Prop. 17 S (2019–2020)

Endringar i statsbudsjettet 2019 under Utanriksdepartementet

Til innhaldsliste

2 Programområde 02 Utanriksforvaltning

Kap. 100 Utanriksdepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Inntektene frå EUs indre sikkerheitsfond (ISF) aukar i 2019, jf. omtale under Justis- og beredskapsdepartementet, Prop. 114 S (2018–2019), Innst. 391 S (2018–2019). Gjennom fondsperioden har det vore forventa at Noreg tek i mot om lag 14,3 mill. euro i refusjon frå fondet, jf. omtale i Prop. 1 S (2018–2019) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Utanriksdepartementet har sidan 2016 hatt ei auka driftsløyving på 3,7 mill. kroner under kap. 100, post 01 knytt til aktivitetar som fremjar auka kvalitet, effektivitet og tilgjengelegheit i visumarbeidet.

Vedtaket om ei tilleggstildeling på 1,65 mill. kroner til UD for 2019 vart avgjort av ISF-komiteen 30. mai 2018. Denne tildelinga vart ikkje med i Prop. 1 S (2018–2019) for Utanriksdepartementet og blir difor foreslått innarbeidd no.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 1,65 mill. kroner.

Post 71 Hjelp til norske borgarar i utlandet

I juni i år vart fem foreldrelause, norske born henta heim frå Syria. Arbeidet med saka, som vart leia av Utanriksdepartementet, har ført til uventa utgifter i år for Utanriksdepartementet, til arbeidet med saka og transport til Noreg.

Utgangspunktet for all konsulær bistand er at den enkelte norske borgar dekkjer sine utgifter. Dette har ikkje vore aktuelt i denne saka. Av omsyn til bornas liv og helse vart eit fly rekvirert gjennom Forsvaret for transport til Noreg. Dette kosta 1,8 mill. kroner.

Løyvinga på posten utgjer 184 000 kroner for 2019. Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 1,8 mill. kroner for dekking av utgiftene til leige av fly.

Kap. 116 Internasjonale organisasjonar

Post 70 Pliktige bidrag

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 42,2 mill. kroner.

Reduksjonen har i hovudsak samanheng med mindre utgifter til FN sine fredsbevarande operasjonar. I 2019-budsjettet vart det lagt til grunn at Noreg skulle betale 0,849 pst. av utgiftene for FN sine fredsbevarande operasjonar. Denne faktoren vart vedtatt redusert til 0,754 pst. av FN sin budsjettkomité. Samstundes presser fleire medlemsland på for kutt i kostnadane, noko ein også i år har lukkast med. Det er kombinasjonen av den endra fordelingsnykelen og det pågåande arbeidet med å kutte kostnadane som gjer at løyvinga kan reduserast. I tillegg er det nokre mindre justeringar pga. endra valutakursar m.m.

Kap. 117 EØS-finansieringsordningane

Post 77 EØS-finansieringsordninga 2014–2021, kan overførast

Post 78 Den norske finansieringsordninga 2014–2021, kan overførast

Nye prognosar frå sekretariatet for EØS-finansieringsordningane i Brussel (Financial Mechanism Office, FMO), viser lågare utbetalingar enn tidlegare budsjettert for i år.

Utanriksdepartementet har forhandla fram og underteikna rammeavtalar med 14 av 15 land. Avtalen med Ungarn er ikkje ferdigforhandla. Alle mottakarland, med unnatak av Ungarn, er no i ein utviklings- og oppstartsfase av program og prosjekt.

Forseinkingar i implementering og oppstart fører til reduserte behov på program- og prosjektnivå. Prognosane byggjer på innmelde behov frå mottakarlanda og desse byggjer ofte på til dels urealistiske ambisjonar frå landa. Dette er eit problem som ofte er drøfta i gjevarlandskomiteen (Financial Mechanism Committee – FMC), og blir fylgd opp av gjevarane og FMO under årsmøta med det enkelte landet.

Utanriksdepartementet legg til grunn at avsluttande løyving for finansieringsordningane 2014–2021 vil vere i 2025. Utbetalingane under ordningane er normalt låge i starten, men vil auke framover og sannsynlegvis nå ein topp i 2021.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga på post 77 EØS-finansieringsordninga 2014–2021 med 360 mill. kroner og løyvinga på post 78 Den norske finansieringsordninga 2014–2021 med 380 mill. kroner.

Til forsida