Prop. 19 S (2021–2022)

Endringar i statsbudsjettet 2021 under Forsvarsdepartementet

Til innhaldsliste

7 Til informasjon

Forsvarsbygg gjennomførte sumaren 2021 hogst i Trandumskogen, eit freda område med viktige kulturminner frå andre verdskrig. Omfanget av hogsten og bruk av hogstmaskinar skapte sterke reaksjonar, og tiltaket blei meldt til Politiet av Viken fylkeskommune og Ullensaker kommune. Forsvarsdepartementet har mottatt rapport frå undersøkingskommisjonen som departementet sette ned etter Forsvarsbyggs inngrep. Hovudkonklusjonen er at manglar i Forsvarsbyggs rutinar og prosedyrar og manglande etterleving av etablerte prosedyrar er årsak til hendinga. Det leda til mangelfull samhandling mellom ulike spesialistmiljø i Forsvarsbygg, ein samhandling som normalt ville fanga opp dei spesielle omsyna som gjeld Trandumskogen.

Kommisjonen understreker i sin rapport at ingen av dei involverte i hendinga har ønskt å handle i strid med kulturminne-, naturvern- eller miljøvernkrav, eller hatt manglande motivasjon for å innrette tiltaka i tråd med disse krava.

Departementet har gitt Forsvarsbygg i oppdrag å gjennomføre ein total gjennomgang av etatens kvalitetssystem rundt rutinar og prosedyrar. Forsvarsbygg skal både setje i gong tiltak på bakgrunn av kommisjonens anbefaling og som resultat av eigen gjennomgang.

Til forsida