Prop. 17 S (2019–2020)

Endringar i statsbudsjettet 2019 under Utanriksdepartementet

Til innhaldsliste

3 Programområde 03 Internasjonal bistand

Kap. 140 Utanriksdepartementet

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Det er noko mindre behov for midlar til tenestekjøp i 2019 enn tidlegare budsjettert.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 15 mill. kroner.

Kap. 150 Humanitær bistand

Post 70 Naudhjelp og humanitær bistand, kan overførast

Talet på folk med behov for assistanse og vern er vedvarande høgt. Mange, store og langvarige kriser fører til at svært mange menneske er på flukt. Mange av dei er internt fordrivne. Finansieringsgapet mellom humanitære behov og tilgjengelege ressursar er stort. Det blir difor foreslått auka støtte. Aktuelle kanalar for finansiering vil vere Den Internasjonale Raude Kross-komiteen og FN.

Det blir gjort framlegg om å auka løyvinga med 26,9 mill. kroner.

Kap. 151 Fred, tryggleik og globalt samarbeid

Post 72 Sårbare statar og regionar, kan overførast

Det er eit stort behov for auka støtte til gjenoppbygging og stabilisering i dei frigjorde områda i Irak slik at internflyktningar skal kunne returnere og slik at ISIL ikkje skal vinne att fotfeste.

Det blir difor foreslått å auka støtta til FN sitt stabiliseringsfond for Irak. Fondet finansierar m.a. tiltak for å stimulere lokalt næringsliv og gjenoppbygging av bustadar og grunnleggjande infrastruktur som til dømes energiforsyning og helsetilbod. Opphaveleg planlagt støtte til FN sitt stabiliseringsfond for Irak var 75 mill. kroner i 2019.

Det blir gjort framlegg om å auka løyvinga med 25 mill. kroner.

Post 74 Pliktige bidrag til FN-organisasjonar m.m., kan overførast

Løyvinga på posten dekkjer bistandsdelen av kontingentar i internasjonale organisasjonar Noreg er medlem i, jf. omtale under kap. 116, post 70 ovanfor. Utgiftene til pliktige bidrag for nokre av organisasjonane blir lågare enn budsjettert i år. Reduksjonen har i hovudsak samanheng med mindre utgifter til FN sine fredsbevarande operasjonar.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 20 mill. kroner.

Kap. 159 Regionløyvingar

Post 75 Afrika, kan overførast

Regjeringa foreslår å gje 10 mill. kroner til Verdsbanken sitt fleirgjevarfond for støtte til valutareform i Somalia og 10 mill. kroner til gjennomføringa av fredsavtalen i Den sentralafrikanske republikken, som m.a. omfattar støtte til valprosessen.

Det blir gjort framlegg om å auka løyvinga på posten med 20 mill. kroner.

Kap. 160 Helse

Post 70 Helse, kan overførast

Vaksinealliansen Gavi vart etablert i 2000 og har til no bidrege med vaksinasjon av 700 millionar born, og forhindra over 10 millionar dødsfall. Noreg har vore ein sentral samarbeidspartnar og gjevar til Gavi. Gavi er den største mottakaren av støtte frå denne budsjettposten med totalt 6,25 mrd. kroner for perioden 2016–2020. Norsk støtte utgjer om lag 10 pst. av Gavi sine ressursar.

Regjeringa ser på Gavi som ein effektiv kanal for å redusere barnedødelegheit, for universell helsehjelp, global helsetryggleik og for fattigdomsreduksjon, og foreslår å auka støtta med 50,8 mill. kroner i år.

I tillegg til støtte til Gavi blir det foreslått 10 mill. kroner i auka støtte til menneske med funksjonsnedsetjing. Desse midlane vil bli lagt til satsinga på 37 mill. kroner til WHO sitt arbeid med hjelp til personar med funksjonsnedsetjing i år. Behova er store, og WHO kan nyttiggjere seg av 10 mill. kroner ekstra i år.

Det blir gjort framlegg om å auka løyvinga på posten med 60,8 mill. kroner.

Post 72 FNs aidsprogram (UNAIDS), kan overførast

UNAIDS er ein viktig organisasjon for å motverke hiv og aids i Afrika, noko som også fell saman med Regjeringa sitt auka fokus på Afrika sør for Sahara. Organisasjonen sitt budsjett for 2019 er redusert frå tidlegare år, og har ei underfinansiering på 25 pst. Regjeringa foreslår ei ekstra tildeling til UNAIDS på 10 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om å auka løyvinga på posten med 10 mill. kroner.

Kap. 161 Utdanning, forsking og fagleg samarbeid

Post 70 Utdanning, kan overførast

Regjeringa gjer framlegg om auka støtte til Education Cannot Wait (ECW). Ifylgje ECW lever det 75 millionar born og unge i område ramma av krise og konflikt med behov for støtte til utdanning. ECW har som mål å mobilisere USD 1,8 mrd. til utdanning i krise og konflikt innan 2021.

