Prop. 144 L (2016–2017)

Endringar i luftfartslova (restriksjonsområde)

Til innhaldsliste

4 Hovudregelen om myndigheit til å opprette restriksjonsområde

4.1 Høyringsforslaget

Eit viktig spørsmål er kven som bør ha myndigheit til å opprette restriksjonsområde i dei ulike tilfella. Det same gjeld kva form vedtak om å opprette restriksjonsområde bør ha. Gjeldande § 9-1 i luftfartslova har vore praktisert slik at Luftfartstilsynet opprettar restriksjonsområde i medhald av denne føresegna ved å fastsetje forskrift. Departementet og Luftfartstilsynet meiner at dette må vere hovudregelen også i ei ny føresegn om restriksjonsområde.

Samferdselsdepartementet meiner at myndigheit til å opprette restriksjonsområde som hovudregel må liggje hos Luftfartstilsynet, då restriksjonsområde i første rekkje får følgjer for brukarane av luftrommet. Likevel ser departementet det som viktig at også restriksjonsområde som har andre formål enn omsynet til flytryggleiken, som hovudregel skal opprettast av Luftfartstilsynet. Som hovudregel gjeld dette òg restriksjonsområde som Forsvaret har behov for å opprette. Samferdselsdepartementets vurderingar av Forsvarets behov for unntak frå ein slik hovudregel er nærmare omtalte i kapittel 7. Eit anna omsyn som departementet meiner taler for at myndigheita bør liggje hos Luftfartstilsynet, er at Luftfartstilsynet behandlar fleire slike saker årleg og dermed har praksis og kompetanse på området. Dersom myndigheita blir lagd til andre organ, kan saksmengda hos desse bli så moderat at det blir utfordrande å opparbeide tilstrekkeleg kompetanse. Luftfartstilsynet har vid forskriftskompetanse etter luftfartslova som følgje av at Samferdselsdepartementet har delegert myndigheit til Luftfartstilsynet på store delar av verkeområdet til luftfartslova. Samferdselsdepartementet vil delegere myndigheit til Luftfartstilsynet også for ny § 9-1 a i luftfartslova. Eit viktig argument som taler for at restriksjonsområde blir oppretta i forskrifts form, er at ein då sikrar føregåande høyring, slik at dei saka gjeld, får høve til å fremje synspunkt og førebu seg.

Samferdselsdepartementet understrekar at Luftfartstilsynet, når det blir bedt om å opprette restriksjonsområde, må vidareføre dagens praksis med dialog med rekvirenten om mellom anna utstrekninga på restriksjonsområdet, anten rekvirenten er Forsvarsdepartementet, Justisdepartementet, KDI, politiet eller andre. På den måten kan ein både tryggje dei omsyna restriksjonsområdet er meinte å vareta, og sikre at konsekvensane for brukarane av luftrommet blir minst mogleg.

4.2 Høyringsinstansane sitt syn

KDI har ytra ønske om at det blir lovfesta særskilt at KDI skal kunne søkje om å få oppretta restriksjonsområde over fengsel.

4.3 Departementet si vurdering

Samferdselsdepartementet har på generelt grunnlag vurdert om ein bør regulere kven som skal ha høve til å be om at det blir oppretta restriksjonsområde, og kva reell prøvingsmyndigheit Luftfartstilsynet bør ha når det får slike oppmodingar. Samferdselsdepartementet meiner at behova for å opprette restriksjonsområde kan vere av mange slag, og at ein derfor bør vere varsam med å avgrense høvet gjennom å fastsetje ei altfor snever gruppe rekvirentar. Samferdselsdepartementet går dessutan ut frå at det er lite sannsynleg at den foreslåtte lovendringa vil medføre særlege endringar i biletet av rekvirentar. Dessutan må ein kunne gå ut frå at dei foreslåtte kriteria i utkastet til lovtekst vil vere med på å avgrense mangfaldet av rekvirentar. Departementet foreslår derfor å ikkje regulere dette i luftfartslova. Samferdselsdepartementet er av den oppfatning at det er meir formålstenleg å seie heilt generelt i lovteksten at oppmodingar om oppretting av restriksjonsområde blir behandla og avgjorde av Luftfartstilsynet. Det blir derfor ikkje lagt opp til å lovfeste særskilt at KDI kan søkje om å få oppretta restriksjonsområde.

Samferdselsdepartementet meiner vidare at det bør vere slik at den som har myndigheit til å opprette restriksjonsområde, òg må ha reelt høve til å vurdere om vilkåra for dette er oppfylte. Det inneber at Luftfartstilsynet òg må kunne avslå å opprette eit restriksjonsområde dersom kriteria i den foreslåtte nye lovføresegna ikkje blir vurderte til å vere oppfylte. Departementet framhevar her at Luftfartstilsynet i dag praktiserer ordninga med restriksjonsområde på ein slik måte at det sjeldan skjer at Luftfartstilsynet avslår å opprette restriksjonsområde når det blir bedt om det. Departementet presiserer at ein med den foreslåtte lovendringa har til formål å regelfeste den gjeldande praksisen, ikkje å endre han.

Luftforsvaret har påpeikt at det kan vere konkurrerande omsyn mellom Forsvaret og Avinor ved oppretting av restriksjonsområde i samband med militærøvingar. Samferdselsdepartementet meiner likevel at slike konkurrerande omsyn sjeldan fører til konflikt, og at Forsvaret har fått oppretta dei restriksjonsområda som er nødvendige for å kunne gjennomføre øvingane på tenleg vis.

Til forsida