Prop. 150 L (2014–2015)

Endringar i EØS-høringsloven (elektronisk administrativt samarbeid)

Til innhaldsliste

8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Innføring og gjennomføring av forordninga er ikkje venta å ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar. Forordninga inneber ei vidareføring av det eksisterande europeiske informasjonssystemet for den indre marknaden. Eventuelle auka utgifter knytt til plikter i forordninga kan dekkast innanfor dei gjeldande rammene til dei fagansvarlege departementa. Fleire av føresegnene i forordninga er retta mot Europakommisjonen. Desse føresegnene vil ikkje ha administrative eller økonomiske konsekvensar i Noreg.