Prop. 144 L (2016–2017)

Endringar i luftfartslova (restriksjonsområde)

Til innhaldsliste

11 Merknader til dei enkelte føresegnene i lovforslaget

Til § 9-1 a Restriksjonsområder:

Første ledd

Samferdselsdepartementet har gjort ei avveging av dei ulike omsyna som gjer seg gjeldande ved utforminga av forskriftsfullmakta. Eit generelt utgangspunkt er etter departementets syn at det særleg i lovvedtak kan vere nødvendig å gi ganske vide forskriftsfullmakter til forvaltinga fordi det kan by på vanskar og vere lite formålstenleg å ta alle detaljføresegner inn i sjølve lovvedtaket.

Første leddet i føresegna presiserer heimelsgrunnlaget og det saklege verkeområdet for oppretting av restriksjonsområde. Føresegna femner både om flytryggingsmessige behov og behov av meir samfunnsmessig karakter. Restriksjonsområde skal som hovudregel opprettast ved at luftfartsmyndigheita (Luftfartstilsynet) fastset det i forskrift. Ved oppretting av restriksjonsområde må behovet for vern vegast opp mot dei ulempene området inneber for dei som bruker luftrommet. Nærmare bestemt må ikkje området gjerast større vertikalt og horisontalt enn det som er påkravd for å unngå samanstøyt mellom luftfartøy eller andre luftfartsulykker, eller for å kunne vareta viktige samfunnsinteresser. Vidare må det ved opprettinga av restriksjonsområde vurderast kva slags lufttrafikk det er nødvendig å halde utanfor området i den aktuelle situasjonen.

Samferdselsdepartementet vil vurdere om det bør fastsetjast ei forskrift om generelle prinsipp og prosedyrar for oppretting av restriksjonsområde. Ei slik forskrift kan fastsetjast med heimel i ny § 9-1 a første ledd i luftfartslova.

Samferdselsdepartementet vil endre forskrift 10. desember 1999 nr. 1273 om delegering av myndigheit til Luftfartstilsynet etter luftfartslova, slik at Luftfartstilsynet får delegert myndigheit også etter ny § 9-1 a.

Annet ledd

Den normale prosedyren med å fastsetje forskrift om oppretting av restriksjonsområde blir for omstendeleg og tidkrevjande når det oppstår akutte og uavklarte militære situasjonar. Samferdselsdepartementet meiner at militær luftfartsmyndigheit bør få ei lovfesta fullmakt til å innføre restriksjonar i luftrommet ved akutte og uavklarte situasjonar. Det blir den militære luftfartsmyndigheita som skal vurdere om situasjonen oppfyller kriteria for oppretting av restriksjonsområde, og denne vurderinga kan ikkje overprøvast av Luftfartstilsynet eller Avinor. Ansvarleg ytar av lufttrafikktenester skal informerast og konsulterast i praktiske spørsmål knytte til restriksjonsområdet, men vil ikkje kunne hindre Forsvaret i å opprette slikt restriksjonsområde som det meiner er nødvendig.

Tredje ledd

Luftfartstilsynet har hovudansvar for tilsynet med norsk luftfart og treng derfor heile tida å vere informert om forhold som får følgjer for brukarane av luftrommet. Luftfartstilsynet skal derfor varslast skriftleg og omgåande i tilfelle der Forsvaret opprettar restriksjonsområde i medhald av andre ledd. Når det gjeld forma på det skriftlege varselet til Luftfartstilsynet, meiner Samferdselsdepartementet at det i første omgang må vere tilstrekkeleg at luftfartsdirektøren eller den som er i hans stad, blir varsla per e-post eller SMS, og at ei fyldigare utgreiing om bakgrunnen for opprettinga av restriksjonsområde blir ettersend.

Til § 13 a-5 nr. 6 Overtredelsesgebyr

Vi foreslår å endre denne føresegna ved at det blir vist til ny § 9-1 a, slik at Luftfartstilsynet kan gi pålegg om gebyr til den som bryt føresegnene om restriksjonsområde.

Til § 14-13 Overtredelse av forskrift etter §§ 9-1, 9-1 a og 9-2

Samferdselsdepartementet har komme til at gjeldande overskrift til luftfartslova § 14-13 er noko misvisande i og med formuleringa «m.v.». Samferdselsdepartementet meiner at det er meir formålstenleg å vise konkret til dei føresegnene i luftfartslova kapittel 9 som er omfatta av § 14-13.

Til forsida