Prop. 150 L (2014–2015)

Endringar i EØS-høringsloven (elektronisk administrativt samarbeid)

Til innhaldsliste

7 Departementet sine vurderingar

7.1 Vurdering av forordninga

EØS-avtalen inneber fri rørsle av varer, tenester, kapital og personar mellom dei 28 EU-landa og dei tre EØS/EFTA-landa som utgjer den indre marknaden. Desse landa har ulik administrativ oppbygging, kultur og språk, noko som kan skape utfordringar både for næringslivet, privatpersonar og offentlege styresmakter.

Felles EØS-regelverk blir gjennomført nasjonalt, og det blir ført tilsyn med gjennomføringa i kvart enkelt land. For å sikre at dette arbeidet fungerer godt i heile den indre marknaden, er det viktig med godt samarbeid og effektiv flyt av informasjon mellom styresmaktene, på tvers av landegrensene. IMI er eit elektronisk verktøy som skal sikre slikt effektivt og trygt samarbeid over landegrensene. IMI-forordninga utgjer det rettslege grunnlaget for informasjonssystemet for den indre marknaden (IMI).

Erfaringane med IMI har, sett frå norsk ståstad, vore gode. Godt administrativt arbeid er vesentleg for forvaltninga av den indre marknaden. IMI, slik det fungerer i dag, forenklar sakshandsaminga og reduserer administrative byrder gjennom grenseoverskridande aktivitet for forvaltning, bedrifter og borgarar. Gjennom å nytte IMI vil styresmaktene, og særleg etatane, lettare kunne finne fram til den rette tilsvarande styresmakta i ein annan medlemsstat. Dette inneber at ansvarlege styresmakter raskare kan gjere kvalifiserte vedtak, gje borgarane og bedriftene eit betre tilbod, og dermed føre meir effektiv kontroll og tilsyn. Framtidige utvidingar av bruksområdet til IMI kan bidra til enklare og betre forvaltning på fleire område. Samstundes er det viktig at slike utvidingar er godt funderte og basert på behovsanalyser der positive virkningar for næringslivet og den indre marknaden er tungtvegande omsyn.

IMI inneber også utveksling av personopplysningar, og det reiser seg spørsmål knytt til personvern. Omsynet til den enkelte blir teke vare på gjennom utfyllande reglar om handtering og seinare sletting av personopplysningar. Spørsmål rundt prinsippet om offentleglova har også vore oppe. Bakgrunnen for dette er at det i forslaget var krav om at ei oppmoding frå ein medlemsstat om unntak frå offentlegheit skulle følgjast. Fleire av EUs medlemsland meinte at det var utfordringar knytt til denne regelen. I den felles EØS/EFTA-fråsegna av 12. mars 2012 uttrykte også EØS/EFTA-statane uro for at grunnleggande offentlegrettslege prinsipp kunne bli utfordra dersom denne regelen vart ståande i forordninga. Under voteringa over forordninga i Europaparlamentet vart han difor endra slik at det no er større rom for å undersøkje nærare om det er behov for å unnta eit dokument frå offentleggjering. Departementet meiner at regelen slik han no er formulert kan sameinast med offentleglova.

Gjennom IMI kan styresmaktene finne fram til kvarandre, utveksle informasjon og hjelpe kvarandre gjennom eit felles informasjonssystem. Systemet gir brukarane høve til å lese informasjonen som blir utveksla, på alle offisielle EU-språk. Dette medverkar til å korte ned behandlingstida og er såleis kostnadseffektivt. Vidare vil informasjonsutveksling på tvers av landegrensene i EØS bidra til å kvalitetssikre tenestene. Personvernet for dei som er registrerte i IMI i samband med ei sak, blir sikra gjennom klåre personvernreglar nedfelt i sjølve forordninga og i supplerande personvernregelverk. Departementet meiner at forordninga er eit viktig bidrag til å styrke den indre marknaden, og særleg den europeiske tenestesektoren vil vere tent med at det administrative samarbeidet mellom medlemsstatane blir betre.

IMI blir i dag nytta til samarbeid mellom tilsynsstyresmaktene i EØS om gjennomføringa av yrkeskvalifikasjonsdirektivet, tenestedirektivet, utsendingsdirektivet, e-handelsdirektivet, lokførarbevisdirektivet og pasientrettardirektivet. SOLVIT nyttar systemet for saksgangen der. Europakommisjonen meiner at det seinare vil vere aktuelt å bruke IMI til samarbeid om anna EØS-regelverk. For EØS/EFTA-statane er IMI enno ikkje teke i bruk for direktivet om pasientrettar. Årsaka er at direktivet ikkje har vore innlemma i EØS-avtalen. Så snart dette er på plass vil EØS/EFTA-statane nytte IMI på lik linje med EU-statane på dette området.

Til no har Noreg nytta IMI på dei områda som systemet vart utvikla for før IMI-forordninga kom til i 2012. Norsk tilgang til modulen i IMI om notifiseringar av regelverk etter tenestedirektivet kravde ein overeinskomst mellom EØS/EFTA-statane og Europakommisjonen.

