Prop. 150 L (2014–2015)

Endringar i EØS-høringsloven (elektronisk administrativt samarbeid)

Til innhaldsliste

4 Gjeldande rett

Noreg har vore brukar av IMI frå starten. IMI vart etablert på ulovfesta grunnlag, og har til no fungert ut frå det. Bruken av systemet har såleis vore frivillig. Kommisjonsavgjerd 2008/49/EF om handteringa av personlege opplysningar i IMI har lagt rammene for personvernet ved bruken av systemet. Noreg bidrar til finansieringa av bruk og utvikling av systemet gjennom eit tilskot til EUs budsjett for utvikling og gjennomføring av den indre marknaden.

Tenestedirektivet krev at utkast til reglar om tenester som er omfatta av direktivet blir notifisert. Plikta er teken inn i EØS-høyringslova kapittel VI. Det går fram av lova § 17 at melding om slike reglar skal gå til EFTAs overvakingsorgan (ESA) gjennom departementet. Tidlegare vart slikt regelverk notifisert til ESA ved bruk av e-post frå departementet som IMI-koordinator. Etter ESA sin gjennomgang vart notifiseringa så vidaresend til Europakommisjonen, som igjen sende melding til alle EØS-statane.

Då IMI-forordninga tredde i kraft skulle alle notifiseringar etter tenestedirektivet skje ved bruk av IMI. Forordninga inneber også ei forenkling av notifiseringsordninga etter tenestedirektivet.

I perioden fram til at IMI-forordninga vart innlemma i EØS-avtalen, vart det på eit tidspunkt uklårt om EØS/EFTA-statane kunne ta i bruk modulen for notifiseringar av regelverk etter tenestedirektivet. Europakommisjonen og EØS/EFTA-statane diskuterte dette saman i EFTAs arbeidsgruppe for næringspolitikk og indre marknadssaker. Etter dette møtet gav Europakommisjonen si tilslutning til at EØS/EFTA-statane, på frivillig basis, fekk ta i bruk IMI til notifiseringar utan opphald. ESA kunne likevel ikkje få tilgang til IMI før forordninga var innlemma i EØS-avtalen. Sidan 2012 har difor notifiseringar om endringar i norsk tenesteregelverk vorte sendt to vegar; til ESA per e-post og til Europakommisjonen og resten av EØS-medlemslanda gjennom IMI. Når IMI-forordninga no er gjennomført, skal ESA få tilgang til modulen for tenestenotifisering i IMI, og det inneber ei vidare forenkling av denne administrative prosessen.