Prop. 150 L (2014–2015)

Endringar i EØS-høringsloven (elektronisk administrativt samarbeid)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for forslaget

EØS-reglane pålegg i aukande grad styresmaktene i EØS-statane å samarbeide med kvarandre. Målet er at samarbeidet skal bidra til ein meir velfungerande og effektiv indre marknad. Slikt administrativt samarbeid kan til dømes gjelde utveksling av informasjon i samband med forvaltning av løyveordningar eller bistand i samband med tilsyn med aktørar som opererer i fleire EØS-statar.

Europakommisjonen utvikla i 2008 eit elektronisk informasjonssystem for den indre marknaden (IMI) for å styrka samarbeidet mellom styresmakter i EØS-statane på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Relevante styresmakter kan med IMI som verktøy effektivt utveksle informasjon om vilkåra for å drive økonomiske og næringsretta aktivitetar i dei respektive EØS-statane.

Europakommisjonen la 21. februar 2011 fram ein strategi1 for å byggje ut og utvikle informasjonssystemet IMI, og forslag til forordning vart framlagt i august same år. Forordninga vart formelt vedteken 25. oktober 2012 og publisert i EU-tidende 14. november 2012 med verknad 20 dagar seinare.

EØS-komiteen vedtok den 30. april 2015 å innlemme Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1024/2012 om IMI-forordninga i EØS-avtalen. Noreg var med på vedtaket med atterhald om samtykke i Stortinget, jf. kgl. res. av 24.04.2015. Utanriksdepartementet fremjar parallelt med dette lovforslaget ein prop. S om samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen. Dersom Stortinget samtykkjer, vil det innebere ei plikt til å gjennomføre forordninga i norsk rett. Etter EØS-avtalen artikkel 103 skal eit vedtak i EØS-komiteen som hovudregel gjennomførast innan utgangen av seks månader etter vedtaket i EØS-komiteen, dvs. innan 30.oktober 2015 i dette tilfellet. Ei uoffisiell norsk omsetting av forordninga er teken inn som vedlegg i denne proposisjonen.

Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1024/2012 om administrativt samarbeid gjennom informasjonssystemet for den indre marknaden (IMI) etablerer eit horisontalt rettsgrunnlag for IMI og fastset felles reglar for einsarta bruk av systemet. Forordninga fastset regelverk for personvern, samstundes som rollene til og kontakten mellom IMI-aktørane blir klargjorte og forenkla. Det blir også lagt til rette for framtidig, utvida bruk av IMI innanfor nye saksfelt.

Fotnotar

1.

KOM(2011) 75 endelig