Prop. 144 L (2016–2017)

Endringar i luftfartslova (restriksjonsområde)

Til innhaldsliste

7 Forslag i høyringa om at lufthamnoperatørar eller ansvarlege ytarar av lufttrafikktenester skal kunne opprette restriksjonsområde

7.1 Høyringsforslaget

Myndigheit for Avinor eller andre lufthamnoperatørar og ansvarlege ytarar av lufttrafikktenester til å opprette restriksjonsområde var ikkje tema i vurderingane til arbeidsgruppa og var derfor heller ikkje omtalt i høyringsforslaget.

7.2 Høyringsinstansane sitt syn

Avinor peiker i sin høyringsuttale på at erfaringane med akutte situasjonar som følgje av ulykker og større brannar dei seinare åra viser eit udekt behov for å regulere trafikken i ein tidleg fase. Avinor foreslår derfor at heimelen til å opprette restriksjonsområde blir utvida slik at også lufthamnoperatørar og ytarar av lufttrafikktenester kan opprette restriksjonsområde innanfor eit sakleg avgrensa område når det oppstår eit akutt behov. Avinor peiker i den samanhengen på at det i ein akutt fase etter ei ulykke eller ei hending kan vere ein uavklart situasjon med tanke på behovet for å opprette restriksjonar i luftrommet, og at dette kan utgjere ein betydeleg fare. Dersom heimelen blir utvida slik Avinor foreslår, meiner Avinor at omsynet til sikker luftfart kan varetakast til politiet har den nødvendige oversikta over situasjonen. Avinor har vist til at det ofte vil vere anten Avinor AS eller Avinor Flysikring AS som først får varsel om ulykker, hendingar eller andre situasjonar der det er behov for å innføre restriksjonar i luftrommet. Avinor viser vidare til at det i ein akutt fase rett etter ei ulykke eller ei hending ofte vil vere slik at nødvendig luftbistand for politi og redningsarbeid enno ikkje er avklart. Avinor stiller spørsmål ved om politiet alltid vil ha god nok oversikt over situasjonen til å kunne opprette restriksjonsområde, og Avinor foreslår derfor at selskapet får myndigheit til å opprette restriksjonsområde mellombels til politiet har gjort vedtak om regulering av ferdselen i medhald av politilova § 7.

7.3 Departementet si vurdering

Samferdselsdepartementet er samd i at det så raskt som mogleg etter ulykker og liknande må etablerast nødvendige restriksjonar i luftrommet med tanke på redningsarbeid. Departementet er kjent med at det har vore praksis at politiet har spurt Avinor om etablering av restriksjonar i luftrommet etter ulykker. Det blei til dømes gjort etter ulykka på Turøy 29. april 2016. Det er viktig at det raskast mogleg kan etablerast nødvendige restriksjonar i luftrommet etter ulykker og liknande, slik Avinor peiker på. Departementet meiner likevel at det kan skape uklare ansvarsforhold i ein konkret situasjon dersom både Avinor (eller annan lufthamnoperatør eller ansvarleg ytar av lufttrafikktenester) og politiet skal ha høve til å opprette restriksjonsområde. Samferdselsdepartementet meiner òg at oppretting av restriksjonsområde bør vere ei myndigheitsoppgåve, og at det behovet Avinor peiker på, synest å vere godt nok vareteke gjennom politilova § 7. Truleg er det eit meir tenleg verkemiddel for å sikre snarlege vedtak om restriksjonar i luftrommet at Avinor og politiet saman finn fram til gode nok samarbeidsrutinar. I den samanhengen er det òg viktig at politiet raskt rådfører seg med Avinor (eller annan ansvarleg ytar av lufttrafikktenester), slik at restriksjonsområdet får den geografiske og operative utstrekninga som er nødvendig for å unngå samanstøyt mellom luftfartøy eller andre luftfartsulykker. Departementet går ut frå at det kan vere eit forbetringspotensial når det gjeld dialog og samhandling mellom politiet og Avinor ved akutte situasjonar som dei som er beskrivne.

Til forsida