Slik det er gjort nærare greie for under kapittel 4 om gjeldande rett, kan ESA først få tilgang til IMI for tenestenotifiseringane når forordninga no er ein del av EØS-avtalen. Av EØS-avtalen Protokoll 1 om gjennomgåande tilpassing, punkt 4, følgjer at når ein av EU sine medlemsstatar skal sende opplysningar til Europakommisjonen, skal ein EFTA-stat sende slike opplysningar til ESA. Europakommisjonen og ESA skal vidare utveksle opplysningar dei har mottatt frå EU sine medlemsstatar eller frå EFTA-statane. Dette inneber at ESA, i tillegg til Europakommisjonen, skal ha brukartilgang til IMI. Så lenge IMI-forordninga ikkje har vore inkorporert i EØS-avtalen, mangla likevel det rettslege grunnlaget for å gi ESA slik tilgang. I det noverande, uformelle systemet, sender difor departementet notifikasjonane, etter tenestedirektivets føresegner, som e-post til ESA før publisering. ESA har ikkje tilgang til EU-medlemsstatane sine notifiseringar, og får såleis ikkje det naudsynte overblikket for å kunne vurdere notifiseringar frå EØS/EFTA-landa i forhold til EU-landa sine notifiseringar. Prinsippet om homogenitet mellom EU-pilaren og EØS/EFTA-pilaren tilseier såleis at ESA bør ha tilgang til IMI.

Når IMI-forordninga er innført i norsk rett vil vi ha eit godt juridisk grunnlag for å bruke og vidareutvikle IMI. Departementet meiner at IMI får den indre marknaden til å fungere betre, og vår aktive deltaking i IMI har til no fungert godt. Vidare meiner departementet at det er viktig å leggje til rette for at ESA får tilgang til IMI på område der dette er naudsynt.

Den norske legeforening er urolege for at krinsen som har tilgang til personopplysningar vil bli utvida etter kvart som IMI blir utvida og nytta på nye område for administrativt samarbeid. Ein IMI-aktør får berre tilgang til den eller dei modulane i systemet som aktøren har behov for ut frå sine ansvarsområde. Departementet vil vidare understreke at det berre er ein saksbehandlar i den enkelte saka som får tilgang til personopplysningane som blir registrerte. Utviding av IMI til nye saksfelt vil såleis ikkje gi fleire personar tilgang til personopplysningane i ei enkelt sak. IMI-forordninga artikkel 14 slår fast at personopplysningar i IMI skal blokkerast så snart dei ikkje er naudsynte for det formålet dei vart innsamla til. Det går her fram at opplysningane berre skal nyttast i den enkelte saka. Samstundes fastset forordninga ei maksimumsgrense på 18 månader for lagring av opplysningar etter den formelle avslutninga av ein sak. Dette må også sjåast i samanheng med artikkel 19 som gir den registrerte rett til innsyn, retting og sletting av opplysningar. Departementet meiner at personvernreglane i IMI-forordninga tar vare på rettane til den registrerte på ein tilfredsstillande måte.

7.2 Om den lovtekniske gjennomføringa

I EU gjeld forordninger direkte i medlemsstatane straks dei er vedtekne på EU-nivå. Sidan EØS-avtalen ikkje inneber overføring av lovgjevingsmyndigheit til fellesskapsorgana, må regelverket gjennomførast i nasjonal rett. Det følgjer av artikkel 7 i EØS-avtalen at gjennomføringsplikta gjeld rettsakter som er «omhandlet i eller inntatt i vedlegg til denne avtale eller i EØS-komiteens vedtak». Ei forordning som er innlemma i EØS-avtalen, skal såleis gjerast til ein del av den interne rettsorden. Etter artikkel 7 bokstav a skal ei forordning «som sådan gjøres til del av avtalepartenes interne rettsorden». Dette inneber at forordninga skal gjennomførast ved inkorporasjon. Inkorporasjon inneber at ein vedtek ei lov- eller forskriftsføresegn som fastset at forordninga i EØS-tilpassa form skal gjelde direkte i norsk rett. Dette tek vare på omsynet til rettseinskap.

Departementet legg til grunn at det ikkje ligg føre heimel i gjeldande norsk rett for å gjennomføre forordning (EU) nr. 1024/2012. Departementet har vurdert ulike gjennomføringsmåtar for forordninga. Å implementere forordninga i eiga lov synest ikkje formålstenleg. Direktoratet for byggkvalitet foreslår at tenestelova blir vurdert som eit alternativ til EØS-høyringslova for implementering av IMI-forordninga. IMI er eit verktøy for elektronisk administrativt samarbeid som femner vidare enn virkeområdet til lov om tenester. Lova eignar seg etter departementet sitt syn såleis ikkje som heimelslov til gjennomføring av IMI-forordninga.

Etter departementet si vurdering synest det formålstenleg å implementere forordninga i EØS-høyringslova. Denne lova regulerer ulike administrative prosessar knytte til EØS-samarbeidet. EØS-høyringslova gjev i dag ikkje departementet heimel til å vedta forskrift som gjennomfører IMI-forordninga i norsk rett. Etter departementet si vurdering ligg det likevel til rette for å omstrukturere EØS-høyringslova slik at ho gjev heimel til å gjennomføre IMI-forordninga. Det er gjort nærare greie for dei konkrete endringsforslaga i merknader til føresegner i lovutkastet.

Departementet syner elles til at høyringsinstansane i begge høyringsrundane i all hovudsak har vore positive til forslaget. Departementet held difor fast på forslaget i høyringsnotatet om å endre EØS-høyringslova. Sidan forordninga allereie har tredd i kraft i EU, foreslår departementet at lovendringa trer i kraft straks.