Noreg bidrog med 188 mill. kroner i perioden 2016–2018 og har lova å støtte fondet med 500 mill. kroner i perioden 2019–2022. Den norske lovnaden strekkjer seg eitt år utover perioden for ECWs eige finansieringsmål. Auka støtte i 2019 vil bidra til at ECWs finansieringsmål kan bli nådd innan 2021, og at fleire born og unge får tilgang på utdanning av god kvalitet. Utdanning i krise og konflikt er høgt prioritert i Regjeringa si globale utdanningssatsing.

Det blir gjort framlegg om å auka løyvinga med 20 mill. kroner.

Post 72 Kunnskapsbanken og fagleg samarbeid, kan overførast

Grunna forseinka framdrift i enkelte prosjekt og program under Kunnskapsbanken blir det foreslått omprioritering av ledige midlar.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 18 mill. kroner.

Kap. 162 Næringsutvikling, landbruk og fornybar energi

Post 70 Næringsutvikling og handel, kan overførast

Grunna forseinka framdrift i enkelte prosjekt blir det foreslått å omprioritere ledige midlar til Norfund, jf. omtale nedanfor.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 20 mill. kroner.

Norfund

Post 75 Norfund – tapsavsetjing

Post 95 Norfund – grunnfondskapital ved investeringar i utviklingsland

Det blir foreslått auka løyvingar til Norfund. Dette vil bidra til realisering av Norfund sin strategi (2019–2022), som mellom anna har som mål å styrke investeringane i dei minst utvikla landa.

Det blir gjort framlegg om å auka løyvinga på post 75 (tapsavsetjing) med 7,5 mill. kroner og post 95 (grunnfondskapital) med 22,5 mill. kroner.

Kap. 163 Klima, miljø og hav

Post 70 Miljø og klima, kan overførast

Regjeringa vil styrkje innsatsen for klimatilpassing og førebygging av naturkatastrofar og hungersnaud.

Det blir foreslått auka støtte til FN sitt organ for katastrofeførebygging (UNDRR) med 5 mill. kroner, og Verdsbanken sin globale fasilitet for katastrofereduksjon (Global Facility for Disaster Reduction and Recovery – GFDRR) med 5 mill. kroner. Begge organisasjonane har behov for midlar til aktivitetane sine i 2019. Vidare blir det foreslått 90 mill. kroner i tilskot til Klimakonvensjonen sitt tilpassingsfond.

Det blir gjort framlegg om å auka løyvinga på posten med 100 mill. kroner.

Post 71 Hav og marin forsøpling, kan overførast

Det er for 2019 budsjettert med 400 mill. kroner til oppfølging av ambisjonen om 1,6 mrd. kroner til eit fleirårig program mot marin forsøpling over fireårsperioden 2019–2022. Det viser seg å ta tid å setje opp eit nytt program og identifisere relevante samarbeidspartnarar og prosjekt. Grunna seinare framdrift enn først rekna med blir det foreslått at ledige midlar i år blir omprioriterte til andre tiltak på bistandsbudsjettet.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 120 mill. kroner.

Kap. 179 Flyktningtiltak i Noreg

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Nye overslag frå Justis- og beredskapsdepartementet (JD), Kunnskapsdepartementet (KD) og Barne- og familiedepartementet (BFD) tilseier 99,6 mill. kroner lågare ODA-godkjende flyktningutgifter enn tidlegare budsjettert for 2019. Det blir i denne samanhengen vist til nærmare omtale i budsjettproposisjonane til dei respektive departementa.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 99,6 mill. kroner.

Andre saker

Garantiordning for fornybar energi

Stortinget bad Regjeringa gjennom vedtak nr. 80 (2018–2019) om å utgreie ulike modellar for, og komme tilbake med ei vurdering av, ei garantiordning for fornybar energi i utviklingsland.

Regjeringa forslår at det ikkje skal etablerast eit nytt norsk garantiinstrument, men at det heller skal gjennomførast ei satsing på garantiar for fornybar energi gjennom styrking av og samarbeid med eksisterande garantiinstitusjonar.

For å kunne gjere utbetalingar til garantiordningar for fornybar energi i 2019 blir det i denne proposisjonen foreslått følgjande romartalsfullmakt frå Stortinget:

«Stortinget samtykker i at Utanriksdepartementet blir gjeve unnatak frå stortingsvedtak av 8. november 1984 om utbetaling av gjevne løyvingar på følgjande måte: Utbetalingar av samla tilskot på inntil 300 mill. kroner til garantiinstrument for fornybar energi i utviklingsland kan skje i samsvar med regelverket til den enkelte garantiinstitusjonen.»

Norsk tilslutning til betalingsmekanisme for Iran (INSTEX)

Noreg vil slutte seg til betalingsmekanismen som er oppretta for Iran (INSTEX). Dersom utbetalinga skjer i 2019, vil dette bli utgiftsført på kap. 159 Regionløyvingar, post 70 Midtausten og Nord-Afrika og rapportert i kapitalrekneskapen. Dersom utbetalinga skjer først tidleg i 2020, vil den bli utgiftsført på same kapittel og post og Regjeringa vil orientere Stortinget om saka i samband med RNB 2020.

Til forsida