opp løyving under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 01 Driftsutgifter, som Finansdepartementet får fullmakt til å fordele.

Kap. 502 Lønsoppgjeret i staten – tariffavtalte avsettingar

Post 71 Tilskot til midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde (OU-midlar)

Departementet foreslår at tilskotet blir auka med om lag 4,4 mill. kroner. Summen er rekna ut med bakgrunn i talet på årsverk og lønsmasse i statleg tariffområde per 1. januar 2017.

Kap. 2309 Tilfeldige utgifter

Post 01 Driftsutgifter

Det er avsett midlar til dekning av meirutgiftene ved lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet mv. Løyvinga under kap. 2309 Tilfeldige utgifter vil bli redusert i samband med proposisjonen om ny saldering av statsbudsjettet 2017 til hausten.