Prop. 26 S (2019–2020)

Endringar i statsbudsjettet 2019 under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

3 Bruk av fullmakter under petroleumsverksemda

Som ein del av den årlege behandlinga av statsbudsjettet gir Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet knytt til petroleumsverksemda.

Nedanfor gjer Olje- og energidepartementet greie for bruk av desse fullmaktene sidan førre rapportering.

3.1 Utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel

Stortinget har samtykt i at Olje- og energidepartementet kan godkjenne prosjekt (planar for utbygging/anlegg og drift) på norsk kontinentalsokkel under følgjande føresetnader (jf. fullmakt XIV i Prop. 1 S (2018–2019)):

  1. Prosjektet må ikkje ha prinsipielle eller samfunnsvise sider av betydning.

  2. Øvre grense for dei samla investeringane per prosjekt utgjer 20 mrd. kroner.

  3. Kvart enkelt prosjekt må vise akseptabel samfunnsøkonomisk lønsemd og vere rimeleg robust mot endringar i prisutviklinga for olje og naturgass.

Fullmakta har blitt nytta ved følgjande høve1:

Troll fase 3

Departementet tok 3. juli 2018 i mot søknad om godkjenning av endra plan for utbygging og drift (PUD) for Troll fase 3. Trollfeltet er bygd ut i fasar, og fase 3 gjeld utvinning av gassen i Troll Vest. Den valde utbyggingsløysinga er ei undervassutbygging med to havbotnrammer og åtte gassbrønnar kopla opp til Troll A-plattforma. Brønnstraumen blir ført til Troll A gjennom ei ny røyrleidning for vidare kompresjon og eksport gjennom eksisterande infrastruktur. Produksjonsstart er i PUD venta i 2021. Rettshavarar er Equinor Energy AS (operatør, 30,58 prosent), Petoro AS (56 prosent), A/S Norske Shell (8,1 prosent), Total E&P Norge AS (3,69 prosent) og ConocoPhillips Skandinavia AS (1,62 prosent).

Dei totale investeringane er i endra PUD anslått til 7,8 mrd. kroner.

Endra PUD vart godkjent av Olje- og energidepartementet 7. desember 2018.

Gullfaks Shetland/Lista fase 2

Departementet tok 15. januar 2019 i mot søknad om godkjenning av endra plan for utbygging og drift (PUD) for Gullfaksfeltet for vidareutviklingsprosjektet Shetland/Lista fase 2. Prosjektet skal auke utvinninga i Gullfaksområdet ved å bore sju nye brønnar for produksjon og injeksjon av vatn. Siste brønn er planlagt bora i andre kvartal 2022. Rettshavarar er Equinor Energy AS (operatør, 51 prosent), Petoro AS (30 prosent) og OMV (Norge) AS (19 prosent).

Dei totale investeringane er i endra PUD anslått til 2,2 mrd. kroner.

Endra PUD vart godkjent av Olje- og energidepartementet 14. juni 2019.

Solveig

Departementet tok 27. mars 2019 i mot søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift (PUD) for Solveig. Solveig er planlagt utbygd som ei undervassutbygging med fem brønnar knytt opp mot Edvard Grieg-plattforma. Venta produksjonsstart er i første kvartal 2021. Rettshavarar er Lundin Norway AS (operatør, 65 prosent), OMV (Norge) AS (20 prosent) og Wintershall Norge AS (15 prosent).

Dei totale investeringane er i PUD anslått til 6,5 mrd. kroner.

PUD for Solveig vart godkjent av Olje- og energidepartementet 26. juni 2019.

Duva

Departementet tok 22. februar 2019 i mot søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift (PUD) for Duva. Duva er planlagt utbygd som ei undervassutbygging med ein havbotnramme og tre brønnar knytt opp mot Gjøa-plattforma. Venta produksjonsstart er fjerde kvartal 2020. Rettshavarar er Neptune Energy Norge AS (operatør, 30 prosent), Idemitsu Petroleum Norge AS (30 prosent), Pandion Energy AS (20 prosent) og PGNiG Upstream Norway AS (20 prosent).

Dei totale investeringane er i PUD anslått til 5,5 mrd. kroner.

PUD for Duva vart godkjent av Olje- og energidepartementet 27. juni 2019.

Tor II

Departementet tok 1. juli 2019 i mot søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift (PUD) for Tor II. Tor-feltet er planlagt reutvikla med to havbotnrammer og åtte brønnar knytte opp til Ekofisk. Venta produksjonsstart er fjerde kvartal 2020. Rettshavarar er ConocoPhillips (operatør, 30,66 prosent), Total (48,20 prosent), Vår Energi (10,82 prosent), Equinor (6,64 prosent) og Petoro (3,69 prosent).

Dei totale investeringane er i PUD anslått til 6,1 mrd. kroner.

PUD for Tor II vart godkjent av Olje- og energidepartementet 14. november 2019.

3.2 Overdraging og samordning av delar i utvinningsløyve

Olje- og energidepartementet godkjente 6. mars 2019 at Petoro på vegne av staten ved SDØE deltok i ei forenkla samordning mellom utvinningsløyva 435 og 211, jf. fullmakt XII punkt 2 i Prop. 1 S (2018–2019). Samordning av Dvalinområdet gjennom utjamning av deltakardelane i dei to utvinningsløyva er nødvendig før ressurspotensialet kan avklarast gjennom ein leitebrønn på Dvalin Nord. Petoro er rettshavar med ein deltakardel på 35 prosent i utvinningsløyva 435 og 211.

Fotnotar

1.

Til og med oktober 2019.
Til forsida